Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ei utdanning på kanten av stupet

«Barnehagane i Noreg har ein svært låg andel utdanna pedagogar i høve til total bemanning: 30 prosent, mens dei andre nordiske landa har 60 prosent.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Dei som meiner å vite noko om framtidstendensar t.d. på arbeidsmarknaden, seier at førskulelæraryrket er ein av dei sikre vinnarane. Til liks med lege, tannlege og sivilingeniør vil førskulelærarar vere ei yrkesgruppe det vil vere stor trong for dei næraste åra. Dette har vi høyrt lenge, og avisene er kvar haust fulle av godt meinte råd til utdanningssøkjarar: vel førskulelærarutdanning og du vil vere ein av utdanningsvinnarane. Denne hausten har vi med full kraft sett kor lite ungdom let seg påverke av slike råd. Det er heilt andre moment som styrer val av utdanning enn utsiktene til å kunne få seg eit sikkert arbeid. I eit samfunn med full sysselsetjing og med klare ideal om å tene mykje pengar på kort tid, ha høg status og gode arbeidsvilkår vert førskulelærarutdanninga den soleklare taparen.

Tal frå det samordna opptaket til høgare utdanning viser dette året ein dramatisk nedgang i talet på søkjarar til førskulelærarutdanning. Til 2165 studieplassar var det i år berre 1864 søkjarar. Dette er ein nedgang på 12% frå i fjor og berre ein tredel av søkjartalet frå 1996. Tal som i seg sjølv er dramatiske. Verre vert det når vi ser vidare på statistikken. Av dei 1746 som i august har fått tilbod om studieplass, er det pr. no 1393 som har sagt ja til tilbodet. Av erfaring veit ein at om lag 20% av desse ikkje møter fram til første studiedag. Med vanleg fråfall dei første vekene, er det neppe noko dårleg tips å seie at om lag 1000 studentar denne hausten vil vere i gang med førskulelærarutdanning. Dette er under halvparten av dei ledige studieplassane. Det er også halvparten av det Stortingsmelding 36 (1998- 99) seier at det vil vere behov for å utdanne framover for å dekkje opp behovet for førskulelærarar i barnehagane. Ifølgje tal frå Norsk Lærarlag treng ein allereie i dag 3000 førskulelærarar for å dekkje opp den umiddelbare trongen.

Situasjonen er alarmerande både for barnehagen og barna som har plass der, men rg for mange av dei om lag tjue høgskulane som driv førskulelærarutdanning.

For dei av oss som har levd med førskulelærarutdanning på 1980- og 1990-talet, har vi hatt periodar før der utdanningssøkjarar har svikta denne utdanninga. Siste lågkonjunktur var på slutten av 80-talet. Den gongen var det heller ingen som ville ta utdanningar som hadde med skule- og omsorgsfeltet å gjere. Det var inngangen til jappetida, og alle skulle ta korte og velfriserte økonomistudium som gjorde dei klare til å ta del i ein blømande økonomisk vekstperiode. Likskapane med år 2000 er slåande. Men ulikskapane er like slåande. Den gongen stod ein framfor ei kraftig utbygging av barnehagesektoren, det var markert politisk vilje til å satse på barnehage og ein fekk ei offensiv stortingsmelding. Stortingsmelding 8 (1988- 89): Barnehagar mot år 2000, drog opp nokre ambisiøse målsetjingar for sektoren det neste tiåret. Dette manglar i dag. Utover førskulelærargruppa, nokre småbarnsforeldre og nokre av dei som arbeider med utdanning av førskulelærarar, er det liten eller nærast ingen interesse for barnehage eller førskulelærarutdanning. For mange ser førskulelærarar meir ut til å vere hår i suppa som gjennomfører plagsame streikar og aksjonar, enn viktig arbeidskraft i ein verdsett samfunnssektor. Kontantstøtteordninga som vart innført for nokre år sidan, ga heilt andre signal og var på ingen måte med på å styrke barnehagen og førskulelærarane sine aksjar. Det ein på mange måtar seier gjennom å sprøyte såpass store økonomiske midlar inn i denne ordninga, er at foreldre skal kunne få lønn for å halde barna sine borte frå pedagogar lengst mogleg.

