NAV: Hjelper  ikke, skriver kronikkforfatter. Foto: Øistein Norum Monsen / Dagbladet
NAV: Hjelper  ikke, skriver kronikkforfatter. Foto: Øistein Norum Monsen / DagbladetVis mer

Ein hyllest til Norges Avslappings- og Vonløyseformidling (NAV)

Eg har jo flust av dagpengar!

Meninger

Å jobbe fire år med bistand med IKT i sekken var ikkje det beste karrierevalet. Ser eg no. Det ante meg jo før eg pakka sekken. Men alt for idealismen, er det ikkje slik? Men samstundes - IKT pluss bistand pluss spansk, samt eit lass internasjonale impulsar - kva for arbeidsgivar kan vel motstå slik ein eksotisk kombinasjon når eg kjem tilbake til fedrelandet?

Mange, skulle det vise seg. Hundre og tjue hittil. På under eit år. Men kva gjer vel det? Eg har kone, to barn, hus, bil, lån og kjøleskap. Og flusst av dagpengar! Som eg kan bruke til nett det eg vil. Nesten.

JOBBSØKER: Bjørnar Valbø
JOBBSØKER: Bjørnar Valbø Vis mer

Ny arbeids- og velferdsforvalting kviler som ei rik velsigning over velferdsnavlen. Dei hjelper slike som meg til å sitte heime og sjå serie etter serie på Netflix - og attpåtil få betalt for det! Min førre rettleiingstime med NAV var i juni 2015. Heimelekse: Søk tre jobbar før september. Eg søkte tjue. Etter dette har hundre fleire sagt nei. Flaks vi kjøpte ny sofa i fjor. Elles hadde nok Arrow, Limitless, Game of Thrones, Homeland, The 100, House of Cards og Narcos snart gitt meg liggesår. Eg har vore inne på tanken om å fylle dagane med noko vetugt. Som å få papir på spansken eg kan. Men nei. Naboen kan jo ikkje betale skatt for at eg skal studere gratis. Det blir for dumt! Betre å fullføre Homeland.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I januar gjekk eg på ski. Er det innafor? Strålande sol, tjue minus og tomme, nypreparerte skiløyper. Pur glede finansiert av naboen. Hundre og tretti kroner timen for å ha det berre gøy. Joda, det stakk litt i hjartet. Men studier på naboens rekning er det iallfall ikkje! Innafor!

No er snøen for lengst borte. Men jogging er keisamt, og Netflix er runda. Kanskje eg kan pjaske med eit par IT-prosjekt? For gøy, sjølvsagt. Iallfall for no - det kan jo bli alvor på sikt. Men nei. Det er visst definert som «ulønna arbeid», så då tapar eg dagpengar. Pluss prosjektutgifter. Nei, betre å begynne på HBO. Tenke seg til å gjere noko konstruktivt!

Men smutthol finst det visst. «Dagpengar under etablering av verksemd» heiter holet. Så eg søkte. «Har du næringsfaglig vurdering?» spør NAV.no. «Nei, kva er det?» Eg søker. NAV.no viser meg null fornuftige treff. NAV spør, men kan ikkje svaret sjølv. Så då er det vel ikkje så farlig. Men jo: «Din søknad manglar 'næringsfaglig vurdering' og kan ikkje vurderast» stod det i svarbrevet. Fantastisk! Så då får ein ringe og høyre kva dette betyr. Det gjekk slik:

Svarbrev frå NAV Nasjonalt: Kontakt NAV Lokalt.

NAV Lokalt har ikkje eige telefonnummer. Så eg ringer NAV Nasjonalt.

NAV Nasjonalt: Eg ber NAV Lokalt ringe deg

NAV Lokalt: Ikkje snakk med oss. Snakk med tredjepartsinstansen.

Tredjepartsinstansen: Ikkje ring oss direkte! Ring Anna på NAV Lokalt.

Anna på NAV Lokalt: Du må til tredjepartsinstansen. Men kom, så skal eg henvise deg!

Takk, Anna! Kanskje eg kan begynne så smått med noko fornuftig medan NAV og tredjepartsinstansen jobbar med «næringsfaglig vurdering»? HBO har jo trass alt ikkje mange spanande seriar. Men nei. Det vil jo framleis gå som «ulønna arbeid». Eg får heller vente. Det har eg jo blitt god på. Flaks vi har TV2 Sumo i tillegg til Netflix og HBO. Limitless er bra der, har eg høyrt. For øvrig ein treffande tittel; den passar jo perfekt på NAV, som legg til rette for grenselause moglegheiter.

Men for all del! Eg klagar ikkje. Eg får jo betalt for å gå på ski. Og sjå TV. Kan det bli betre?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook