HEIDRAR SKOTSK KOLLEGA: Diktlærar Helge Torvund (bildet) skriv om den skotske poeten Thomas A. Clark. Foto: Erling Hægeland/Dagbladet
HEIDRAR SKOTSK KOLLEGA: Diktlærar Helge Torvund (bildet) skriv om den skotske poeten Thomas A. Clark. Foto: Erling Hægeland/DagbladetVis mer

Ei gransking av nyansar

Helge Torvund om den skotske poeten Thomas A. Clark.

(Dagbladet): 

disen blir samla av lauvet
for å falla som regn under trea
med ein lyd som ikkje vil bera
lenger enn til kanten av skogen

Ein av dei leiande poetane i Skottland heiter Thomas A. Clark. Han vart fødd i Greenock i 1944 og byrja skriva då han var 18 år. Det er noko reint og smålåte over diktinga hans. Noko som utstråler ei stor tru på poesien og biletkunsten si kraft. Ofte på ein måte som fører mot eit minimalistisk uttrykk. Men ikkje utan eit merkeleg energisk trøkk som verkar som om det kjem frå lang fordjuping og kontakt med noko solid og verkeleg. Poesiens imaginære steingrunn. Som det står bak på ei av diktsamlingane; dikta er som meisla i luft.

Saman med kona, biletkunstnaren Laurie Clark, starta Clark forlaget Moschatel Press i 1972, då dei fekk ei trykkpresse i bryllaupsgåve. Seinare starta dei galleriet Cairn Gallery. Galleriet var først i Cotswolds, men har sidan 2002 vore plassert i den vesle skotske fiskarlandsbyen Pittenweem.

På ein veldig lite brautande måte kom det ut ei heilt eksepsjonell diktsamling av Clark på eit av våre minste forlag for tre år sidan, samlinga «Om skog & vatn». Det er den engasjerte og grundige poeten Per Olav Kaldestad som har gjendikta Clark, slik det òg var han som hadde gjendikta den førre Clark-boka «I den klare lufta» som Nordsjøforlaget gav ut i 2007. «Om skog og vatn» er gjendikta med så stødig hand at det kjennest som om Kaldestad veit nøyaktig kva Clark vil. For meg er det ei slags openbaring at det sit ein poet i dagens Skottland og skriv dikt som dette. Og ein annan på Vestlandet og fører dei så nennsamt over til vakker norsk. Desse dikta er så merksame på dei små skifta i atmosfære og stemning at dei utvider liksom livsrommet vårt. Dei formidlar ein kontakt med naturen som verkar så viktig at eg ikkje veit andre måtar å få sagt det på enn desse dikta.

Artikkelen fortsetter under annonsen

ved kanten av ein skog
nøler du ein augneblink
korleis skal du føra deg
i lag med trea  

Eg snakka ein gong om at poesien er ei gransking i nyansar, og sjeldan har det uttrykket passa betre enn på desse dikta av Clark.

Ein merkar òg tydeleg korleis han oppfattar den talande i dikta som ein kommuniserande del av den naturen som dikta går føre seg i:

faktene til bjørka

der ho vendar seg i stilla
blada til bjørka
lagde på lufta  

DET ENKLE I DET KOMPLEKSE: Den skotske poeten Thomas A. Clarks dikt er ei gransking i nyansane. Foto: Arc Publications
DET ENKLE I DET KOMPLEKSE: Den skotske poeten Thomas A. Clarks dikt er ei gransking i nyansane. Foto: Arc Publications Vis mer

Og Kaldestad skapar ein syngjande samanheng i desse små dikta gjennom sin utsøkte bruk av allitterasjon og enkle, kvardagslege ord; «blada til bjørka/lagde på lufta». Ved å namngje desse heilt basale tinga, stig verda fram for lesaren som reelle, konkrete og levande saker. Clark er veldig oppteken av korleis ting vendar seg mot oss, og korleis me vender oss mot dei. Han skildrar ein stad korleis ein ved å bretta eit kort, kan reise det opp i rommet, og korleis ein ved å skriva eit ord på den sida som vender opp, i staden for å gøyme det inni eit bretta kort, stillferdig kan vende skriftspråket mot menneska som ser på det. Han har skrive namnet på sommarfuglar på glasruter og skapar med slike enkle og nærast basale alfabetiske grep nye dimensjonar i romma.

Clark starta å skriva i 18-årsalderen, og understrekar at han har ei gjeld til beatpoetar som Gary Snyder. Sjølv om han seier han sidan har kome langt bort frå det utgangspunktet, er det noko i orienteringa som er felles framleis.

Thomas A. Clark skildrar med glød korleis det å ha ei trykkpresse, det å kjenna på ein bestemt type papir, kan vera ein gledefylt måte å setja i gang diktskrivinga på. Han seier at det vanlege, det alminnelege, måten folk snakkar på, er viktig for han. Han har alltid vore skeptisk til det eksepsjonelle. Brød og vatn er den beste dietten for poetar, seiar han etter Emerson.

Clark har framstilt bilete som har ei pastoral lengt etter det enkle i det komplekse. I dette kan ein lese noko om korleis han prøver å koma bortanfor ein grådigheit som vil leggja alt under seg. Han vil kommunisera med naturen på likefot, slik eg oppfattar det. Men då kan han av og til støyte på eit språk som ikkje heilt får tak på det han opplever.  

småfuglar i greinene
dompap bokfink songar
namna stemmer ikkje
småfuglar i greinene

Når eg les desse dikta, kjenner eg gong på gong korleis Clark stig over noko­ — stig over til noko, er kanskje rettare å seia. Noko han ikkje kan seie så mykje om, men som dikta peikar mot.

prøv å lytta
lenger inn dit
du får hint om at
ingen kvist knekker

Han formidlar ei stille og ein energi. Noko som lever og rører ved han, men som har sitt eige liv. I eit intervju seier han at dikta etablerer små harmoniar, og dermed stemmer øyro våre for slike.

På spørsmålet om det er eskapisme, svarer han at han trur dei leiter etter noko som manglar. At dikta kan ha i seg noko som ein lengtar etter for at ein skal koma vidare og verta heilare. Augneblinken når ein aksepterer det gitte, verda, ser han på som viktig. Å ta imot på ein open måte, er òg naudsynt når ein les desse dikta. Då kan dei setje ein i kontakt med noko som fyller lesaren med takksemd.

i treet her skin det
på greina der gløder det
no på denne staden
no på den andre  

Les fleire dikt på Thomas A. Clarks blogg

Helge Torvund er diktlærar i Diktkammeretforfattar og poesimeldar i Dagbladet. Les alle diktleksjonane hans.

Delta i Diktkammeret — eller, om du er skuleelev, i Skolekammeret.