Oslo, 20101214. Fritt Ords Honnørpris tildeles Harald Eia for å programmet Hjernevask som utløste en heftig debatt om forskning i nyere tid. 
Bildetekst:
Foto: Nina Hansen / Dagbladet
Oslo, 20101214. Fritt Ords Honnørpris tildeles Harald Eia for å programmet Hjernevask som utløste en heftig debatt om forskning i nyere tid. Bildetekst: Foto: Nina Hansen / DagbladetVis mer

Eia ser flisa i auget sitt, men vil ikkje dra den ut

Du skriv begeistra om Otto Jespersen, Harald, men du veit jo sååå godt at det er Alice Sommer som har skrive vitsane hans (og dine).

Meninger

Etter masse forventingar rundt kva Harald Eia skulle revolusjonere samfunnsdebatten med, kom han endeleg med ei bombe av ein kronikk. Punchlinen var at menn lyttar til andre menn si meining meir enn meininga til damer.

Ok, pus, eg er 1,88 og er kroppsbehåra frå haka til anklane. Her er mi meining.

Allereie då NRK utbasunerte at Knut Schreiner og Harald Eia skulle ta over NRK Ytring, lukta eg ugler i mosen. Eia har gått frå å vere Noregs morsomste mann (og han er det framleis) til å vere fanga, eller å ha posisjonert seg sjølv, i ein krok der det på eitt eller anna vis er forventa at han skal meine noko.

Altså, glashus-steinkastings-alarm: Eg gjer det same. Eg burde halde kjeft og lage teikneseriar, i staden for å plumpe ut med meiningane mine i kronikkform.

Kunstnerisk er det ganske risky å bruke opp det vesle ein har fått av «namn» på å skrive essays. Kunst, sketsjer og teikneseriar bør helst vere ambivalent og moralsk mangetydig. Om det er ALTFOR klart kvar avsendaren står, vert det oppfatta som propaganda for ein eller annan posisjon, og det vart eit humorfagleg problem for Eia etter «Hjernevask» at han så tydeleg leitte etter ein posisjon.

Eg står akkurat like dumt til, men eg er unnskyldt: «Dagjobben» min er å lage teikneserieromanar på nynorsk, og trass i eit globalt monopol på tjukk, nynorsk teikneserieroman-marknaden, er ikkje inntekta mi all verda.

Legg til dette at eg har brukt dei to siste åra på å klippe ein spelefilm som eg finansierte sjølv, og på å fullføre ein teikneserieroman teikna av ein så talentfull men saktegåande mann at eg måtte skrive om kontrakten så han fekk 70 prosent av inntektene, og det er openbart kvifor eg tidvis er nøydd til å drite meg ut med sånne «mi meining er enormt viktig»-tekster i Dagbladet. Det er gryna.

Sidan NRK aldri har betalt fantastisk bra, og hus på Ullevål Hageby er dyrt og medfører ein livsstil der ein må konkurrere med folk som er EKTE rike og ikkje berre lagar kunst, reknar eg med at gryna også kan vere viktig for Eia, men la oss teoretisk seie at denne saken, «Menns mening er dollar, kvinners mening er rubler», er noko han faktisk brann for å seie.

Og la oss også teoretisk seie at eg ikkje skriv denne saken fordi eg er snurt fordi Harald, etter eit fantastisk foredrag om litterær stil på Litteraturhuset 24. oktober, ikkje var flink til å late som om han ville høyre meg bable om meg sjølv.

La oss for guds skyld ikkje påstå at Eia sitt utsagn har med overflod eller underskudd av sex og merksemd å gjere, eit skittent triks kvinnelege feministar av og til dreg fram når dei føler seg angripne. Det er heldigvis på veg ut, akkurat som mannlege antifeministar sin tendens til å tolke alle menn sine vagt feministiske utsagn som teikn på at dei vil smiske seg til kos.

Eia har vore poppis superstjerne, no er han litt mindre poppis superstjerne, men han er framleis poppis superstjerne. Det er umogleg for oss å måle akkurat korleis 50 prosent av SUPER DUPER ULTRABERØMT fortoner seg innanfrå. La oss heller ikkje påstå at min protest mot hans utsagn har noko med dette å gjere heller,  men erfaringsmessig så har eg meir engasjement for å delta i samfunnsdebatten om sexlivet mitt er bra. Om ting går dritalt for meg så skriv eg ikkje kronikkar, eg sveipar meg fortvila gjennom Tinder og er sikker på at livet mitt er over.

Hovudpoenget mitt rundt den der kronikken til Eia er at om ein er intelligent nok til å sjå mønsteret, at ein bryr seg meir om menn si meining og mindre om kvinner si, så BURDE ein også vere KLOK nok til å reprogrammere seg sjølv, å bruke sin intelligens til å samanlikne kvinnene ein møter med mennene ein møter. Du skriv begeistra om Otto Jespersen, Harald, men du veit jo sååå godt at det er Alice Sommer som har skrive vitsane hans (og dine).

