RUSSEKULTUR: Slik eg har blitt fortalt (røvar?)-historier om min foreldregenerasjon var det jaggu litt drikking og slossing også i gamle dagar, skriver artikkelforfatter. Foto: Christian Roth Christensen
RUSSEKULTUR: Slik eg har blitt fortalt (røvar?)-historier om min foreldregenerasjon var det jaggu litt drikking og slossing også i gamle dagar, skriver artikkelforfatter. Foto: Christian Roth ChristensenVis mer

Arrestasjonene i Hellas:

Eg trur ikkje at russ 2019 er så frykteleg mykje verre enn russ 1999

Årets russ har råd til å feste på greske øyer. For tretti år sidan drakk dei i heimbygda og trøkte folk inn i Volvoen og køyrte til nabobygda for å slåst.

Meninger

Kva i pokker er det som feilar dagens russ? Hundrevis av norske ungdomar invaderer greske ferieparadis og drikk og sloss, fortel NRK. Dette lagar dei Dagsrevyen-innslag av kvar sommar. I år skal det visst vere verre enn tidlegare år. Kanskje meir dop, og meir slåssing.

Eg tøffa meg på Twitter i går med spydige kommentar om kor stor prosentdel av desse russane frå Bærum som festar på den greske øya Ios som faktisk får artium i russeåret sitt 2019, og at dei som blei arresterte kunne bruke daudtida på greske glattceller til å lese til sidemålseksamen.

Men eg har sove på det. At russ 2019 skal vere så frykteleg mykje verre norsk ungdom enn russ 1999 det trur eg eigentleg ikkje. Om det er 800 norske 17- og 18-åringar på party i den sosiale konstruksjonen Syden, så kan eg garantere at 700 av dei oppfører seg eksemplarisk og kosar seg på tur.

Slik eg har blitt fortalt (røvar?)-historier om min foreldregenerasjon var det jaggu litt drikking og slossing også i gamle dagar. Det blei berre ikkje slått opp i sjokk-reportasjar på Dagsrevyen. Det var ikkje mogleg for kven som helst å skrive indignerte kronikkar på internett som generaliserte det til ein kvar tid neste russekullet som «tidenes verste».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ingen filma slosskampar og la dei ut på Facebook og Instagram. Det var kanskje ein og annan artikkel i ei lokal skuleavis. Det er nok mykje drikking, og kanskje andre farlege rusmiddel. Nokre får slåss litt, ei handfull blir arrestert, litt fleire heiar på og burde gjort meir for å stogge slossinga. Ein og annan pådrar seg ein kjønnssjukdom, ein og annan idiot går langt over streken mot ei jente, førti jenter fyllegriner kvar kveld, og like mange gutar tøffar seg med shotting og handbak.

Men. Dei. Fleste. Oppfører. Seg. Nok. Kjempefint.

Dessutan har ungdom på fylla, i alle fall slik eg hugsar det, ein imponerande evne til å ta vare på kvarandre, hjelpe kvarandre, halde luggen til ho som kastar opp, hente vatn til han som har drukke for mykje. Følgje venninna eller venen sin heim om han eller ho er sint, lei seg eller har fått i seg litt for mykje rusbrus eller pærecider.

Eg trur den største skilnaden på russ 2019 og russ 1999 eller 1989 for den slags skuld er at årets russ har råd til å feste på greske øyer, der dei for tretti år sidan drakk i heimbygda og trøkte folk inn i Volvoen og køyrte til nabobygda for å slåst.

Somme skal no alltid slåss. Det må dei slutte med. Det er heilt greitt å ikkje sende 17-åringen sin på heisatur til Kos, slik det var heilt greitt å ikkje sende 17-åringen sin på fest i bygder som Florø, Stryn, Måløy eller Sandane før i verda.

Men det er som regel ganske så trygt å sende ungdomen sin på russetur eller russetreff i Kongeparken eller kva det no heiter. Det er farlegare å slutte å tru at det stort sett er trygt. Eg tenkjer det kjem til å gå veldig fint med dei fleste eg. Men Bærums- og Bergens-russen må sjå til å lese til sidemålseksamen når dei kjem heim.