Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Eg visste at når kvelden kom, måtte eg ta livet mitt

Me møttest på Torshov på fotballpub, til ein siste kamp med gutta. Eg visste at desse karane var dei siste som ville sjå meg i live.

VANSKELIG: Det har blitt viktig for Oddvar Vignes at selvmordforsøket ikke skal definere han. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix
VANSKELIG: Det har blitt viktig for Oddvar Vignes at selvmordforsøket ikke skal definere han. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix Vis mer
Meninger

Det er ikkje stor skilnad på morgonen eg har hatt i dag og den eg hadde for ti år sidan. Eg stod opp, dusja, åt frukost og gjekk ut. Forskjellen er at då eg gjekk ut døra i 2009 visste eg at når kvelden kom, måtte eg ta livet mitt.

Eg var allereie to dagar på overtid den sundagen. Etter planen min skulle eg vore ferdig på fredag, men det kom heile tida ting i vegen. Det var irriterande sidan eg hadde planlagt det så lenge, men når alt kom til alt, så passa det meg eigentleg bra. Det gav meg moglegheita til å sjå både Tottenham og nokre vener av meg ein siste gong.

Me møttest på Torshov på fotballpub, til ein siste kamp med gutta. Det var eit lite sjansespel å møte vener, så eg var fokusert på kva eg sa og gjorde. Ingenting skulle røpe meg, det var viktig for oss alle. Eg visste at desse karane var dei siste som ville sjå meg i live.

Dei ville verte sitjande igjen med alle spørsmåla men ingen av svara. Eg måtte ikkje sei eller gjere noko som ville gi dei følelsen av at dei kunne gjort noko for meg. Sanninga var at dei gav meg ein fin avslutning på livet, ei samling med gode vener mens me såg fotball.

Eg satt å irriterte meg over at i det som var min siste kamp nokon sinne, så vart Tottenham rundspelt. Det var eit visst håp til pause, men det varte ikkje lenge før Chelsea leia 3-0. Her var det berre ein ting å gjere, komme seg ut av puben og heim til hotellet. Eg takka dei eg var med for kampen. Det var ei rar kjensle å stå å trykka dei i handa mens eg visste det var siste gong eg ville sjå dei. Det var trist og befriande på same tid, men eg haldt maska. Eg måtte det.

Tilbake på hotellet byrja eg å skrive på breva. Eg skreiv ikkje til familien, men eit til far, eit til mor, eit til syster og eit til bror. Eg skreiv ikkje til vener, eg skreiv eit til Johan og eit til Sven Erik. Eg skreiv brev til alle dei mange i livet mitt som betydde så mykje for meg. Eg ville at dei skulle forstå det eg var i ferd med å gjere. Dei måtte forstå kvifor det måtte ende slik.

Når breva omsider var ferdige var kvelden gått over til natt. Eg hadde blokkert inngangen til rommet så ingen skulle komme inn. Instruksane til politiet låg klare. Eg hadde skrive alle breva på Mac så ingen skulle vere i tvil om innhaldet grunna handskrifta mi. Eg hadde tenkt på alt, absolutt alt, utanom Facebook. Eg stod opp att og sette min siste status på Facebook. Den, som i mitt hovud, ville verte ståande for evig tid på internett. Eg sette eit punktum. Så ba eg ei bøn og sovna inn.

Du finn oss overalt. Somme av oss klarte oss bra, somme slit vidare med å mestre livet, mens andre lukkast med det dei prøvde på. Me er brør, systrer, fedre, mødre, sonar og døtre, sjølvmord råkar vilkårleg og brutalt.

Eg tykkjer det det er lettare å vere tidlegare pasient i dag enn det var for ti år sidan. Samfunnet har opna seg opp, det er meir aksept for at livet ikkje alltid er lett å leve. Der ein før var forventa å sjå i bakken kan ein no retta seg i ryggen og sjå framover. Det har blitt viktig for meg at sjølvmordsforsøket ikkje er noko eg er, men noko eg var. Det er alt det som har vore etterpå som har fått definert kven eg er.

I dag er det framleis altfor mange som går rundt og trur at det beste for alle vil vere at dei tek livet sitt. Eg trur me alle har eit ansvar for å prøve å nå dei, legge armen rundt dei og seie: Du treng ikkje døy.

Tusen takk til alle som har hjulpe meg i løpet av desse ti åra, eg hadde ikkje klart det utan dykk.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media
Kode24 - nettavis om utvikling og koding Elbil24.no -  nyheter om elbil KK.no - Mote, interiør, og tips Sol.no - De viktigste nyheter fra nettsider i Norge Vi.no - Quiz, kryssord og nyttig informasjon Dinside.no - teknologi, økonomi og tester Se og Hør - Kjendis og underholdning Lommelegen.no - helse, symptomer og behandling