Framleis finst det i offentlege utgreiingar ein retorikk omkring førskulelærarar og utdanninga av dei. «Førskulelærar er den viktigaste ressursen i barnehagen» og «Førskulelærarar er den viktigaste garantien for å halde oppe kvaliteten i barnehagetilbodet», kan vi lese. Men det er ikkje mange som trur på at det ligg djupare meining bak formuleringane. OECD har i vurderingsrapporten sin om norske barnehagar (Thematic Review of Early Childhood Education and Care) påpeikt at barnehagane i Noreg har ein svært låg andel utdanna pedagogar i høve til total bemanning: 30 prosent, mens dei andre nordiske landa har 60 prosent. Dette er ei fagleg utfordring ikkje berre for sektoren, men for heile samfunnet. Utfordringa vert neppe mindre om nokre år. Flukten frå barnehagen til småskulen forsterkar denne tendensen ytterlegare. Barnehagen som pedagogisk verksemd vil om få år få merke skadeverknadene av det som skjer i dag.

For dei høgskulane rundt om i landet som har førskulelærarutdanning, er det ein umogleg situasjon å vere i over tid. I haust vil det truleg berre vere utdanningane i dei store byane som maktar å fylle opp studieplassane. Det er alvorleg, ikkje minst frå eit distriktsperspektiv, når utdanningane i Alta, Nesna, Volda, Stord og Sogndal sannsynlegvis får mellom 5 og 20 studentar i førsteklassene sine denne hausten. Over tid er det bygd opp høg kompetanse på barnehagefaglege tema ved desse institusjonane. Høgskulane er ikkje berre ein stad der det vert utdanna nye førskulelærarar, men like mykje eit ressurssenter for barnehagane i nærområdet sitt. Førskulelærarutdanningane har i samarbeid med kommunane vore viktige pådrivarar både for den kvantitative og kvalitative barnehageutviklinga i Noreg. Men med den studenttilgangen vi har sett dei siste par åra, vil truleg mange av høgskulane få problem med å halde på den kompetansen dei har bygd opp over år. Det ville stille klokka mange år attende med omsyn til barnehageutviklinga i Distrikts-Noreg, dersom ein om nokre år berre har førskulelærarutdanning i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand.

Dei unge søkjarane til høgare utdanning - både gutar og jenter - sviktar altså førskulelærarutdanninga. Dei ser gjennom retorikken og vel utdanningar som både gir leveleg lønn og rimeleg status. Vegen ut av dette uføret er opplagt ikkje enkel og beint fram. Men ein skal ikkje ha mykje fantasi for å sjå at det må til ei betydeleg opprusting på lønnssida. Nordlandsforsking har i ein rapport nyleg konkludert med at nedgangen i søkjartal til utdanninga har klar samanheng med yrkesgruppa sitt låge lønnsnivå og dei krevjande arbeidsvilkåra som barnehagearbeid inneber. No held det ikkje lenger med haldningskampanjar der meir eller mindre truverdige vaksne står fram og fortel kor flott og utviklande det er å arbeide med små barn. Allmennlærarane fekk i vår eit lønnsoppgjer som dei bør vere nøgde med - velfortent og viktig. Men førskulelærargruppa var ikkje i nærleiken av det same oppgjeret. Det er trong for at det med høg og klar politisk røyst vert sagt at omsorg og læring for små barn i Noreg er ei prioritert samfunnsoppgåve, og at utdanna førskulelærarar er tiltenkt ei sentral oppgåve i dette arbeidet. Vi er komne ut i eit alvorleg uføre når sjølv dei som utdannar førskulelærarar, ikkje overfor eigne barn kan seie: «Bli førskulelærar.» Tvert imot er det mange som prisar seg lukkeleg over at dei akkurat no vel andre studievegar.