IKT I SKULEN: Hans Chr Arnseth og Vibeke Kløvstad frå Forskings- og kompetansenettverket for IT i utdanninga (ITU) har fredag 9. november ein tankevekkjande kronikk i Dagbladet. Essensen i kronikken er at vi har eit stykke veg å gå før måla om at IKT skal takast i bruk i alle fag, er nådde.
Eg er samd i mykje av framstillinga i kronikken. Noreg har som eit av dei første landa i verda læreplanar med digitale dugleikar integrerte i alle fag på alle nivå. Det forpliktar. Læreplanane våre er eit godt utgangspunkt for vidare satsing på IKT. Eg er også samd i at det ikkje er kor mykje, men korleis vi brukar IKT som tel mest. Digital kompetanse femner om både sjølve bruken av IKT i læringsarbeidet og om den kritiske og kreative utnyttinga av IKT. Læreplanane våre tek omsyn til båe dimensjonane.
Korleis møter vi så desse utfordringane? Eg meiner vi må arbeide langs to aksar:
For det første må vi bli flinkare til å ta den nye teknologien i bruk i skulen og bruke dei mange gode ressursane som er utvikla. Vi bruker om lag 60 millionar kroner over fire år på ei stor satsing på lærande nettverk, og ITU utviklar rettleiingar for digital kompetanse i fleire fag. Vi må òg lære meir om korleis barn og unge tenkjer om IKT i skulen. Her tek Noreg del i OECD-prosjektet "New Millenium Learners" som eg ventar at skal gi oss god innsikt i kva for tankar barn og unge har om IKT i skulen.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger