Ein barokk bauta

Massiv bok full av melankolsk og munter poesi.

Brødet i ovnen
bykser ut som
ti ville hester
peker på
meg og brøler: Arild,
vi tar den
engang til.

BOK: Eit kort dikt som dette viser korleis Arild Nyquist kunne stempla ein tekst med sitt eige fingeravtrykk. Her får me hans nyquist-surrealisme, der kvardagslege ting som omgjev oss kan oppføra seg påfallande uortodokst. Typisk er det også at det gjerne oppstår tumultar og brøl. Karakteristisk i tillegg at diktet nemner diktar Arild ved namn.

Nå er dikta hans igjen samla i ei flott og feit bok, der Arild med den melankolske barten er avbilda gestikulerande framfor Stamsundlandskapet. Og me morer oss over at forordet som er annonsert på framsida først kjem som etterord. Ting var litt snudd på hovudet i Arild Nyquist si boklege verd. I høve til den førre «Dikt i samling», kan me nok sakna dei nydelege blå og fiolette vignettane til Gunnar Haugland og det alfabetiske registeret til slutt. Men her er med fleire dikt med, og det er stokka litt om på dei og heldigvis teke med dei som vert kalla barnedikt. Det er bra, for det skiljet er då temmeleg fiktivt i diktar Arilds verden!

Jan Erik Vold står bak etterordet. Vold viser mellom anna til kor sentral stilkjensla er hjå Nyquist, og pekar på samanhengen med hans førebilete som Holberg, Wessel og Petter Dass. Ikkje rart at Nyquist endar opp i noko anna enn dei fleste andre norske samtidsdiktarar.Men ein merker seg òg skilnaden mellom «Nordlands trompet» og «Mr. Balubers trompet»! Nyare diktarbrødre var Jens August Schade og Tor Åge Bringsværd.

Kompleks poet

Den barokke svingande utoverveksande rørsla er typisk, men også det avsindige spranget, rett ut i lufta eller brått over i noko totalt uventa. Det gjer det alltid spennande og underhaldande å følgja Nyquist sine dikt. «Dikt i samling» viser tydeleg med sine nær 400 sider at han er mangesidig og kompleks, noko som kom fram då han blei spurt om diktarar som hadde påverka han, og nemnde sånn på sparket, folk som er så ulike som Rilke og Hemingway.

Han skreiv då òg tekstar av mange slag; barnebøker, erindringsromanar, novellesamlingar og epistlar. Epistelsamlinga «Kollvikabrev», der tittelen jo har ei visning til Garborg, er fabelaktige i sin sjanger og var ei gåve til min generasjon og ligg der for alle som vil lesa.

I denne boka er det dikter Arilds dikt som er samla. Desse strekkjer eg i form frå bitte små ruglete naturperler til lange burleske historier og mektige epos, som det eineståande diktet «Havet» som aleine tek 25 sider i denne boka! Eit dikt som mellom alle sine storslåtte bilete inneheld den ugløymelege ordsamansetjinga «Sorg alhambra bratsj».

Nådde langt

Arild Nyquist var ofte ute i Noregs land og framførte sine ting. Til og med i den vesle bygda der eg sit og skriv dette, har han framført dikt i kyrkja og stilt ut bilete i Atelier Ogna. Og om Jæren har han eit dikt der det mellom anna står:

Landet lener seg mot stille natt
mørkner nå
her på Hå
dikter månen fram
gjør den til en vakker pram

Men han nådde jo mykje lenger enn han rakk å reise sjølv, anten det var aleine med diktbøkene eller med band og instrument. Med kassettar, plater og Cd-arkom han ut til endå fleire, og mang ei tekststrofe festa seg djupt i lyttarens sinn etter å ha høyrt diktar Arild lesaeller lesesyngja med særeigen stil: «Postmann sa til meg/ vær så helvetes grei/sett kassa litt lenger opp,i bakken, du bor jo nederst i en blindvei!».

Rekkevidde

Kanskje er det likevel eit av dikta som har vorte kalla barnedik, som har fange inn flest? Eit dikt som på sin geniale måte får fram både Arild Nyquist sin kjerne, og som gjev oss alle ei oppskrift, ein handlingsplan som bare ser ut til å verta meir og meir aktuell. Han er forståeleg for alle i sitt naive formspråk, men med enorm rekkevidde og eit stort underliggjande erfaringsalvor:

Hallo, langt der inne i skogen?
Er du der, langt der inne i
skogen?
Gjemmer du deg, langt, langt
der inne i skogen og ikke
vil komme ut?
( - )
Jeg synes det er dumt at du
gjemmer deg langt der
inne i skogen og ikke kan se
meg, og at jeg står
her ute på veien og ikke kan
se deg - for hvis vi
ikke kan se hverandre, og snakke
med
hverandre,tenker vi kanskje
stygge tanker
om hverandre -
( - )
Derfor roper jeg på
deg nå, så høyt jeg
bare kan: Kom ut av skogen, da!
Kom ut og hils på meg da!
- Vil du ikke sier du?
Tør du ikke sier du?
Vil du at jeg skal komme inn til
deg i stedet?
Ja, da kommer jeg da.
Nå kommer jeg ...

I alt det surrealistiske sirkuset er det mykje smerte og einsemd og knyttnevar rett i magen på lesaren i Nyquist sine dikt. Ofte formidla på ein måte som gir oss ei kjensle av gjenkjenning, me er i same sårbare båten. Eller så har dikter Arild det verre. Han legger jo ikkje fingrane mellom, anten det er sjølvbiografisk stoff eller ville fantasiar, og han er like raus med dei gode og vare observasjonane som med bluesen sin.

Dei vonde opplevingane som kjem fram i erindringsboka om ungdomstida, finn me att i fleire direkte dikt om far og mor, til dømes i dikta frå «Arilds hus». Som Tor Ulven vågar han å gå inn i dei ubehagelege tinga. Men der Ulven har stramme, nedskrapa dikt, som liknar fiskebein, har Nyquist viltre dikt som slår med sporden. Men det er fiskebein inni.Så finst det andre dikt som gjev oss den lune diktar Arild med vidopne, nyopna auge som ser seg om i verda og oppdagar eit lite dikt og samtidig på forunderleg vis gjer oss delaktige i skapinga, og i fallet.

FINT MED

- høsten, den kommer
når den skal. Helt til
å stole på, høsten - holder
avtaler som en gammel
trikk. Forresten, ikkje så med
meg - jeg er nok mere
usikker: plutselig en dag faller
jeg. Og det blir stille
på jorden. Stille som når Arild
forlater den. Det blir
stille det.

STOR DIKTER: Arild Nyquist døde rett før jul i 2004. Hans samlede dikt er et av de mest sentrale i <p></p>nyere norsk lyrikk.<!--FOTO-->