Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

- Eg reknar med at det sjølv vil bli ein aldri så liten norsk klassikar

Ragnar Hovland anmelder for Dagbladet.

MONSTERVERK: Det er eit monsterverk som truleg berre kulturjournalistar kunne komme på å lage,» skriv Ragnar Hovland. Foto: Steinar Buholm / Dagbladet.
MONSTERVERK: Det er eit monsterverk som truleg berre kulturjournalistar kunne komme på å lage,» skriv Ragnar Hovland. Foto: Steinar Buholm / Dagbladet. Vis mer

ANMELDELSE: For å ha sagt det med ein gong: underteikna er med i denne boka, som norsk klassikar, og er såleis ikkje nokon uhilda meldar.

Men for forfattarane er dette ein stor fordel. Hadde eg ikkje vore nemnd, ville eg truleg blitt fly forbanna og slakta heile skiten.

Eit monsterverk
Det dreier seg om eit tungt praktverk på 500 sider, med eit rikt bildestoff og meir og mindre inspirerte omtalar av 696 verk/augneblinkar innan vår felles kulturarv, frå 1945 til og med 2011, i kronologisk rekkefølgje. Det startar med Lalla Carlsens «Norge i rødt, hvitt og blått» frå 1945, og ebbar ut med to bergensartistar frå forskjellige generasjonar, H.P. Gundersens «The Last Hurrah!!» og Lars Vaulars «Du betyr meg» frå i fjor.

Det er eit monsterverk som truleg berre kulturjournalistar kunne komme på å lage.

Og mellom desse møter vi eit utal slagerar, filmar, pop- og rockalbum, radio- og tv-program, vise- og jazzplater, skjønnlitterære bøker, viktig sakprosa. Og meir til. Litterært spenner det frå Tor Ulven og Thure Erik Lund til Margit Sandemo og Gustav M. Galåsen, musikalsk frå Arne Nordheim til De syngende husmødre og filmmessig frå Erik Løchens «Jakten» til Olsenbanden.

«Avantgarden»
Forlaget gir i baksideteksten, nokså misvisande, inntrykk av at det er norsk populærkultur, det handlar om, men her er det både høgt og lågt i stort sett lykkeleg sameining. Forfattarane seier sjølve i forordet:

«Mange av oppføringene i denne boken vil knapt kunne bli beskrevet som allemannseie eller uttrykk for noen folkesjel. Men avantgarden og den akademiske litteraturen, som ikke følges av mange, kan ha et publikum som igjen øver innflytelse på samfunnet, på den offentlige diskursen og på utviklingen av idéretninger og kunstformer. Også verk fra denne verden hører hjemme i en klassikeroversikt.»

Latter og gråt
Så kva er ein klassikar? Forfattarane seier det slik: «For det finnes plater, bøker, filmer og tv-programmer som er viktigere enn andre, som på forskjellige måter har lykkes i å feste seg i stuetapeten i det norske hus. Det finnes sanger og historier som fanger hva vi er og gjør på en unik måte, som viser oss hvor vi er på vei - eller som beskriver en følelse eller opplevelse på en måte som treffer svært mange, som får oss til å le eller gråte eller lengte etter sommerferien, og som derfor hentes frem igjen og igjen. Halvdan Sivertsens «Kjærlighetsvisa» er en slik klassiker. «Flåklypa Grand Prix» likeså.»

image: - Eg reknar med at det sjølv vil bli ein aldri så liten norsk klassikar

Og ingen skal vel komme her og krangle på at desse to er «klassikarar». Eller at «Paa gjengrodde stier», «Gategutter», «Trost i taklampa», «Dickie Dick Dickens», «Reparatørene kommer», «Wesensteen: Og takk for det», «Marve Fleksnes», «Stutum», «Nattønsket», «Fyr og flamme», «Nattønsket», «Gamle dampen» og «Take On Me» er det same. Men så, og spesielt når ein nærmar seg vår eiga tid, kan ein begynne å diskutere. Og det er noko av det fine ved ei bok av dette slaget, den eignar seg godt som utgangspunkt for krangling i sosiale samanhengar. Er det ikkje litt for mange piggtråd- og shadowsband med her? Er dei her berre fordi redaktørane vil vise at dei kjenner til ting som fanst før dei blei fødde? Var verkeleg The Quivers, The Climbers, The Flames, The Falcons, Firebeats og The Clinkers så gode eller folkesamlande?

Og når ein først er der: Er det garantert at «Fyr og flamme» og «Kron og mynt» er Kjartan Fløgstads beste/ mest representative bøker? Og er det som det skal vere at Jan Erik Vold er representert med to jazzplater i staden for diktboka «Mor Godhjertas glade versjon. Ja?»

Glemte verk
Men eg gir meg. Noko anna godt med boka er subjektiviteten, gleda som gjennomsyrer teksten når skribenten tydeleg har tvinga igjennom ein artist som dei andre meinte ikkje fortente nokon plass. Og mi eiga glede over å gjenoppdage ting, og å la meg overraske. Over at H.E. Wisløffs andaktsbok «Stille stunder på veien hjem» er tatt med. Eller Oddmund Hagens fine roman «Utmark». Eller Audun Briseids heilt gløymde klassikar «Hvem kan hjelpe Neil Young å finne veien hjem?». Eller påpeikinga av storheita til gitaristen Rune Walle og bandet Hole In The Wall. (For ikkje å snakke om rehabiliteringa av Rune Rudberg!)

Eg innser at dette er historia om mitt eige liv, på godt og vondt, som det heiter. Frå ei rørande uskyldig tid og fram til uskyldas brutale død. Og noko av det som gjennomsyrer tekstane er det store mørket bak den stundom smørblide fasaden: rusmisbruk, sjølvmord og - til slutt - mord.

Eleganse og kjærleik
Ein del av omtalane er ganske tørre og ber preg av pliktløp (og ei bok av denne typen må nødvendigvis ha ein del pliktløp), mens det i mange nok av tekstane gnistrar til, der forfattarane verkeleg har eit forhold til det dei skriv om, med humor, milde sarkasmar, elegante formuleringar og uforfalska og utilslørt kjærleik.

Som har ført til at eg er villig til å sjå med nytt blikk på opptil fleire fenomen som eg i utgangspunktet såg på som uuthaldelege.

Godt jobba, eg har ingen vektige innvendingar mot dette verket, og eg reknar med at det sjølv vil bli ein aldri så liten norsk klassikar.

Få kulturtips fra gjengen bak «Norske klassikere» her.

Les også intervjuet vi i Dagbladet gjorde med dem for en uke siden.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media