NY STATSSEKRETÆR: Line Miriam Sandberg er utnevnt til statssekretær for helseminister Bent Høie. Det har ført til ny oppmerksomhet rundt et Facebook-innlegg fra i sommer. Foto: Frank Karlsen / Dagbladet
NY STATSSEKRETÆR: Line Miriam Sandberg er utnevnt til statssekretær for helseminister Bent Høie. Det har ført til ny oppmerksomhet rundt et Facebook-innlegg fra i sommer. Foto: Frank Karlsen / DagbladetVis mer

Regjeringa:

Eg toar mine hender

Grumsete haldningar blir òg kvite som snø i denne regjeringa.

Meninger

«Noen ganger må jeg bedøve hjernen for ikke å eksplodere. Vente til jeg er klar, men mest av alt; til verden tåler å høre hva jeg tenker. Nå har jeg tenkt.»

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Nei, det er ikkje eg som må døyve hjernen. Det er ikkje eg som er i tenkeboksen. Men lat oss høyre kva vedkommande har tenkt:

«Hvorfor rømmer alle FRA muslimske land? Hvorfor vil ikke muslimene bo i muslimske land og kjempe der?»

Nei, eg har ikkje vore under cover i fjesbokgruppa «Fra folkedypet» denne gongen.

«Hvorfor i helvette (med to t-ar) skal vi unnskylde dem og gi med åpne armer når de fan ikke vil ta imot? Nå må vi slutte å vere naive og tafatte. Å fordømme hjelper ikke og blir latterliggjort i denne verden.»

Eg har ikkje saksa dette frå «Fedrelandet viktigst».

«NÅ BØR SILKEHANSKENE AV OG HARDERE LUT TIL.»

Sitata er frå eit innlegg på fjesboksida til Line Miriam Sandberg. Kona til fiskeriministeren. Teksten er aktuell fordi Sandberg nyleg blei utnemnd til statssekretær for helseminister Bent Høie. Dermed får ho Erna Solberg som øvste sjef.

Det tok ikkje lang tid før utnemninga utløyste eit skred av reaksjonar på SoMe. På Twitter tok det heilt av. Det famøse FB-innlegget blei delt og kommentert over ein lav sko.

«Dei må vere i desperat mangel på kvalifiserte folk når ei med slike haldningar til muslimar blir henta inn i regjeringskontora,» skreiv folk.

«Dei må ha støvsuga kongeriket, og likevel var der ikkje nokon betre.» «Korleis kan Erna Solberg godta noko slikt?» «Stakkars Bent Høie.» «Denne utnemninga undergrev respekten for politikarar.» «Verdikonservatismen er død. Leve populismen!» Og så vidare i det uendelege.

Enkelte forsvarte Sandberg. «Hun er fra Troms,» skreiv ei. «Der sier de «alle» alle når de mener noen.» Ein annan hevda at den nye statssekretæren ikkje viser forakt for muslimar. Dette er hennar måte å gje uttrykk for djup fortviling over barn som blir sprengde i fillebitar. Ei fortviling dei alle fleste av oss deler, sjølvsagt.

Men då er det nærliggande å spørje: Kvifor blir ho ikkje like opprørt over titusenvis av muslimske barn som blir sprengde i fillebitar i ein barbarisk og brutal krig? Eller over barn på flukt for ikkje å bli sprengde i fillebitar?

Det var forresten ingen som kom på å spørre korleis Siv Jensen kunne godta utnemninga. Haldningane til muslimar som kjem til uttrykk i Line Miriam Sandberg sitt innlegg, føyer seg inn i ei lang rekke liknande utspel frå Frp-hald.

Carl I. Hagen starta det heile. Blant anna med eit falskt «Mustafa-brev» i 1987 der han lanserte ein fiktiv muslim som skreiv om korleis islam skulle overta Noreg. Siv Jensen fylgde opp med besøk til Malmø, snikislamisering og frykt for sharia.

Den som har markert seg sterkast i Frp den siste tida, er sjølvsagt integreringsministeren. Ein hakesleppskapande klassikar er talen hennar i Jan Hanvold sitt Oslo Symposium der ho presterte å seie fylgjande: «Dette med multikulturalisme, dette at vi skal bo side om side og forstå hverandre, har aldri vært noe for meg.»

Ho snakkar òg om eit Sverige som, i hennar tankesfære, er i ferd med å gå til grunne takka vere musliminvasjon. Flyktningar kallar ho lykkejegarar. «Bere dei på gullstol inn i landet,» er eit anna pop-uttrykk.

No skal det riktignok nemnast at Listhaug/Teigen har gjort grep (strategisk lagt til etter valet for ikkje å miste stemmar) der dei både tar ei oppgjerd med rasistiske tilhengjarar og hetsing av kvinner med hijab.

Høgre må sjølvsagt ta ansvaret for at vi må leve med eit regjeringsparti som flaggar slike haldningar. Erna Solberg snakkar fagert om eit varmare samfunn og integrering i nyttårstalane sine. Ho besøkjer skuleklasser der ho med innleving oppfordrar til gode haldningar på SoMe. Den pappapermiterte skuleministeren, Torbjørn Røe Isaksen, har sett i gong fleire kampanjar mot mobbing i skulen. Prisverdig det.

Men det blir pinglete slag i lause lufta når ikkje heile regjeringa speler på lag. Litt som når stakkars Melania Trump lanserer ein nasjonal antimobbekampanje i USA. Det blir bare tragikomisk sidan mannen hennar, sjølvaste presidenten, er sjefsmobbar nummer ein.

Erna Solberg har aldri teke noka oppgjerd med grumsete haldningar hos regjeringspartnaren. Snarare tvert imot. Ho går Pontius Pilatus ein høg gang når det gjeld toing av hender.

Når Frp-ministrar skaper storm med antiinnvadrarutspel, seier Solberg: «Jeg ville ikke ha uttrykt meg på den måten.» Når ein regjeringskollega generaliserer om muslimar og prøver å skape eit fiendebilde, er reaksjonen eit skuldertrekk og eit halvhjarta: «Jeg ville ha brukt andre ord.»

Hennar lefling med slike haldningar har no skaffa henne ein statssekretær som med styrke hevdar at alle (ca 1,5 milliardar) muslimar flyktar frå landa sine. Solberg ville nok «ikkje ha sagt det på den måten» og toar sine hender. Enda ein gong. Og no går Bent Høie i Solberg sine spor når han orsakar Sandberg med at «alle kan gjøre feil».

Feil? Som i å vere uheldig og miste strykejernet på tåa? Line Miriam Sandberg gjorde ikkje feil. Ho seier at ho tenkte seg riktig godt om før ho skreiv FB-innlegget.

Ikkje bare hender, men grumsete haldningar blir òg kvite som snø i denne regjeringa.