FRILUFTSNANSEN: Tilmed Fritjof Nansen - polfararen, grønlandskrysseren Fritjof Nansen - likte å gå på koseskitur: «Er det ikke liksom hele kulturlivet med en gang skylles ut av sinnet og ligger igjen med byluften langt der bak, man gror sammen med sine ski og naturen.» Foto: boka / Skimuseet i Holmenkollen
FRILUFTSNANSEN: Tilmed Fritjof Nansen - polfararen, grønlandskrysseren Fritjof Nansen - likte å gå på koseskitur: «Er det ikke liksom hele kulturlivet med en gang skylles ut av sinnet og ligger igjen med byluften langt der bak, man gror sammen med sine ski og naturen.» Foto: boka / Skimuseet i HolmenkollenVis mer

Ein nostalgikar krysser sitt skispor

Alt var betre før. Tilmed skiturar i skogen.

ANMELDELSE: Dagbladets Tom Stalsberg vil ha attende den gamle skituren. Den gong alle folk flest gjekk på ski utan altfor stort mål eller meining.

Skituren var opplevinga i seg sjølv. Ikkje som mange i dag, som ikkje kan seia at dei går på ski, viss dei ikkje er med på Marcialonga eller Birken.

Ei tid før Cerapulver
I boka tek han oss med til tida før Cerapulveret, skøyting og Team United Xtra.

Her osar det av gamle dagar, nikkers, anorakk og bambusstavar.

Sjølv om Stalsberg hardnakka hevdar at det er slik han dyrkar skisporten den dag i dag, er «Født med ski på beina» fyrst og fremst den store boka for alle som likar å gå på ski, ikkje for dei som føler at dei må.

Han skriv at boka skal ta den avslappande turen attende, «(...) men denne trenger du ikke smørebenk for å kunne henge med på».

For i Stalsberg sitt skispor er det fiskebein, pylser på bål og appelsin i sekken.

Kulturhistorisk langtur
Han legg ut på kulturhistorisk langtur og fortel soga om gamle skigudar, Birkebeinarane, korleis skismørjinga vart til, då Nansen gjekk over Grønland eller på Krokskogen - og sjølvsagt den urnorske treskia.

Stalsberg er innom Bonna og Blåskia og tek oss med til den siste stae treskifabrikken, Rønning, der far og son framleis lagar 300 par i året.

Eit artig poeng for oss som trudde treskia var borte, og for lengst og stod på raudlista til Skiforeningen.

I ord, tema og redaksjonelle grep kjempar han for den veldig vanlege skituren, som alle kan gå, gamle og unge.

I små reportasjar under vignetten, «I Løypa», får me portrett av Stalsberg sine meiningsfeller: eit utval turskiløparar i anorakk intervjua på sine finaste turar rundt om i landet. Mykje skjer i Nordmarka, men Stalsberg har og lagt turen til Mo i Rana, Vatnahalsen, Reinungavatn ved Voss og til Rondane.

Stalsberg sine heltar er nettopp den normale skilturisten, ikkje den verdskjende idrottstjerna. Helst ein godt vaksen mann med strikka lue, som trassig held på dei gamle stavgrepa med løkke.

Skipoesi
I dette festskriftet til vår nasjonale skitur lyfta Stalsberg også blikket opp og over soga om anorakken og skibindingen.

Han tek med seg store norske diktarar på turen for å banka inn kor viktig verdien av den heilnorske skituren er.

I sporet hans går Børli, Vold, Falkeid og Saabye-Christensen den same rolege skituren som Stalsberg.

Råd og vink om teknikk og korrekt føring i sporet kjem heller ikkje frå dagens heltar, men frå den gamle skipedagogen Harald Sandvik og gamle utgåver av «Fjell og Vidde».

Ein nostalgikar krysser sitt skispor

Dette grepet gjer boka til meir enn berre kjærleik til nasjonalsporten vår, men like mykje ei kulturhistorisk reise. Det gode utvalet av litterære perler lyftar vår norske kjærleik til ski opp til noko langt meir enn berre mosjon og rekreasjon. «Den første snøen, dette hadde jeg glemt», er sitert Jan Erik Vold frå «Spor. Snø».

Gamaldags og aktuell
Boka har fine bilete, god layout, flotte illustrasjonar og faksimiler som understrekar tonen Stalsberg legg opp til.

Den er gamaldags og aktuell på same tid.

Aktuell, ikkje minst i debatten om kva som er norsk kultur. Kanskje er det ikkje får-i-kål eller kyrkjekaffi, men den friske norske skituren, utan tidtaking eller hastverk, som er det norskaste me kan by på.

Og gamaldags fordi Stalsberg-skiløparen kanskje er ein utryddingstrua art.

Men har du vore med mor og far på skitur med ein ekstra raud plastskitupp i den grå rypesekken, heile Noregs sekk, som Ole Bergan fann opp og ploga ned dei bratte bakkane, så kjem du til å verta både rørt, litt trist og glad for at denne boka kom.

Eg er noko usikker på korleis neste generasjon vil sjå på denne forteljinga. Skiturane han vil ha oss med på, er nok for dei unge Northug-tilhengarane så fjern som den tida då det berre var ein tv-kanal.

I dag er utstyret, ferdigpreppa skøytespor og formel 1-haldninga den største trusselen for den samlande familieturen.

Stalsberg har på mange måtar kasta votten. Me som er vaksne og har ein heil familie med litt før høg bmi, bør plukka den opp og koma oss ut.

For som han skriv: «Det å gå på ski er ikke noe hokus pokus, og det kreves egentlig ganske lite; et par ski, støvler og staver. Snø også selvsagt.» Og no er det snø.

Rolig folkehelse
Du treng ikkje ha det råaste utstyret eller levera skia dine inn til prepping for å ha det triveleg i sporet.

Kom igjen, ta ein tur på ski, ein roleg ein. Små og store skiløparar.

Det er folkehelsebodskapen i boka.

Kanskje det er håp for nostalgikaren Stalsberg likevel?

Eg er iallfall glad for at boka kom.

Nett no når eg trudde alt håp var ute for oss som gjekk på idealtid.