Ein kur mot politiviruset

ARBEIDSLIV: I anstendigheitas namn må politikarane stå saman mot politiet.

Ein viktig grunn til at vi har fått det så pass godt i Noreg, er det velorganiserte forhandlingssystemet i arbeidslivet. Dette systemet er bygd på tillit samstundes som det sjølv produserer tillit. Systemet har saman med ein sterk velferdsstat gjort at likskap lar seg kombinere med økonomisk konkuransedugleik. Fagforeiningsleiar i politiet, Arne Johannessen, uttaler til TV2 at fredsplikta i arbeidslivet berre er tull (13. november). Politiet sviktar no med dei ulovlege lønsaksjonane sine alle dei gruppene som respekterer fredsplikta. Politiet prøver å snike i køen. Om politiet lukkast med sin ulovlege lønskamp - kva skal dei som følgjer spelereglane gjere? Skal fengselsbetjentar, sosialarbeidarar, legar, sjukepleiarar og lærarar berre sitje roleg og sjå på at det er dei som gjev blaffen i andre, som vert premierte? Kåre Reiten, lokal tillitsvalt for legane i Stavanger, spurde nyleg kva som ville skjedd om alle legane på legevakta melde seg sjuke. - Men det ville dei aldri gjere, la han til, av moralske grunnar. Legar ville aldri svikta pasientane slik politiet sviktar vanlege folk, sa han.

I nabolaget veit eg om ei kvinne som ofte må jobbe ubetalt overtid. Ho arbeider i barnevernet. Ikkje sjeldan kjem ho seinare heim enn ho ville for å gje eit barn ein trygg stad å vere. I den norske maktutgreiinga las vi at det er slike som henne, som tar eit tak når det røyner på, som er kvardagsheltane. Som tusenvis av andre er ho med på det store samfunnssamarbeidet. Politiet saboterer det i sin gruppeegoisme.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Profesjonane i samfunnet får einerett på arbeidsoppgåver i bytte mot at samfunnet kan vite at tenestene vert gjort skikkeleg. Den lokale tillitsvalte for politiet i Rogaland, Arild Sandstøl, deltok laurdag på nettmøte i ei lokal avis. Eg sender inn eit spørsmål om det er rett at den organiserte kriminaliteten no igjen er på frammarsj på grunn av politiets aksjonar. Han svarer: «Det er nok dessverre et riktig bilde. (…) Det er ikke greit for meg, men det er heller ikke våre medlemmers ansvar». Politiet held slik på med tidenes dårlegaste førebyggjande arbeid i høve til deira samfunnsoppgåve samanlikna med alle andre liknande grupper.

Politiet står i ei særstilling fordi dei har einerett på bruk av vald. Nyleg kom det fram at mange politibetjentar i Trøndelag saboterte skyteøvingar ved å bomme på blinken med vilje. Grunnen til at dei gjorde det, var frustrasjon over generelle arbeidsvilkår. Vi har altså ein situasjon der dei som har lov til å skyte mot nokon, lar vere å øve. Dei blir dermed dårlegare til å treffe når dei skal. Kva så om ein av dei politimennene som neste gong må bruke våpen i tenesta, er ein av aksjonistane. Kanskje han bommar og treff feil person eller unødig påfører nokon livstrugande skadde. Då er ikkje føresetnadane vi som samfunn har sett for at politiet skal kunne bruke våpen, til stades lenger. I dag verkar det som om politiet ikkje skjønar ein så enkel samanheng. Det gjer tydelegvis heller ikkje stasjonssjefen på Grønland, Kåre Stølen, som vil skysse det han ser på som narkomane opp føre Stortinget. Trur han politiet kan bruke sitt valdsmonopol til å skysse utsette grupper hit og dit som om dei var viljeslause brikker til bruk for politiet i sitt spel? Kven er dei neste han vil bruke?

Har vi nokre mottrekk når profesjonar grovt misbruker tillita? Eller må vi finne oss i at samfunnet vert tatt som gissel? Eit mottrekk er å setje hardt mot hardt. Grunnen til at det berre var ei patrulje på vakt i Stavangerregionen nyleg, med eit område på over 160 000 innbyggjarar, var at 22 politifolk like etter klokka 1430 om fredagen melde seg sjuke. Når vanlege politifolk slik gjer seg til trygdemisbrukarar, spekulerer dei i at sjukemeldingane ikkje vert sjekka nærare. Politisjefen kunne sette hardt mot hardt ved å krevje sjukemeldingar eller ved å bruke arbeidsretten. Problemet er at det ville berre forsure klimaet ytterlegare. Å bruke makt mot dei som berre vil sabotere, fungerer ikkje fordi endring i åtferd må villast. For det finst 100 måtar dei vi har gitt tillit, kan misbruke ho på ved å gjere ein dårleg jobb. Politiet må sjølv forstå at dei har gått over streken.

Eit anna mottrekk er å påføre arbeidsgruppa så mykje skam at skikkelege folk i etaten sjølv reagerer. Det er ein betre måte. Vanlege folk som kjenner politibetjentar, bør difor spørje dei direkte om ikkje dei også bør følgje spelereglane slik andre skikkelege folk gjer. I saman med mediepress kan det endre interne maktforhold. Då kan heiderlege folk internt klare å moderere dei mest fundamentalistiske aksjonistane i politiet.

Men ein slik strategi føreset at politikarane lar vere å fiske i det rørte vatnet. Populistane i Frp kan vi ikkje rekne med. Men av Høgre bør det forventast meir. Erna Solberg gjekk nyleg langt i retning av å støtte politiets ulovlege aksjonar. Politileiaren har alt trykkja Høgreleiaren til sitt bryst. Erna Solberg vert slik brukt i den ulovlege lønskampen. Men dersom politiet når fram, er det ei indirekte oppfordring til andre grupper om å sabotere samfunnssamarbeidet på liknande vis som politiet gjer. Heller ikkje Høgre burde bidra til å svekkje noko av det beste i det norske samfunnet - den sosiale kapitalen; at ulikegrupper kan stole på kvarandre.

Mot politiviruset er samhald den beste kuren. Høgre burde styre unna populismen. Høgre bør ta det samfunnsansvaret som kjenneteiknar partiet på sitt beste.

I LØNNSKAMP: Om politiet lukkast med sin ulovlege lønskamp - kva skal dei som følgjer spelereglane gjere, spør artikkelforfatteren. Bildet viser Arne Johannessen i Politiets fellesforbund. Foto: Hans A. Vedlog
I LØNNSKAMP: Om politiet lukkast med sin ulovlege lønskamp - kva skal dei som følgjer spelereglane gjere, spør artikkelforfatteren. Bildet viser Arne Johannessen i Politiets fellesforbund. Foto: Hans A. Vedlog Vis mer
Ein kur mot politiviruset