Ein metafor for IT-Fornebu

Bildet av ein andpusten og rådvill passasjer som står einsam att på perrongen mens siste togvogna forsvinn i det fjerne, har gjeve opphav til ein kraftig og mykje brukt metafor som speler på ei velkjend redsle for å komme for seint og bli ståande åleine att.

Ideen om eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu blei lansert av ein gammal og rik mann som seinare har brukt aksjeselskapet IT-Fornebu for å få gjennomslag for ideen sin. Gjennom diverse manøvrar på Stortinget har Ap og Frp seinare opptredd som reine lakeiar for Fred Olsen & co.

Fornebu-spelet er enno ikkje ferdigspelt. Stortinget har rett nok vedtatt at det skal etablerast eit IT- og kunnskapssenter som skal drive utvikling, forsking og utdanning gjennom eit samarbeid mellom IT-industrien og forskings- og utdanningsinstitusjonar. Anbodsrunden er over, og regjeringa vurderer no dei innkomne tilboda. Ein ny runde skal så spelast mellom regjeringa og Stortinget til hausten ein gong.

Det er aksjeselskapet IT-Fornebu som har hatt høgast sigarføring i Fornebu-spelet. Med Norsk Investorforum som sekretariat og Per-Morten Vigtel i spissen har dei reist på friarferd land og strand rundt. Deira enkle bodskap til kommunenorge går ut på at investering i dei elektroniske klasseroma som IT-Fornebu formidlar, vil vere med på å skape nye arbeidsplassar i distriktskommunane og få ungdommane til å bli i periferien. Såleis blir draumen til alle politikarar oppfylt: dei får enkle svar på kompliserte spørsmål.

Korleis kan vi forstå og forklare det som har skjedd til no? Ingen kan ta frå Norsk Investorforum at dei har gjort ein god jobb, på eigne premissar. Dei har lykkast i å selje forventningar og von om noko eksklusivt. Dei sel håp for framtida. Den forteljinga dei har skapt, fortel at IT-Fornebu representerer framtida. Dei som ikkje forstår det, er utafor og må rekne med å miste toget.

Den offentlige debatten om IT-Fornebu har konsentrert seg om det nasjonale perspektivet. Det er sjølvsagt viktig; heile prosjektet er lansert som ei storstilt nasjonal satsing både når det gjeld forsking, utvikling og utdanning. Men saka har rg ei regional side. For oss er det klart at om det blir noko av dei storstilte planane, vil dei komme til å verke sterkt sentraliserande. Og det var nok frå første stund klart for Norsk Investorforum at sentraliseringsspøkelset ville bli henta fram i debatten. Også det har dei hatt ein strategi for. Dei har som nemnt vore rundt i landet på friarferd, der dei har valt ut dei mest utsette fylka, t.d. Finnmark og Sogn og Fjordane.

I desse fylka har IT-Fornebu lagt stor vekt på etablering av såkalla elektroniske klasserom. Med dei skal kommunane vere rusta for framtida. Her kan dei ta imot sendingar som kan brukast i alle mulige slags utdanningssamanhengar. Ein treng altså ikkje vere på ein utdanningsinstitusjon for å studere informasjonsteknologi, eller noko anna for den del. Det kan ein gjøre i sitt eige lokalmiljø, så lenge ein har mottakarapparat til å ta imot sendingar frå Fornebu. Slik har Norsk Investorforum som eventuelt framtidig produksjonsselskap på Fornebu alt no fått selt distribusjonsapparat for eigne framtidige produkt.

Men det heftar nokre problem ved denne handelen. For det er ikkje slik at den utdanningsteknologien kommunane har investert i, er noka nyskaping i seg sjølv. Bare i Finnmark var det lenge før Investorforum kom på banen, etablert eit tital slike klasserom. Lenge før IT-Fornebu var etablert, fanst det med andre ord eit uformelt, fleksibelt mottakarnett i Norge.

Norsk Investorforum har, heller historielaust, klart å framstille IKT-basert undervisning og læring som noko nytt. Dei har marknadsført dette som «det nye læringsparadigmet», «den nye måten å lære på». Alt det Investorforum har reist landet rundt med, har institusjonane i regionane praktisert lenge. Det har Investorforum klart å definere bort. Det kan derfor sjå ut som om det er dei som har vunne kampen om definisjonane. Definisjonsmakt er symbolsk makt og dermed også politisk makt.

