PROTEST: «Borders» vil aldri verte den tidlause klassikaren som «Imagine» er, men det er ikkje M.I.A.s feil. Som protestsong for si tid, er den i mine øyrer på høgde med «Imagine», skriver Runar Gudnason i Ukas Vers. Foto: Apple Music
PROTEST: «Borders» vil aldri verte den tidlause klassikaren som «Imagine» er, men det er ikkje M.I.A.s feil. Som protestsong for si tid, er den i mine øyrer på høgde med «Imagine», skriver Runar Gudnason i Ukas Vers. Foto: Apple MusicVis mer

Eigentleg veldig enkelt

The times they are a-changin'. What's up with that?

Protestsongen er ein vanskeleg sjanger å få til å fungere. Og kven veit eigentleg kva tid han fungerer? Kor mange gjekk frå å vere krigshissar til fredselskande hippie på grunn av «Imagine» av John Lennon? Kanskje ikkje så mange, kanskje ingen. Den viktigaste funksjonen for slike protestsongar er heller som sosialt bindemiddel i dei gruppene av folk som allereie meiner det same som songaren. Og det skal det ikkje kimsast av; like viktig som å protestere mot krig, er det å ha nokon å protestere med.

Det er kanskje naivt å tru at protestsongar kan skape fred eller redde miljøet. Men det vakre med desse songane er ofte nettopp naivitet, at ein tillet seg å seie tinga enkelt, akkurat som dei er. Det har òg den heldige bieffekten at det høyrest sannare ut. Hallo! Det er eigentleg veldig enkelt. Slutt å kaste bomber på kvarandre.

Sanninga er sjølvsagt det stikk motsette, for forholda som «Imagine» handlar om, er skrekkeleg komplekse, og er sausa inn i både politikk, ideologi, sosiale forhold, religion, og ikkje minst kjensler. Det handlar stort sett om alt, og om alt skal med, kan ikkje låten vare i 3-4 minutt. Det må forenklast grovt. Ein effektiv måte å gjere det på, er å skrive ein skjematisk tekst med mange gjentakingar. I Lennons låt startar ei setning med ordet «imagine» to gongar i kvart vers. Det vert det gjennomgåande mantraet i teksten at me skal forestille oss at ting kan vere annleis.

Srilankisk-engelske M.I.A. gjer noko av det same på sin nyaste låt, «Borders». M.I.A. er kanskje endå meir overvelda av kaoset i verda enn Lennon var, så her er mantraet eit spørsmål: «kva skjer?» Alle versa består av oppramsing av ord eller omgrep, fylgt av «What's up with that?»

Ho tar naiviteten som sanning til eit ekstremt nivå i det ho bruker dette uttrykket, og det på ganske modig vis. «What's up with that?» er slikt som stand-up-komikarar seier, eller rettare sagt, slikt som stand-up-komikarar sa før. No er det så oppbrukt at det berre fungerer i parodiar på stand-up, og knapt nok der. Isolert sett er dette utsegnet i dagens populærkultur dumt, banalt og naivt, og kanskje nettopp derfor bruker M.I.A. det. Det er eigentleg veldig enkelt. Me må stille desse spørsmåla.

Om ein protestlåt skal ha livets rett, er det ikkje nok med eit tidstypisk tema i teksten. Uttrykket må òg vere samtidig. «Imagine», frå 1971, er luftig soft rock med strykarar, co-produsert av Phil Spector. På «Borders» har M.I.A. oppdatert sin typiske klipp-og-lim-verdsmusikk med trendy hissige hi-hattar. Like tidstypisk er arrangementet, som berre består av fengande «hooks»; songen er tredelt, men kva som er vers, refreng og bru er ikkje nødvendigivs gitt. Alt høyrest ut som refreng.

Tidstypisk er òg ordleiken som M.I.A. syng seg gjennom i introen til låten: «Freedom, 'I'dom, 'Me'dom / Where's your 'We'dom? / This world needs a brand new 'Re'dom» Det siste ordet kan òg oppfattast som «riddim», altså «rhythm;» her er ein ny protestsong som kan samle oss.

I skarp og effektfull kontrast til «Border»s monotone form, autotunens overflatiske pop og mantraets naivitet, står songens emne. «Borders» handlar om eit konkret problem: flyktningkrisa — og songens tittel får fleire lag av tolkingsmoglegheiter (sjå den sterke videoen regissert av M.I.A. sjølv her). M.I.A. er mykje meir realitetsorientert og sint enn den meir verdsfjerne Lennon.

«Borders» vil aldri verte den tidlause klassikaren som «Imagine» er, men det er ikkje M.I.A.s feil. Som protestsong for si tid, er den i mine øyrer på høgde med «Imagine». Men i dag er populærmusikken mykje meir fragmentert enn før, og me bruker ikkje artistar eller låtar for å vise politisk eller verdimessig tilhøyrigheit i same grad som på syttitalet. No har me sosiale medium i staden. Me kan melde oss inn «Refugees welcome to Sunnmøre»-gruppa på Facebook, eller legge ut eit bilete av ein sms for å vise heile verda at me har gitt 200 kroner til eit godt formål — ein tendens som den teknologibevisste M.I.A. moglegvis òg tar opp i introen: «We'dom smart phones / Don't be dumb»

Der John Lennon er den milde og ømme og naive hippien, er M.I.A. den krasse og kritiske og sinte aktivisten. Men kjernen i bodskapen deira er lik: Me er alle eitt folk.

Lennon seier det slik: «I hope someday you'll join us / And the world will be as one». M.I.A. seier det slik: «Guns blow doors to the system / Yeah fuck 'em when we say we're not with them / We're solid and we don't need to kick them / This is North, South, East and Western».

Det er ein bodskap det er vanskeleg å vere ueinig i. Det er eigentleg veldig enkelt.