Frp:

Eg er visst ein av dei humørlause

Eg har prøvd å le av «knuse disse jævla sosialistene». Latteren set seg fast i halsen.

Dagen derpå: Statsråder og delegater på Frps landsmøtet Gardermoen søndag, dagen derpå Siv Jensens utsagn om «disse jævla sosialistene.»
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Dagen derpå: Statsråder og delegater på Frps landsmøtet Gardermoen søndag, dagen derpå Siv Jensens utsagn om «disse jævla sosialistene.» Foto: Lise Åserud / NTB scanpixVis mer
Meninger

Å lage sang på «Internasjonalen» er pinadø ikkje lett. Fyrste linja gjekk greit. Der passa det med talet på stavingar så det absolutt blei songbart: «Opp alle jordas krenka sjeler.» Andre verselinje òg: «Opp dei som Jensen knuga har.» Men så blei det full skjæring og konfirmasjonssongtilpassingsnivå.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Kvifor må FrP på død og liv leggje landsmøta sine til Gardermoen? Kvifor ikkje til Valer? Då kunne ein ha sunge: «Og så samlast dei på Valer.» Men nei då. Det skal ikkje vere enkelt.

Landsmøte blei det sist helg, like forbanna. På Gardermoen. På laurdagskvelden var det fest. Siv Jensen blei feira. Femtiårsdag på førehand. Fullt fortent. Og heilt sikkert veldig hyggeleg. God mat og drikke og alt som høyrer til i eit slikt høve. Og dett kunne ha vore dett.

Men sjå om det ikkje blei rapportert frå festen til pressen. Siv Jensen let seg «mornaaaa-jenssss» rive med då ho avslutta takketalen med noko om å brette opp erma og knuse desse jævla sosialistane. Ho ropte riktignok ikkje denne gongen. Det var meir som ei kviskring.

For eit rabalder det blei med reaksjonar over ein lav sko. Sosiale media var i notredamsk fyr og flamme. Krenkodramaqueens over heile linja. Ein partileiar og finansminister som omtaler politiske motstandarar på denne måten! Tenk om galningar der ute blei inspirerte til å ta henne på ordet. «Jævla sosialistar» i alle slags raude sjatteringar tok til motmæle, var såra, vonbrotne og forbanna.

Siv-tilhengjarar meinte at makan, no måtte dei krenka jaggu ta seg saman og halde kjeft. Var dette noko å ta på veg for? Som om ikkje andre politikarar og brukte «knuse» som metafor. Sikkert. Men det hadde det vel også blitt bruduljar om Jonas Gahr Støre hadde oppfordra til knusing av jævla frp-arar? Eller? Kanskje dei ukrenkelege, humørfylte ikkje hadde heva eit augebryn?

Det blei truleg ein skikkeleg dagen derpå for den dagen før så feststemte partileiaren. Å vakne opp til slik ståhei i alle kanalar etter at ho kvelden før med bravur «sin eigen hammar sjølv ho heva» (fritt etter uomdiktbare Internasjonalen), kan ikkje akkurat ha vore balsam for eit slitent sinn.

Det var vel bon- meir enn ekte anger som etter kvart fekk henne til å seie unnskyld; «om nokon skulle føle seg støtt». Det var ikkje slik meint. Det blei tatt ut av sin kontekst. Det skulle vere morosamt, humoristisk. I Kringkastingsrådet blei det ein gong etterlyst meir høgrehumor som motvekt til all venstrehumoren i NRK. Ikkje rart det er lite av den sorten når det blir slike bølgjer om nokon prøver seg.

Etter kvart vakna dei til liv journalistane, enkelte av dei «jævla sosialistar», som var så heldige å få bli med på festen. Og dei hadde noko å seie til oss vanleg dødelege der ute i verda. Vi overreagerte. Dei var førstehands auge- og øyrevitne til Siv Jensen sin tale. Vi skulle bare vite at ho hadde glimt i auget då ho ville knuse sosialistar. Det blei sagt i ein munter tone, så det var ingen grunn til å ta på veg. Kvifor i all verda måtte sosialistar vere så inn i hampen humørlause? Kvifor ikkje bare senke skuldrene og le av det heile? Det var humor! Okei?

Eg er visst ein av dei humørlause. Gjerne det. Eg har prøvd å le av «knuse disse jævla sosialistene». Latteren set seg fast i halsen. Kanskje fordi eg ikkje forstår høgrehumor? Kanskje fordi eg tykkjer det er umorosamt?

Eller kanskje fordi eg, i likskap med dei aller fleste «jævla sosialistar» ikkje var på festen. Av naturlege grunnar. Difor kunne ikkje eg, slik enkelte journalistar kunne, suge inn stemninga, varmen, fellesskapet, maten, vinen. Ingen av oss kunne oppdage noko glimt i auget hos jubilanten. Ei heller høyre at ho var munter. Vi fekk bare med oss eit sitat frå partileiaren slik det blei referert av pressen.

«What happens on the Mile, stays on the Mile», heiter det i ein av mine favorittfilmar, «The Green Mile». Det kan kanskje skrivast om til «What happens at the landsmøtefest, stays at det landsmøtefest». Mulegens kan det vere lurt å ikkje referere frå slike evenement når ein ikkje samstundes klarer å formidle stemninga, humoren, munterheita, glimtet i auget, bouqueten, smaken på sausen og alle andre formildande faktorar om nokon trampar i desserten?

Skal ein la seg krenke av Noregs nest mektigaste kvinne si sosialistknusing? Nei. Kva hjelper det? Å hate, kjenne seg krenka og å vere bitter går til sjuande og sist bare utover ein sjølv og forgiftar eige sinn.

Senkar eg skuldrene og humrar og ler av Siv Jensen sitt festtaleutspel? Ikkje det heller. Kanskje eg hadde gjort det om eg hadde vore til stades og opplevd glimtet i auget? Neppe. Gjer det meg humørlaus? Nei. Det er rett og slett ikkje min type humor. Hadde ein eller annan tilfeldig person sagt noko slikt på ein rølpefest, hadde eg kanskje flira, heva glaset og sagt «skål».

Men ein landsmøtefest til eit regjeringsparti med presse til stades er ikkje ein rølpefest. Partileiar og finansminister Siv Jensen er ikkje ein tilfeldig person. Ho har meir makt enn dei aller fleste her i landet. Ho har påverknadskraft og er med å leggje premissane for kva slags nivå den politiske debatten skal ligge på. Denne gongen la ho lista veldig lavt.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.