- Eg går rett inn og deaktiverer facebookdriten

For ein misbrukar på rehab er det mange faser å jobbe seg gjennom. Her er mine.

Meninger

For ein misbrukar på rehab er det mange faser å jobbe seg gjennom. Her er mine.

Fase 0: Ei dump smerte i kraniet, som om toppen av skallen min er pressa saman i ei sløydtvinge. Min teikneserieskapar-kollega og facebookbestis Ida Neverdahl sender meg eit foto av seg sjølv som heng i ei strippestang. «Kan jeg legge dette ut på snapchat?» Eg seier ja, topp, og vi diskuterer om vi kan bruke poledance-ferdighetene hennar i boklanserings-samanheng. Men vi har jo ikkje laga bok saman på lenge. Eg les nedover nyhetsstraumen min.
Fase 1: Dritlei. Innser at å lese endå ein artikkel om Elon Musk ikkje reddar verda.
Fase 2: Oppdage at eg ikkje er ferdig med teikneserien eg skulle levere til Gyldendal, og verre, at eg heller ikkje har hatt lyst til å lage den.
Fase 3: Innsjå at ein ny Sleggja-episode har vore halvferdig i over eit år. 

Fase 4: Ubegripeleg, ufatteleg, psykotisk lei. Les min eigen, eitt år gamle artikkel om Elon Musk, innser at eg er ein av dei som skriv artiklar om Elon Musk.

Fase 5: Kollega og bestevenn Ida sender meg ein chat og forteller om alle dei nye seriane ho har fått ferdig, og at ho har fått endå meir pengar. 

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fase 6: Vondt i kraniet viser seg å vere jeksel med tre røter som må fyllast.

Fase 7: No er eg utfattig, men er framleis ikkje ferdig med teikneseriane eg har lova å lage. Eg innser at eg ikkje har ein jobb, og at eg har brukt ufatteleg mykje tid av mine mest produktive år på å lese kva andre driv med. På facebook.

Fase 8: Ida har problem med at ein eller annan person ikkje syntest ho var den beste og mest talentfulle personen i universet, så ho spør meg på chat korleis denne personen kunne ta så feil. Eg svarer at folk med dårleg sjølvtillit kan gjere dei raraste ting, og Ida seier at det er sant, og at ho i alle fall ikkje har dårleg sjølvtillit. Eg går på twitter i staden. Der ser eg ein eg følger har posta dette sitatet, frå David Foster Wallace-filmen End of the tour: «Cause the technology is just gonna get better and better. And it's gonna get easier and easier... and more and more convenient and more and more pleasurable... to sit alone with images on a screen... given to us by people who do not love us but want our money. »

Fase 9: Eg går rett inn og deaktiverer facebookdriten. Facebook blir øyeblikkeleg psykopat. «Du kan ikkje deaktivere om du ikkje oppgir ein grunn til at du deaktiverar.» Hæ? Kvifor må eg oppgi ein grunn? Dette forholdet er over, facebook. Ja, eg begjærer deg, men det er ei usunn avhengighet tufta på begjær og hat, og eg trur eigentleg berre du ville ha meg fordi eg bekreftar din verdi. Du har sjølvtillitsproblem, facebook, du er redd for at du ikkje vil vere noko utan meg. Men slapp av, du kjem til å finne nokon andre.  Eg velger eit eller anna tilfeldig frå facebook si liste over aksepterte grunnar til å slutte. «Det tek for mykje tid», seier eg, fordi eg framleis har behov for å vere ærleg. Eg fryktar at facebookpsykopaten vil finne ein sleip måte å halde fast på meg, og her kjem det. «Har du prøvd å stille inn så du kan motta færre varsel?» EG HADDE KANSKJE SPART LITT TID OM DET Å DEAKTIVERE TOK MINDRE ENN FEMTEN KLIKK, DRITTSIDE!

Facebook innser at eg er steinhard. Så det skiftar strategi. Ingen fleire direkte henvendelsar frå facebook. No dyttar den framfor seg sitt beste våpen, sjølve ammunisjonen og gullet og oljen som driv facebook sin glinsande krigsmaskin: Menneske.  Heilt spesifikt, menneske som eg har stalka profilen til. På eit eller anna vis har facebook full kontroll over kva jenter eg synest er søtast på facebook, for no kjem tryna deira opp som ei perlerad, saman med eit par utvalgte venner som eg likar, men ser altfor sjeldan. Do you really want to quit? Eli Anne is going to miss you. Ida er ikkje med på lista. Kanhende facebook føler at eg chattar nok med Ida som det er, eventuelt at eg ikkje stalkar profilfotoa hennar nok.
23.00:
Eg deaktiverer. 
Klokka 01.30 ringer Ida meg. Ho bebreider meg for å ikkje ha facebook. Så spør ho kor lenge eg skal vere utan. Eg seier "for evig, håper eg". Det er jo uansett berre å reaktivere om eg treng å hente ut fotoa mine eller sjå på fotoalbum frå gamle tider, men moderne forsking viser at om du legg ut foto av seg sjølv og vennene, likar familien din deg bittelitt, kanskje berre ein prosent, dårlegare, og om du legg ut foto av familien din, likar vennene dine deg bittelitt dårlegare. Det diplomatiske er altså berre å ikkje legge ut noko, alle nye bilete er tapsprosjekt.

Neste dag skal eg bruke Spotify. 
Eg kjem ikkje inn. Det er låst til facebook. Det går ikkje an å opne Spotify utan å samstundes reaktivere facebook-kontoen. 
Eg høyrer på musikk eit par timar, og med SelfControl på macen, som sperrar alle websider eg vil i 24 timar, og Stay Focused på smarttelefonen - som gir meg ei fast kvote med minutt eg kan bruke på duste-appar kvar dag, er eg frigjort frå facebook si lokkande røyst. Litt dumt det med Spotify, men kombinasjonen av to «sperre av nettet»-appar og ein «fokuser på ein ting»-app, gjer at eg opplever det som folk i gamle dager kalte «heilt vanleg arbeidsro».  Straks timeren på SelfControl er ferdig, går eg rett på facebook. Kva har skjedd? Har noko skjedd? SKJEDD?  Fire nye meldingar. Ei frå Eli Anne, som har noko kult å melde, ho vil lage skulptur av ei av teikningane mine. Ei teikning eg sikkert lagde for ti år sidan. Så treig eg er.

Eit par frå Ida, som vil vise meg det siste ho har laga.
Og ei frå
ei venninne, Nora, som ler av kor kort facebook-pausen min var. Eg grumpar, og forklarer at Spotify ødela alt. Ho nektar å ta det for god fisk, og forklarer at det berre er eg som er lat. Ho seier, på ein spydig og breial måte, kva eg skal gjere. Eg takkar for inputen, og deaktiverer heile facebook så fort eg kan.

Etter
ein knødete, tungvint prosess som inkluderte å google og klikke seg gjennom instruksar, og installere Spotify på nytt, har eg musikken min på plass.

Utan facebook. Det kjennest som om livet mitt er tilbake. Aldri meir skal cellene mine dele seg og døy, medan eg brukar mine beste livsens år til å glo på ein skjerm. For å feire går eg og ser ein film på macen. Ironien i det er ikkje usynleg for meg, men eg velger å ta dei små sigrane eg kan få. 

Etterskrift: Skribentens facebooksølibat sprakk etter ei veke. 

Lik Dagbladet Meninger på Facebook