UFRIDOM: Eg er så jævla lei av muslimar som kjem til eitt av dei mest likestilte og liberale samfunna i verda og så insisterer på at kvinner skal leve i ufridom som i svartaste middelalderen, skriver Jarl Wåge. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
UFRIDOM: Eg er så jævla lei av muslimar som kjem til eitt av dei mest likestilte og liberale samfunna i verda og så insisterer på at kvinner skal leve i ufridom som i svartaste middelalderen, skriver Jarl Wåge. Foto: Lise Åserud / NTB scanpixVis mer

Spaltist:

Eg er så jævla lei

Ja, då. Eg veit. Eg må passe språket mitt. Mor mi hadde bede meg vaske munnen min med såpe. Men «jævla» er altså kor lei eg er.

Meninger

Av muslimar som vågar liv og helse på flukt frå krig og undertrykkjing, som kjem til eitt av dei mest likestilte og liberale samfunna i verda og så insisterer på at kvinner skal leve i ufridom som i svartaste middelalderen.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Av skamkultur (Ikkje prøv å snakke om ære med meg når det kjem til å ta livet av familiemedlem.) som nokon framleis let styre og dominere tilveret. Som i verste fall kan resultere i barbariske skamdrap om nokon i familien går i utakt. Om nokon skulle finne på å la seg påvirke av den vestlege kulturen dei lever i. Om dei skulle våge å elske den dei vil.

Av at foreldre sender ungdom attende til Pakistan for å avvestifisere dei. Tvingar dei inn i fengselsliknande regime for å debriefe dei og få dei attende i folden. Av foreldre som trugar ungar som går eigne vegar, så dei må gå under jorda og skifte identitet for ikkje å bli tatt av dage.

Av at nokre kvinner som kjem hit aldri lærer seg norsk, tar utdanning eller kan konkurrere om ledige jobbar fordi dei er fullstendig ukvalifiserte. Av myndigheiter som kastar kontantstøtte etter dei så dei har råd å vere heime når barna er små. Av at barna difor stiller med handikapp når dei skal på skulen fordi dei manglar grunnleggjande kunnskap.

Av somalske foreldre som sender ungane sine på skule i Somalia fordi dei foraktar våre vestlege verdiar. Om landet er trygt nok til å sende attende dit dei kjæraste dei har, kan ein pinadø lure på kvifor dei i det heile tatt flykta? Kvifor dei valde å komme til eit land med ein kultur og eit levesett dei mislikar?

Av muslimar som insisterer på at det ikkje finst homofile blant dei. Av imamar som lirer av seg at homofile skal steinast til døde. Av at mange tar med seg homofobien frå der dei kjem og dyrkar han vidare her i landet. Av at vaksne, homofile muslimar aldri tør komme ut av skapet fordi dei er livredde for at det helsikes moralpolitiet og skamregimet skal ta knekken på dei. Av at mine homofile, muslimske vener ikkje tør vise seg ute med meg fordi nokon kan sjå oss og skjønne samanhengen.

Av at nokon på død og liv må framstille guden sin som ond, full av hat, forakt og hemnlyst.

Ingen kan endre seg over natta. Vi kan ikkje forvente at kvinner som kanskje er analfabetar og fullstendig ukjende med feministisk tankegang, plutseleg skal vere frigjorde kvinnesakskvinner. Norske kvinner har brukt 150 år på å kjempe fram likestillinga dei har i dag.

Folk som kjem hit med homofobi i ryggraden blir ikkje brått homoaktivistar. Homofile i Noreg har trass alt sloss i over 60 år for trygt å kunne bryte ut av skapet. Men det må pokker meg vere muleg å fjerne skylappane, opne auga og i alle fall nærme seg det 21. århundret.

Eg er så jævla lei av blåbrune på ytterste høgre flanke som fordomsfullt skjær alle muslimar over ein kam. Som snakkar om heile bunten som kvinneundertrykkjarar, homofobar, valdteksmenn og potensielle terrorristar.

Av dei mørkaste blå som er så rørande opptekne av likestilling for muslimske kvinner. The great pretenders, ulvar i bestemorklede, som ikkje høyrer korleis det singlar i glas når dei samstundes ynskjer seg eit muslimfritt Noreg og «send dei attende dit dei kjem i frå».

Av dei som skriv i kommentarfelt når asylsøkarar druknar i Seljordvatnet, at dei skulle ønskje det skjedde med mange fleire. Aller mest absurd blir det når muslimske kvinnar blir tydelege og modige samfunnsdebattantar. Då gjallar det i blåbrune fb-grupper frå «muslimkvinneforsvararar»: «Drep apetryna. Send dei attende dit dei kom i frå, dei støgge sotrøra. Skulle ha valdteke dei, men vil ikkje skitne til den kvite pikken min.»

Av at dei same menneska gret krokodilletårer for muslimske homofile som ikkje tør å leve som homofile. Av at det sydar av homohat i blåbrune fb-grupper med utsagn som: «Gje bøgdjevelen ei kule i skallen. Send han heim i ein grisebinge med svoltne grisar. Lat dei rævpule kvarandre så driten skvett oppover veggane.» Av at nokre av dei marsjerer og skal knuse «homolobbyen».

Av at desse «forkjemparane for muslimske homofile» heiar på politikarar som alltid har stemt imot tiltak som skal styrke homofile sine rettar: Avkriminalisering, partnarskapslov, ekteskapslov, homofile sin rett til å adoptere barn. Det er mellom andre deira politikarar som påstår at ekteskap bare er mellom mann og kvinne og at homoar ikkje eignar seg til å oppdra barn

Av at desse hatarane påstår at dei kjempar for kristne verdiar. Av at dei trur det står i Bibelen at du skal hate din neste som du elskar deg sjølv. Av at dei ikkje er i stand til å lære av historien. Av at dei ikkje forstår at muslimhatet deira til forveksling liknar høgreekstremt jødehat.

Av at nokon på død og liv skal framstille guden sin som ond, full av hat, forakt og hemnlyst.

Eg er så jævla lei. Av ondskap og dumskap og sneversyn og fordommar og menneskeforakt og hat. Vi må klare å skjerpe oss. For pokker.

Sånn. Då skal eg vaske munnen min med såpe.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook