KULTURMINISTER: Ønsker kulturminister Linda Hofstad Helleland egentlig kunst, spør Maria Tryti Vennerød. Foto: Nina Hansen / DAGBLADET
KULTURMINISTER: Ønsker kulturminister Linda Hofstad Helleland egentlig kunst, spør Maria Tryti Vennerød. Foto: Nina Hansen / DAGBLADETVis mer

Kultur:

Ein kulturminister som ikkje ønskjer kunst

Kunstnariske ambisjonar er i seg sjølv noko anna enn ambisjonar om god butikk.

Meninger

Kulturminister Linda Hofstad Helleland skriv 26. oktober 2017 at «flere kunstnere må fungere kommersielt…(…) Tiden er overmoden for å vurdere nye initiativ og tiltak som kan gi flere kunstnere muligheter til å øke inntektene fra sitt kunstneriske virke.»

Det er vanskeleg å forstå utspela frå Helleland som noko anna enn at Helleland rett og slett ikkje ønskjer kunst på kunstnariske premissar. Ho ønskjer seg næring - ikkje i tillegg til kunst, men i staden for kunst. Næringverksemd spring ut frå heilt andre motivasjonar enn kunst, men det forstår ho ikkje.

Snakket hennar om at kunstnarane må bli «sjølvstendige»; betyr nemleg det motsette - for viss vi mistar offentleg støtte blir vi avhengige av å tena pengar på annan måte, og det krev ei heilt anna type tenkning enn det som skapar god kunst. For dei fleste av oss betyr det mindre eller ingen produksjon.

At nokre få kunstnarar tener godt, er supert, men irrelevant. Du kan ikkje skapa god kunst viss hovudmålet er å tena pengar.

Kunstnariske ambisjonar er i seg sjølv noko anna enn ambisjonar om god butikk.

Og det er ikkje slik at støtteordningane frå Kulturrådet er noko for kunstnarar som ikkje er komne skikkeleg i gang, eller for kunstnarar som ikkje klarer seg sjølve fordi vi er dårlege. Mange av dei beste og mest etablerte av oss er fullstendig avhengige av offentleg støtte for å kunna produsera.

Eg forstår det rett og slett som at Helleland ønskjer noko anna enn kunstnarar som strevar etter å laga best mogleg kunst.