Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ei brennbar bør

Hetsen mot nynorsk blir forsterka og radikalisert under einsretta regime, som marknadsfundamentalismen i dag.

I DEN

vesle boka Brennbart, som kom ut på Gyldendal sist veke, viser eg at målrørsla ikkje samarbeidde med Quisling-styret under krigen, slik mange har trudd. Det gjorde derimot Riksmålsforbundet, slik få har visst. Vidare minner eg om forskingsresultat som fortel at Nasjonal Samling så godt som fullstendig mislykkast i å vinna tilhengarar i dei sørvestlege landsdelane både før og under krigen. Motkulturane og dei nynorske kjerneområda var stor grad immune mot nazistisk innverknad. Det fanst unntak, men kort kan ein seia: Der nynorsken sto sterkt, var N.S. veikt, og omvendt. I ein svært avslørande artikkel i Dagbladet den 18. november samanliknar adjunkt Ingeborg Åstrali direkte og utan blygskap brenninga av naziskrifter i frigjeringsdagane 1945 med brenning av nynorskbøker i etterkrigstida. At ein lærar i skuleverket ikkje skiljer mellom påtvunge propagandamateriell i eit rettslaust diktatur og lærebøkene i eit demokrati, er skremmande. Med slike haldningar på kateteret er det lettare å forstå kvifor elevar kan ty til same aksjonsformer som mot nazistyret.

I RIKSMÅLSFORBUNDET

fanst det under krigen eit patriotisk og demokratisk sinna mindretal som prøvde å hindra at organisjonen samarbeidde med nazistane. Sjølv om dei tapte, skulle ein venta at dei etter krigen ville bli hylla for innsatsen. Slett ikkje, det motsette hende. Charles B. Middelton, den ledande antinazisten i Forbundet, prøvde fåfengt å få til eit oppgjer. I Vårt Land den 8. juli 1946 skriv han oppgitt: «Nå synes jeg at jeg virkelig har insinuert så pass stygge ting at ledelsen skulle manne seg opp til et virkelig generaloppgjør og eventuelt ta ansvaret for sine gjerninger og bli ferdig med det.» Men etterkrigsleiinga i Riksmålsforbundet var det Middelton kallar «samme ulla» som dei kompromitterte formennene. Dei klarte å styra unna «gransking eller videre formaliteter». I Langslets Riksmålshistorie får Middelton passet sitt påskrive: «Middelton var en særlig pågående kritiker, til irritasjon for forbundet, som ble plaget med denne saken helt til Øverlands formannstid fra 1947.» Når Langslet til sin store irritasjon blir plaga med denne saka i 2004, hopar han på ny opp ukvemsord, som i Dagbladet den 20. november, for å skjula grove og erkjente feil.

I DISKUSJONEN

om grensene for ytringsretten blir det brukt følgande formulering: «ærekrenkelser rettet mot medfødte biologiske eller kulturelt nedarvede sosiokulturelle karakteristika». Dei ulike partane ønsker å unngå hets mot personar med etnisk minoritetsbakgrunn, homofile, funksjonshemma etc. Filosofen Jon Hellesnes nemner likevel eit unntak: «Ærekrenkelser rettet mot nedarvede sosiokulturelle karakteristika» blir ikkje oppfatta som så ille dersom krenkingane rettar seg mot den nynorskspråklege delen av norsk kultur. Mot nynorsken har det har utvikla seg ein retorisk tradisjon som omfattar bokbål, og der diskriminerande uttrykk som elles blir melde til politiet, får applaus og sakleg tyngd. «Skjellsorda mot «spynorsken» ved dei vidaregåande skulane i Oslo ville ha vekt oppsikt om dei hadde vore retta mot ein innvandrarkultur eller om dei hadde blitt omsette til tysk», legg Hellesnes til. Den retorikken han viser til, har spreidd seg til mange kantar av det politiske spektret. Og den blir forsterka og radikalisert under einsretta regime, som marknadsfundamentalismen i dag. Når berre den eine tanken gjeld, er det andre språket framleis ei brennbar bør.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media