Ein test på statens mineralstrategi: Engebøsaka er ein første test på kvar «avfallsbalansen» går. Miljøaktivistar, media og ein veksande opinion synest heilt å vrake testen, skriv Georg Arnestad. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet
Ein test på statens mineralstrategi: Engebøsaka er ein første test på kvar «avfallsbalansen» går. Miljøaktivistar, media og ein veksande opinion synest heilt å vrake testen, skriv Georg Arnestad. Foto: Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer

Ein grønare mineralstrategi?

Ei mineralgruve i Engebøfjellet og eit sjødeponi i Førdefjorden er den første testen på statens offensive strategi for mineralnæringa.

Meninger

Norske fjell er fulle av mineral. Ei ny raudgrøn minerallov kom på plass i 2010. Tre år seinare la regjeringa fram ein offensiv strategi for ei norsk mineralnæring. Næringsminister Giske ville gjenopne ei rekkje gamle gruver i Noreg. Han såg òg føre seg nye gruver og ny industri knytt til mineralfunn i bygde-Noreg. Sp, Høgre og Frp har slutta heilhjarta opp om den offensive strategien. Eit stort politisk fleirtal, 84 prosent av stortingsrepresentantane, ønskjer auka mineralverksemd i Noreg. Men i den statlege mineralstrategien er ordet grønt ikkje nemnt éin einaste gong.

I Sunnfjord har to småkommunar, Naustdal og Askvoll, med eit breitt fleirtal i begge kommunestyra i to valperiodar, godkjent ein reguleringsplan som vil gi selskapet Nordic Mining AS rett til utvinning av det sterkt etterspurte metallet rutil i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal. I april i år fekk gruveselskapet konsesjon på denne utvinninga. Sidan då har opinionen mot prosjektet vokse frå bris til storm. I sentrum for striden står eit fem km2 avfallsdeponi i Førdefjorden.

Men striden kring fjorddeponiet dreier seg også om mykje meir. Det grønkledde fjord-Noreg med sine vakre bygder og grender langs laksefjordane er ikkje klart til å verte framtidas gruvesamfunn. Ordet gruvesamfunn har ein dårleg klang i eit land og i eit fylke som ser seg sjølve i fronten av det grøne skiftet. Bildet av Sultitjelma med støv og skitne gruvearbeidarar kjem fram i medvitet. Slagg og farlege avfallsstoff. Anleggssluskar og importerte gruvearbeidarar frå Aust-Europa. Det er vel ikkje dette bygdene skal leve av i det grøne samfunnet? Avfallet som skal dumpast i Førdefjorden, vil leggje delar av fjorden daud i inntil 50 år, heiter det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

At ingen gruvekonsesjon i vår del av verda har vorte underlagt så mykje fagleg utgreiingsarbeid som i dette tilfellet, kjem knapt fram. Miljøorganisasjonane, med Natur og Ungdom i spissen, har rasa mot sjødeponiet. Med seg på laget har dei mange unge i Sogn og Fjordane, lokalsamfunnet i Vevring og heile det globale mediesamfunnet. Lokalt går Bergens Tidende, Firda og Firdaposten mot prosjektet. Og til overmål: nabokommunen, det lett urbaniserte Førde, har vedteke å anke regjeringas konsesjonsvedtak inn for overvakingsorganet til EFTA.

Men den politiske realiteten er den same. Regjeringa, eit klart stortingsfleirtal, fylkeskommunen og fylkesmannen og eit overveldande fleirtal i kommunestyra i Askvoll og Naustdal står bak prosjektet. Den nasjonale mineralstrategien frå 2013 ligg fast. På alle forvaltningsnivåa har gruvetilhengjarane ein overveldande parlamentarisk majoritet bak seg. Denne overmakta er likevel «a silent majority». Dei sterkt negative sidene ved sjødeponiet dominerer debatten. At deponiet omfattar eit område som dekkjer maks fem prosent av Førdefjorden, at fagfolk til dels er sterkt usamde om langtidsverknadene og konsekvensane for ulike typar liv i fjorden, spelar lita rolle. Ja-sida sine argument om arbeidsplassar og økonomiske verknader er som slag i lufta. Og er det ikkje snakk om importert arbeidskraft?

I lokalsamfunnet Vevring, der sjølve gruva skal lokaliserast, er sjølvsagt motstanden stor. Reiselivet går mot prosjektet. Lakseoppdrettarane, som i årevis har forureina Førdefjorden, har kasta seg på aksjonen. Noregs omdøme som truverdig miljønasjon og som grønt turistmål, er sett i spel, vert det hevda. Og Miljødirektoratet, som godkjende sjødeponiet, vert skulda for å ha gitt etter for politisk press frå regjeringa.

Landsleiren til Natur og Ungdom i Vevring tidleg i august fekk full medieutteljing over heile landet. Dei grøne småpartia sende partileiarane sine til paneldebatten i Vevring, medan alle gruvepartia lét seg representere ved lokalpolitikarar. Konsesjonsgivar Jan Tore Sanner kunne i det minste ha teke turen. Torde han ikkje?

Utnytting av naturressursar har skapt mykje av grunnlaget for velstanden og veksten på Vestlandet. Også i framtida må vi kunne kapitalisere naturressursane våre. Vi har lært oss å leve med dei negative biverknadane, enten dette gjeld lakseoppdrett, aluminium eller kraftutbygging. Siste åra har Sogn og Fjordane også vore på botnen av befolkningsstatistikken i Noreg. Fylket vert tappa for ungdom. Men i berggrunnen ligg minerala. Dei kan verte ei viktig inntektskjelde for skrantande bygder. I dag er likevel avfalls- og deponiproblema heilt overskyggande. Engebøsaka er ein første test på kvar «avfallsbalansen» går. Miljøaktivistar, media og ein veksande opinion, også regionalt, synest heilt å vrake testen. Det grøne skiftet vi skal leve av, er derimot fullstendig i det blå. Ølbrygging og filmskaping, nemnde aksjonistane i Vevring.

Dramaet som utspeglar seg i Vevring, er ingen klassisk sentrum-periferi konflikt. Opphavleg stod det nærsynte og ultralokale saman med dei som forvaltar dei allmenne miljøprinsippa, mot kommunen, regionen og staten. Men bildet er mindre tydeleg i dag, etter godkjenninga av sjødeponiet. Skepsisen aukar på fleire nivå. Sjødeponiet i Førdefjorden kan vere så miljømessig forsvarleg det berre vil. Det hjelper ikkje det slag at konsesjonskrava legg opp til eit detaljert overvakings- og kontrollregime for avfallsstoff og deponering. Stadig færre synest å ville ha eit skittent gruvesamfunn og eit kortvarig industrieventyr. Ikkje treng vi arbeidsplassane heller. Alle i Sunnfjord har jo arbeid.

Erfaringane frå den intense gruvedebatten med basis i Førdefjorden og Vevring viser at dagens moderne Vest-Noreg langt frå er klart for ny gruveverksemd. Og kven ønskjer at Vevring skal verte vestlandsfjordens Alta? Kanskje kan valresultatet i haust, i Naustdal og Askvoll, og i regionen og fylket elles, gi styresmaktene eit slags svar.

Men Natur og Ungdom får sjølvsagt ikkje siste ordet. Mineralførekomsten i Engebøfjellet ligg der. Verdien vert ikkje borte. Den er sikrare enn banken. Naustdal kommune kan truleg sjå lyst på framtida. Men først må ein grønare nasjonal mineralstrategi kome på bordet.

Dette innlegget er publisert under vår nye seksjon for lokale meninger. Her kan du lese flere innlegg, eller skrive til oss.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook