DEBATT

Debatt: Rasismeparagrafen

Eg har ein draum

I dette landet er eg knebla. Eg får ikkje seie akkurat kva eg vil.

EIN DRAUM: Eg har ein draum om at retten til å krenke snart vil bli like heilag og ukrenkeleg som retten til eit liv i fridom, skriv kronikkforfattaren. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix
EIN DRAUM: Eg har ein draum om at retten til å krenke snart vil bli like heilag og ukrenkeleg som retten til eit liv i fridom, skriv kronikkforfattaren. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Tenk om eg hadde deltatt i Dagsnytt 18 i debatt med ei mørkhuda kvinne og sagt: «Eg skulle ha valdtatt den svarte fitta di om ikkje pikken min hadde blitt så skitten.» Det hadde blitt eit spetakkel. Om eg hadde føydd til: «Men eg kan jo bruke ein kaktus i staden», så hadde ein eller annan sjølvhøgtydeleg domstol sporenstreks hanka meg inn.

Ei heller kan eg seie at alle muslimar (eventuelt jødar) skal utryddast. I alle fall ikkje om eg ikkje opererer i ei luguber Facebook-gruppe eller i kommentarfelta til Resett. Skulle eg finne på å påstå at Holocaust aldri har skjedd, at det er ein konspirasjon mellom jødar og sosialistar, ein slags «Drøm fra Disneyland», ja, då kan eg berre vinka farvel til Arendalsuka.

Hitler hadde det enklare. Han kunne utan blygsel kalle jødar rotter og kakerlakkar utan at nokon heva eit augebryn. Bortsett kanskje frå dei han kalla rotter og kakerlakkar. Han sa at dei enda til var verre enn skadedyr, og at dei difor måtte eliminerast frå jordas overflate.

Alle som ikkje passa inn i hans ariske idealbilde av den ideelle homo sapiens, omtalte han som Untermenschen. Slikt var uproblematisk i Nazi-Tyskland. Prøv det same i demokratiet Noreg, og nokon slår deg brutalt i hovudet med ein lovparagraf.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer