KUTTER: Forsvarets musikk er eit bindeledd mellom Forsvaret og det sivile. Noreg står i fare for å gradvis miste ein fleire hundre år gamal tradisjon med profesjonell musikk, når ein no kutter i budsjettet. Foto: NTB Scanpix
KUTTER: Forsvarets musikk er eit bindeledd mellom Forsvaret og det sivile. Noreg står i fare for å gradvis miste ein fleire hundre år gamal tradisjon med profesjonell musikk, når ein no kutter i budsjettet. Foto: NTB ScanpixVis mer

Korpsbevelgelsen:

Eg vil snakke om Forsvarets musikk

Har du nokon gong klart å bli verkeleg god i noko, utan å ha førebilete å sjå opp til og lære frå?

Meninger

Eit ope brev til regjeringa og kulturpolitikarane om Forsvarets Musikk:

Kjære politikar, medan eg skriv dette, er me litt “utanom” sesongen, men det gjer sjølvsagt ikkje saka mindre viktig.

Eg vil snakke om Forsvarets musikk.

Eg er musikar med seks års utøvande musikkutdanning i «bagasjen», og er ein av mange som er avhengige av frilansoppdrag for å få kvardagen til å gå opp.

Asgeir Søfteland.
Asgeir Søfteland. Vis mer

Dei færraste kan førestille seg ein kvardag utan musikk. I Noreg finnast det i dag fem profesjonelle musikkorps i Forsvaret, der musikarane har minst ein bachelorgrad i utøvande musikk.

Det du kanskje ikkje veit, er kor spissa kompetansen må vere for å oppnå ei fast stilling som musikar. Du kan førestille deg at dei brukar mange timar åleine på øvingsrommet, men alle desse har gjennomført eit prøvespel, der kandidatane spelar det same repertoaret, og skal overtyde ein jury beståande av musikarar i det aktuelle ensemblet. Det må oftast fleire rundar til på same dag, for å velje ein «vinnar» frå dei kanskje 20-30 søkarane som stiller opp.

Ein slik prosess er meir omfattande enn eit jobbintervju, og på denne måten slett ikkje ulikt andre stillingar i Forsvaret, der ein stiller særskilde, fysiske krav ut frå kva slag stilling ein er ute etter. Den kompetansen vinnaren av eit prøvespel har, er så finspissa som ein kan få det innanfor denne greina av Forsvaret.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvifor fortel eg dette? Jo, for sjølv etter å ha gjennomført ein så mentalt og emosjonelt krevjande prosess, så er det ikkje over. Som utøvande musikar forventast det at ein alltid leverer på høgaste nivå, uansett dagsform, og ein vil regelmessig kjenne på prestasjonspress gjennom dei åra ein er yrkesaktiv. Publikum vil nok vere einige i at våre profesjonelle musikarar likevel leverer solide prestasjonar gong på gong, enten dei spelar for unge, gamle, born eller på seremonielle oppdrag internt for Forsvaret.

Musikarane som klarer å vinne jobb, blir eit førebilete for mange. Aller viktigast: for ivrige amatørar, og skulekorpsmusikantar. Slik eg ser det, er dette ein av hovudgrunnane til å oppretthalde, ja aller helst styrke mengda av stillingar i Forsvarets musikk. Dei bidreg til inspirasjon og utvikling for musikantar i alle aldrar. Dette gjennom arbeid som instruktørar og dirigentar for korps her i landet, i tillegg til stillingane deira som utøvande musikarar.

Denne kompetansen vil gradvis gå tapt, dersom ein held fram med å kutte i mengda av stillingar, slik det nyleg har blitt vedteke: ein nedgang i årsverk frå 183 til 173 stillingar. Dette er ei dråpe i havet på budsjettet, og er verdiar ein ikkje burde setje ein prislapp på.

Forsvarets musikk er eit bindeledd mellom Forsvaret og det sivile. «For alt vi har, og alt vi er». Dette slagordet gjev meg ei kjensle av tryggleik. Ein liknande tryggleik eg er sikker på at alle korpsmusikantar har kjent på, i det miljøet dei har fått bli ein del av. I korps er det ingen innbyttarbenk, ein jobbar i lag fram mot ein konsert, og lærer mykje av kvarandre både musikalsk og sosialt.

Det er 15 år sida eg var ferdig i skulekorpset, men tryggleiken har eg merka heile vegen, til og med som vikar i dei profesjonelle korpsa i landet: Eit godt, inkluderande miljø, der ein jobbar tett saman for å oppnå eit felles mål. Forsvaret burde vere stolte av å oppretthalde ein arbeidsplass, der dei ansatte alltid gjev sitt ytterste framom titusenvis av publikum kvart år, trass i motgang og gjentekne nedleggjingsforsøk!

Kva så om ein vel å kutte i støtta til Forsvarets musikk? Forsvaret, og Noreg, vil gradvis miste ein fleire hundre år gamal tradisjon med profesjonell musikk. Ei unik korpsrørsle med titusenvis av musikantar vil miste mange førebilete, og dyktige musikarar og komande talent vil gå tapt. Mange av våre fremste artistar har bakgrunn i korpsrørsla, og snakkar varmt om dette dersom dei vert spurde om det. Eg vil difor spørre: Har du nokon gong klart å bli verkeleg god i noko, utan å ha førebilete å sjå opp til og lære frå?