Ein fryd å lesa

Svingande, sjølvironiske, munnlege og leikne dikt.

BOK: Nils-Øivind Haagensens dikt handlar om kjærleiken. Og dei fortel om oss sjølve med ei vakker blanding av avsløring og respekt.

Klart og rart glas

Dette er dikt som det er ein fryd å lesa, dikt som ser på menneska gjennom klart og rart glas og får meg til å tenkja på både Charles Bukowski og Adrian Henri! Her er ville science fiction-historier om insekt som tek seg inn i menneska og får dei til å føla seg så bra. Her er dikt om Pablo Neruda og Boris Pasternak, men først og mest er det dikt om forholdet mellom menneska, mellom mannen og kvinna og dei merkelege måtane ein prøver å få til eit liv på. Her er oppvisning i spretten språkkjensle:

« hun sa, alt som flyter, flyter

men det som bevrer

det som blåser

det som er av tre

det jeg hører etter at du er forsvunnet ut

i regnet »

Dette er annleis enn det meste, og nytt, men samstundes veldig gammalt, for dette er tekstar som fortel historier om menneska, og dei fortel som ein forteljar, dei snakkar med oss, dreg oss inn i teksten med spørsmål som «sa jeg fyrstikkeske?» og veldig direkte nedskrivne tankar; «hun er faen meg sprø, tenkte han / jeg skal drepe henne» .

Glimrende om døden

Og ikkje før har han tenkt dette, så byrjar tinga å snakke til han. At omslaget viser ein detalj frå Ilya Kabakov sin fantastiske installasjon på Samtidsmuseet, «Mannen som ikke kastet noe», er heilt på sin plass. Eit glimrande dikt om døden som vert avslutta med ein klargjerande samtale med nokre tigrar, høyrer med i ei bok som dette. Alvoret er stabla opp overalt. Det står der, men når det ein sjeldan gong får koma til orde, svarer jenta som sturer: «det er / omtrent det dummeste jeg har / hørt» . Les boka sjølv, og gjev ho så til folk som ikkje har lese dikt før.

Det er noko ved desse tekstane (er det det at dei handlar om kjærleik?) som bør finna fram til mange lesarar:

« og faen om du kan sette fingeren på det

det som en gang var

du skal aldri igjen legge deg med en kald spiseskje på brystet »