OPPFINNSOM: Dagbladets anmelder finner stor språklig oppfinnsomhet hos den lovende debutanten Aina Villanger. Foto: OKTOBER
OPPFINNSOM: Dagbladets anmelder finner stor språklig oppfinnsomhet hos den lovende debutanten Aina Villanger. Foto: OKTOBERVis mer

Ei til tider imponerande diktsamling

Original diktdebut med rikt språk.

ANMELDELSE: «I fruktbarheten vokste tiden.»

Dette er ei linje frå dei aller første sidene av «Den store songen» av Pablo Neruda, diktverket der han målar ut det Søramerikanske kontinentet si soge frå «urfjellet, fødslene» og fram mot vår eiga tid.

Stort tenkt
Det er meir enn tittelen i arbeidet Aina Villanger har levert med boka «langsang», som kan minne om Neruda sitt verk.

Sjølv om formatet er langt mindre, sjølvsagt, og her finst ting i gjennomføring og komposisjon som minner oss om at me har med ein debutant å gjera, så er dette òg ein samanhengande song som famnar vidt, som syng om den individuelle soga og om soga til heile vårt univers.

Stort tenkt, og innimellom er det òg storarta utført.

Leikande
Det er ikkje minst ein original musikalitet og energigjevande språkleik som fascinerer her. Med ein munnleg tone og dialektfarga klang svingar det frå første side, der eit menneske er på veg frå fostervatn til dagslys: «i nattvått hinsides låru mykt/i vev a morshav med gjenklistra øyne». Så:

brått bleire høl i hinna
i en foss a rødt rantru ut spjæla hud
med fjeset dekt av folie

Frekk i fråsparka
Villanger nyttar ord frå eit stort språkleg tilfang og er open, raus og frekk i fråsparka. Det er ein fryd å lesa seg inn i denne krafta som dette språket har. Her er «vibber» og «lykkesaft» og skildra korleis «regnbuer flasha rund rei konstant».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje minst er den neste fødselen, av det stoffet boka er laga av, skildra på ein overtydande måte; snakkinga, språket. Ei «indre gurgling av vulkanisk art/blei miksa med luft/i oppstramma stemmebånd».

Mange fødsler
Me får følgje dette individet på si utforsking av verda, i skog og hav, skildra slik det knapt har vore skildra i norsk poesi før, «en boblans blære i svaians substans».

Eit liv er ikkje bare lys og lyd, og me får sjå korleis tanken etterkvart kastar skuggar og hovudpersonen vår vert sitjande «med svartans syn i tyngans sinn». Alt skal med, og det er vel der det etter kvart vert tydeleg at Villanger gaper over litt for mykje i høve til det som kan fyllast med konkrete og levande språking og poetiske bilete.

Innimellom, og særleg mot slutten, der perspektivet vert utvida, vert det ein del oppramsing som kan kjennast abstrakt, av informasjonar om evolusjonen som har ført universet fram mot den fødselen boka starta med.

Fortetta
Men òg i desse partia glimtar det til med nokre fortetta samanstillingar som viser kva denne poeten kan på sitt beste, i eit slikt glimt ser me at «redskap blei antikvitet blei søppel» og «morter blei atomkraftverk».

Det er i alle fall openbart at det er fleire slags fødslar me er vitne til her, mellom anna at ein ny poet er fødd, ein poet som gjev oss bilete «som en snutt på loop med harmonisk healing/en glødans sang gjennom melkeveier/med blinkans tvinkler/frå lykter a støv».