Så kvifor vil Eia framstille seg sjølv som så ute av stand til å styre reaksjonsmønster som han sjølv ser så godt? Er det separasjonen av hjerne og kropp (jfr hans fantastiske tekst om einsemd og problemet «jeg forstår ikke mine egne følelser» i Morgenbladet) som er i aktivitet? Hjernen ser kva kroppen gjer, men er ikkje i stand til å hindre kroppen i å gå bort til Otto Jespersen og forbi Alice Sommer? No har ikkje det norske tv-publikum møtt eller sett Alice, fordi ho vil det sånn, men eg har. Og ein må ha ei ganske formidabel homososial begeistring for Otto Jespersen for å klare å ignorere Alice.

Eg kan på eit akademisk nivå kjenne igjen den typen mannleg begeistring for andre menn. Eg merkar også at alle mine samarbeidsprosjekt har vore med påfallande høge, digre menn. Geir Moen, 1,89. Kristopher Schau, 2,00. Knut André Solberg, 1,89. Er det homososialitet? Eller er høge menn meir sjølvsikre, får ting meir servert på fat og treng ikkje undertrykke og knekke andre høge menn (meg, 1,88)? Kanskje dei høge, kreative mennene har mindre behov for eige tv-show og instant gratification i form av svære publikumstal, og dermed kosar seg med å lage akkurat det dei har mest lyst til (tjukke teikneseriar på nynorsk, belemra med unødige mengder research)?

Det plaga meg litt at dei eg samarbeida med var menn. Men det kokte ned til at damene i teikneseriebransjen hadde mykje meir suksess utan meg. Inga Sætre ville gjerne at eg skulle kurse henne, men eg ante ikkje kva ho hadde å lære av meg. Like etter dundra ho inn ein Bragepris, og har klokt nok ikkje spurt meg om å halde kurs for henne etter det. Så fekk eg heldigvis lage bok med Ida Neverdahl, mykje takka vere ein kjærast som godtok at eg gjekk inn i kreativ symbiose med ein 21-åring. Ida er gruoppvekkande analytisk, kreativ og intellektuelt på plass. Det er eit større problem at eg får mindreverdighetskompleks av å samarbeide med henne enn at eg ikkje respekterar hennar idéar.

Dei feministiske stemmene i meiningsprodusent-rekkene løyser denne kognitive dissonansen ved å avfeie Harald si smarthet. Men hallååååå! Har de ikkje sett Oslolosen? Har de ikkje sett ... alt? Nei, Eia har ikkje denne rare mankoen på kvinne-beundring fordi han er dum. Dermed er det litt vanskeleg for meg å henge med i svingane. Nøyaktig korleis har Harald klart å verte så mannsfiksert? Er han fødd sånn? Eller har kompisfylla med Ole-Martin og Kjetil gjort at han har blitt sånn? Han er jo supersmart! Det er imaget hans å vere supersmart!

«Menns mening er viktigere for meg, og for menn generelt» er ein observasjon. Ein kan gnæge på den alt ein vil, ein kan seie «ikkje alle menn» og anna sånt fnask, men statistikken så langt tyder på at han observerer eit mønster han er del av, og snakkar ærleg om det.

Så forstå meg rett: Det er fint og på tide at han seier det. Han er modig som stiller seg sjølv til for hogg, og han opnar opp for at Marie Simonsen skal få sagt ja, sånn er patriarkatet, og at Linn Skåber skal få sende han eit ballespark frå Oppsal. Men kvifor han gidd å ta denne manne-martyr-rolla sjølv? Er det så mykje å vinne på å vere «ei ærlig stemme»?

Den førre kronikken hans som fekk litt merksemd, «Feminine menn i verdens lykkeligste land», med Ole-Martin Ihle og Nils Brenna, følgte nøyaktig same oppskrift: Med vilje vag, slo fast ein del kjønnsrollestrukturar, og antyda, ved å ikkje ta tilstrekkeleg avstand til dei, at kjønnsrollestrukturane var her for å bli. Dette er nok til å få feministane på nakken, men denne gongen var det ingen som tok åtet, alt som skjedde var at Linn Skåber avslappa sa at det var artigare å henge med Kristopher Schau.

Kronikken om mannevalutaen er verdifull, og det er nok. Den får artige svar, fordi den har ei tydeleg slagside og provoserer. Alt i alt ein bra kronikk, det einaste kjipe er at Eia maler seg inn i eit hjørne humorfagleg, det vert vanskelegare og vanskelegare for han som komikar å berøre vriene ting di meir ærleg han er om seg sjølv. Han risikerer at dei mest komplekse verka hans, som den vakre Team Antonsen-sketsjen om muslimske gravferder, blir plumpt fortolka i lys av hans øvrige politiske meiningar. Det er vrient å ikkje utbasunere det ein meiner, spesielt om ein føler at Noreg er litt treige til å lære, og at ein kan flytte diskursen til eit nivå som er litt meir ærleg, litt mindre forstilt og bløffete.

Eg er litt paff av at Eia tilsynelatande ikkje klarer å endre seg, sjølv når han ser problemet så godt. Men for det store publikum, som klarer å sjå på damer, menn, homofile, transpersonar og til og med muslimar som enkeltindivid, er det kanskje fint å bli minna på, igjen, at smart og klok ikkje er det same.