Ein blasfemikommisjon?

MUHAMMED: Karikaturane har gitt opphav til mykje sterk og underleg retorikk desse dagane. Det blir brukt faste ord og hard kritikk frå høge postar mot dei som trykte teikningane. Samtidig blir det slått fast at ytringsfridommen er heilag, urørleg. Dei som har ansvar, redaktørar og andre må bruke vett og forstand no og i framtida og ikkje gjere slikt. Slikt kan vi ikkje ha. Dette er å tale med to tunger. Det er å omtale eit alvorleg problem utan å prøve å løyse det. Framleis vil det vere slik at det er ein Selbekk, ei Else Michelet eller ein Otto Jespersen som sit med fyrstikkene og kan tenne opp eit nytt bål når det måtte passe. Det er deira vett og forstand det heile kviler på. Eg sa vi skulle stele med vet, sa mannen, han sto i retten. Dei hadde stole alt mjølet på stabburet til bonden. Ekstremistane har framleis dagsorden i sine hender, som i Palestina.

FOR OSS er det heilage historie, vi har gløymt kva det er. Difor forstår vi ikkje reaksjonane. Unni Wikan forklarte oss det her om kvelden på skjermen. Og det er gripande å sjå kroppsspråket til dei unge muslimane som på ein skjelvande måte prøver å forklare oss kor krenkte og såra dei er. Og spørsmålet reiser seg: Har vi, i vår kunnskapsløyse og uforstand, lov å gjere andre menneske så vondt som vi her har gjort? No kjem dei historiske argumenta rullande, om religionskritikkens rolle i vår historia, mot autoritet og makt og alt det andre vi har høyrt desse dagane. Men må vi kunne håne for å kunne kritisere? Er det innlysande? Må vi håne profeten for å kunne kritisere kvinnesyn, ekteskapspraksis, rettssystem? Vi må kunne tulle med Muhammed, seier Eyvind Smith, medlem i Ytringsfridomskommisjonen. Vi kan ikkje det, seier Unni Wikan, som veit kva ho snakkar om. Kommisjonen kan vel ikkje gjerast ansvarleg for Smiths ord, men orda kan indikere at kommisjonen ikkje gjekk svært djupt i denne materien.Formannen, Francis Sejersted, står fast på sitt framlegg om å oppheve blasfemiparagrafen.Det må vere andre måtar å bekjempe overtramp på, seier han, utan at han går nærare inn på det. Regjeringa får ros, men dei får også vite at dei kunne «opptrådt mer offensivt og prinsipielt.»Ein ting er å rope Halleluja, sa vi på bedehuset heime. Noko anna er å gjere det.Nokre av oss har meint at det vart mykje halleluja frå Ytringsfridomskommisjonen. No skal regjeringa gjere det. Det er noko anna.

VAR DET EIN tanke om regjeringa sette ned ein ny kommisjon, ein blasfemikommisjon, der vi og muslimane kunne sitt i ro og fred, utan å høyre ulinga av brannbilane heile tida? Det skjer alt mykje godt arbeid rundt i Norge av det slaget i dag. Men om regjeringa sette ned ein slik kommisjon, ville det vere noko meir: Eit signal om at vi har høyrt kva dei seier, og at vi vil prøve å forstå det. Det har vi tydelegvis ikkje gjort. Utfallet av eit slikt arbeid må ikkje vere gitt. Men det kunne vere eit godt utgangspunkt om vi sekulære lutheranarane jekka oss litt ned, frå vår pidestall som det endelege målet for historia. Er det ikkje verdt å prøve? Ein smal og kronglete sti ut av eit ulendt og farleg terreng?