Ein meir variert skule

SKULE OG KJØNN: Er gutars problem i skulen berre eit individuelt og moralsk problem?

HARRIET BJERRUM NIELSEN ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning går i eit debattinnlegg i Dagbladet 23. februar til angrep på synspunkt om at skulen betre bør tilpasse seg ein del gutars læringsbehov. Vi som har uttalt oss til avisa blir utan vidare tatt til inntekt for avisa sitt oppslag: «Skolen er for feminin», sjølv om dette etter mi meining blir ein alt for enkel og einsidig dimensjon for å vurdere skulens kvalitet. Når så Nielsen også vrir på og spissformulerer frå utvalde setningar i eit kort intervju, blir det lett feil. Det er ikkje mi vurdering at jenter presterer godt i norsk skule fordi dei er passive og konforme. Tvert i mot. Eg har nyleg skrive ein artikkel i Tidsskrift for samfunnsforskning (nr. 3/2006) som viser at jenter frå norske bygdemiljø satsar på høgre utdanning langt meir enn gutar og minst på linje med jenter i større byar, og at den viktigaste grunnen ser ut til å vere at dei er aktive og framsynte og vil skaffe seg godt utgangspunkt for seinare val i livet. La oss heller starte med å vurdere om gutars manglande deltaking og resultat i skulen er eit problem eller ikkje. Ut frå Nielsen sitt innlegg ser det ut til å vere eit individuelt og moralsk problem (gutane må klare «å håndtere de kravene som det moderne livet stiller»), meir enn eit problem skulen skal handtere. Kva handlar så problemet om? Betre karakterar for jentene i så og seie alle fag er neppe det mest dramatiske. Dokumentasjonen på meir alvorlege forhold er relativt solid. Ei gruppe forskarar ved NIFU Step (Markussen m.fl.) har til dømes følgt eit utval på nærare 10 000 elevar over fire år etter grunnskulen. Konklusjonen er alarmerande. Svært mange har svært lite framdrift. Dei er ikkje «i rute» - mange har rett og slett slutta utan noko form for formell kvalifikasjon. Gutane er i fleirtal - særleg gutar frå det vi gjerne kallar lågare sosiale lag. På nokre yrkesfag har 35-45 prosent av dei som starta slutta for godt.

DRAMATIKKEN i desse tala blir understøtta i liknande analysar frå SSB siste året. M.a. viser studien at talet på elevar som gjennomfører vidaregåande skule på «normert» tid har gått ned frå kullet som starta i 1994 til 2000-kullet. Dersom desse analysane er representative for norsk ungdom, kan dei tyde på at kanskje så mange som 10 tusen unge i kvart årskull berre har droppa ut av skulen, medan minst like mange ikkje er i rute. I denne situasjonen er det så Nielsen åtvarar ministeren mot å prøve å «tilpasse skolen» til det ho kallar ein «utdatert maskulinitetsform». Litt av ei melding til dei mange som slit med skulens læringsmiljø. Ville kvinneforskaren tilrå same medisin om det var jentene som var mest utsette?Min bakgrunn for å uttale meg om problemet er m.a. at eg i lag med forskar Tormod Øia har analysert «Ung i Norge-materialet» ved NOVA, og ser at jentene generelt mestrar skulegangen betre enn gutane. I tillegg har eg i lag med andre forskarar gjennomført ein omfattande kvalitativ studie av ungdom med tidleg avslutta skulegang. Dette arbeidet fortel meg at noko av grunnen til dei problema som er nemnt over finst i skulens læringsmiljø. Det har mange sider: Gjennom alle reformer sidan 60-talet, frå grunnskule til høgskule, er det gitt konsesjonar til eit meir teoretisk læringsmiljø. Det å arbeide og lære i klasserommet, med bøker og skriftlege tekstar, er meir fokusert, medan meir praktiske former for kunnskapstilegning har kome i bakgrunnen. Reform 94 er eit av dei siste og kanskje mest tydelege uttrykka. Sjølv dei elevane som vel praktiske retningar, må gjennom to år med mykje teoretisk stoff, før dei får arbeide meir med praktiske oppgåver.

ENDRINGANE kan på ein måte sjåast som uttrykk for samfunnets modernisering. Arbeidslivet endrar seg til ei viss grad i same retning. Samtidig ser vi at nokre grupper barn og unge er særleg utsette. Det gjeld unge med bakgrunn i arbeidarklassen, både gutar og jenter, men det ser altså ut til å gjelde gutar meir enn jenter. Eg har intervjua jenter som har gitt opp skulegangen fordi dei har reagert på maskuline læringsmiljø (lærarar og medelevar), men enda fleire gutar som har reagert på eit primært teoretiske krav og på lærings- og kommunikasjonsformer som dei ikkje opplever stimulerande. Barn og ungdom har ulik bakgrunn og oppvekst, og blir stimulerte til læring på varierte måtar. Sosial bakgrunn er sentrale variablar, men også kjønn og kulturbakgrunn. På denne bakgrunn blir Nielsens harselerande spørsmål om gutar som lukkast i dagens skole er feminine og undertrykte berre dumt. Dette er for ein stor del gutar som (på same måten som mange jenter) ikkje blir møtt av ein skule der dei kjenner seg på heimebane og kan lukkast. Mitt engasjement handlar om det kan utviklast ein skule som i større grad kan møte også andre (av begge kjønn) med stimulerande utfordringar og miljø.

DET ER VIKTIG, som Nielsen peikar på, at barn får tidleg hjelp, i barnehage og ved skulestart, til å vere betre førebudd på skulens krav. Men ut frå det problembiletet som er teikna over, er det like viktig at skulen kan vere variert nok i sitt tilbod. Rollemodellar av begge kjønn er ei side, men også til dømes meir praktiske aktivitetar som inngang til læring. Ein del unge, flest gutar, viser til dømes tidleg interesse for mekanikk, elektronikk, data med meir. Det kan i større grad utnyttast både i grunnskule og vidaregåande skule for å i neste omgang utvikle teoretisk interesse. Ein meir variert skule er truleg langt viktigare enn skalaen maskulin - feminin, og meir variasjon er truleg særleg viktig ved inngangen til vidaregåande. Det vil koste å gjere skulen meir variert, og det var truleg ein grunn til at Reform 94 gjorde vidaregåande til eit relativt «smalt» tilbod. At argumentet for ein skule som betre kan ivareta nokre av gutane sine interesser, verkar så provoserande på kvinneforskarar som Bjerrum Nielsen, er tankevekkjande. I mi eiga skuletid var gutane dominerande i fleire delar av utdanningssystemet, m.a. i realfaga. På gymnaset starta tre jenter i mi realklasse. Dei gav seg i løpet av første året. Ikkje fordi dei mangla faglege føresetnader, men truleg fordi dei møtte eit mannsdominert miljø og kanskje fordi deira val braut med samfunnsmessige forventningar og vilkår. Det å ta betre vare på elevar med ulik bakgrunn og interesser, treng ikkje bety at skulen blir mindre god og relevant for jenter og kvinner, truleg tvert i mot. Nielsen sin mantra om at dette handlar om «utdatert maskulinitet» blir dessverre ei avsporing.