Vi vil her peike på tre fundamentale mistydingar i debatten om IKT og læring som også IT-Fornebu formidlar. For det første forvekslar ein altfor lett tilgang til utdanning med utdanningskvalitet. For det andre forvekslar ein informasjon med kunnskap, og for det tredje herskar det ei utbreidd vrangforestilling om at nettbaserte undervisningstilbod kan omformast til lettfordøyelige konsumprodukt. Erfaringar når det gjeld elektroniske klasserom og videokonferansar er relativt eintydige: Det er ikkje først og fremst teknologien som avgjør, det er derimot den faglige kompetansen og den pedagogiske innsikta som tel. Skal ein i framtida satse meir på IKT-basert fjernundervisning, treng ein langt meir fleksible teknologiske løysingar enn dei Investorforum har formidla til distrikta.

Universitetet i Tromsø og høgskolane i den nordnorske landsdelen har gjennom fleire år lagt vekt på å bygge verksemda si på eit regionalt fundament. Gjennom ei forståing av at institusjonane skal verke i landsdelen til beste for landsdelen, har ein bygd opp sterke faglige miljø som har hatt det nordnorske perspektivet som utgangspunkt og premiss for læring og undervisning. Mykje av den nordnorske identiteten er skapt gjennom eit slikt perspektiv. Men viktigast er det at det lokale perspektivet set fokus på dei mange spørsmåla som har med framtida til Nord-Norge å gjøre. I dette perspektivet kjem IT-Fornebu med gamle løysingar. Kunnskapane, rett nok denne gongen sendt oss gjennom moderne nett, kjem enda ein gong i «pakkar» til oss her nord. Denne kunnskapen er reinska for lokale perspektiv og nordnorske kontekstar. Det gjør oss redde. Den redsla vi kjenner, er velkjend; ho er erfart og godt fundert i både nær og fjern historie.

La det vere sagt: Vi er ikkje imot bruk av ny teknologi i undervisning. Tvert imot ser vi dei fleksible utdanningstilboda som eit viktig satsingsområde. Fleksible utdanningstilbod er synonymt med bruk av teknologi. Universitetet i Tromsø oppretta sitt første elektroniske klasserom alt i 1995. Men videokonferansar (dvs. «produktet» av elektroniske klasserom) er bare ein reiskap. Dei nettbaserte løysingane ein annan. Dei kan aldri heilt erstatte det behovet studentar og lærarar har for å møte kvarandre og kommunisere andlet til andlet. Utfordringa består i å bruke dei rette teknologiske verktøya på ein refleksiv måte og kombinere dei med fagkunnskap. Massiv satsing på undervisning gitt over nett, sjølv om sendingane går til aldri så velutstyrte elektroniske klasserom, er aleine ikkje godt nok.

Vi har framleis tru på at dei høgare utdanningsinstitusjonane i landet er best i stand til å handtere dei mange utfordringane som auka krav til kompetanse og kunnskap inneber. Om dei eksisterande institusjonane berre fekk tilgang på ein del av dei ressursane IT-Fornebu meiner staten skal punge ut på Fornebu, vil det kunne utviklast mykje og god kompetanse i alle delar av landet. I det minste må vi alle kunne vente at politikarar og andre med beslutningsmakt tar med seg dei perspektiva vi har lagt på det spelet vi er vitne til, når dei til hausten skal fatte endelig vedtak om IKT-satsing på Fornebu.

Denne metaforen gjev nokre ironiske assosiasjonar som dei som speler spelet om Fornebu, neppe har sett. Metaforen er rett og slett forbigått av teknologien; toget har så å seie gått frå metaforen om toget som går. Metaforen er slik sett eit talande symbol for dei som hevdar at heile ideen om IT-Fornebu reflekterer ei utdatert og forelda tankeverd. Det er ikkje lenger snakk om eitt tog som går på eitt bestemt tidspunkt. Toga går der heile tida, i rasande fart. På Internett herskar anarkiet; der kan vi vere med når vi vil, og hoppe av når vi vil. Og om det blir noko av IT-flaggskipet på Fornebu, er det neppe nokon fare for at nokon av IT-bedriftene eller utdanningsinstitusjonane skulle risikere å komme for seint til eit bestemt tog som går bare ein einaste gong, på eit heilt bestemt tidspunkt. Det er nemlig ikkje slik informasjonsteknologien fungerer. Det gjør ikkje kapitalismen heller, veit vi.