Ei unik samling dikt

Ein inspirerande og stimulerande antologi full av formidlingsglede og god poesi.

VERDENSLYRIKK: Pedro Carmona-Alvarez (bildet) har sammen med Gunnar Wærness samlet dikt fra hele verden i en ny bok.

Foto: Oddmund Lunde / Dagbladet
VERDENSLYRIKK: Pedro Carmona-Alvarez (bildet) har sammen med Gunnar Wærness samlet dikt fra hele verden i en ny bok. Foto: Oddmund Lunde / DagbladetVis mer

||| ANMELDELSE: Det poetiske blikket, den omfamnande, samanstillande, kontrasterande opplevinga som er både magisk og konkret, syngjande og eksakt, kan over tid slitast ned og utmattast i kvardagane si krevjande togreise, der billetten oftast må kjøpast med ein heilt annan valuta.

Ein vev av melankoli
Difor er det vesentleg at nokon innimellom skapar denne typen slitesterk dokumentasjon som me kan venda oss til. Bøker der det poetiske verdsblikket vert løfta opp som gyldig. Der ein kan sjå røntgenbilete av ein språkleg ryggrad, studera ein vev av melankoli og intellekt, møta 34 kvinner og menn, unge og gamle, levande og døde, poetar frå 25 forskjellige land, og kjenna igjen språket vårt, poesiens språk, på tvers av avstandar i tid, kulturar og geografisk rom.

Det er 15 år sidan Poetisk modernisme kom på Samlaget. Og i «Verden finnes ikke på kartet» får me noko meir enn bare dikt.

Ei unik samling dikt

Her er levande, engasjerte, informative essay om kvar einaste av dei utvalde poetane. Her finn ein opplysningar om bakgrunn og samanheng, tips for vidare lesing og hint om Youtubesnuttar.

Eg er bønnhøyrt
Etter at det hadde vore diskusjonar om å redusera innkjøpet av gjendiktingar av lyrikk gjennom innkjøpsordninga, skreiv eg sommaren 2007 ein artikkel på Dagbladet.no sin litteraturblogg med tittelen «La poesi frå heile verda koma til oss». Der oppfordra eg til at ein heller burde leggja tilhøva til rette for at eldsjeler kunne utføra gjendiktingsarbeid som gjev merkelege gevinstar på sikt. Når eg nå har fått boka denne boka, «Verden finnes ikkje på kartet», med undertittelen «Poesi frå hele verden», er det som om eg har vorte bønhøyrt. Dette er eit unikt bokverk som kan gje ein bokmeldar lyst til å laga ein heil serie med meldingar bare om denne eine boka.

Eg hadde nett lese ein omfattande antologi med serbiske dikt, «The Horse Has Six Legs», då desse 540 sidene, dumpa ned på skrivepulten. Ingen av dei serbiske poetane er med her, noko som bare understrekar det beste av alt, det er mykje meir der ute! Eg vert takksam, overvelda, jublande, rørt ved og letta på. Moglegheita til å laga ei slik bok som dette finst ikkje. Og Wærness og Carmona-Alvarez har gjort det: «Vi har erfart at poesien nærmest utgjør et eget land.»

VERDENSNAVN: Catharina Gripenberg er blant lyrikerne i den nye samlingen.
VERDENSNAVN: Catharina Gripenberg er blant lyrikerne i den nye samlingen. Vis mer