Ei seniorutfordring til partia

Framfor stortingsvalet i 2005 og kommunevalet i 2007 sende Statens Seniorråd brev til dei politiske partia med oppmoding om å oppmuntra fylkes- og kommunepartia til å nominera personar over 60 år på vallistene sine. Bakgrunnen for denne oppmodinga var det faktum at det eksisterer eit demokratisk underskot i våre folkevalde organ. Seniorgruppa utgjer ein stadig større del av folket i landet vårt, levealderen er stigande, og svært mange seniorar er friskare og meir oppegåande enn dei tilsvarande aldersgruppene var for berre ein generasjon og to sidan. Samstundes har gjennomsnittsalderen hos dei som sit i folkevalde organ vore fallande – mellom anna som fylgje av ei gledeleg rekruttering av ungdom – og det er langt mellom personar over 60 år både i Storting, fylkesting og til dels også i kommunestyra.

Om dei nær 25 prosent av veljarane som er over 60 år, slo seg saman i ein aksjon, kunne det bli eit demokrati-kupp av dimensjonar! Så seint som i september 2008 sende Statens Seniorråd ved leiaren Ivar Leveraas på ny brev til alle partia med oppmoding om å sikra seniorane plass på listene med tanke på stortingsvalet til hausten.

I dette brevet heitte det mellom anna: «I og med at personer over 60 år utgjør om lag 25 prosent av alle stemmeberettigede, bør Stortingets sammensetning avspeile befolkningssammensetningen bedre enn i dag. Samtidig vil Stortinget kunne trekke veksler på representanter med omfattende livserfaring og kompetanse». Så langt i nominasjonsprosessen ser det smått ut med seniorar på dei listene som er ferdige. Det er dessverre liten grunn til å tru at dei nominasjonane som står att, vil endra stort på dette.

Kva kan så gjerast? Jo, i desse dagane har dei fleste parti ha sine landsmøte. Då er det enno tid til å få seniorar inn i viktige partiorgan. Kva med å sikra at minst ein person over 60 år i kvart parti får plass i sentralstyret etter landsmøtet til våren? Med bakgrunn i det ufullstendige demokratiet me har i dag, ville det frå Statens Seniorråd sin synsstad vera eit steg i rett lei. Det er grunn til å ynskja partia lukke til med utfordringa.