Hemmeleg, hemmeleg. (Foto: Håvard Schei.)
Hemmeleg, hemmeleg. (Foto: Håvard Schei.)Vis mer

Vekas Vers:

Ein ny instant classic i den norske hip-hopkanonen

Øvelser med spøgelser.

Det ligg ein ubåt utanfor Kjevik, og periskopet er oppe. Fartøyet lek, så dei tre hettekledde brødrane om bord har dårleg tid. Hemmelege ritual skal utførast, bomber armerast og folk spionerast på. Kart skal lesast, og esoteriske skrifter skal tolkast. Tekstar skal skrivast, i runeskrift med sprayboksar. Og kva gjer den pandaen borte i hjørnet?

Omtrent slik ser det ut når eg høyrer på «Skyggen av skyggen», ein ny instant classic i den norske hip-hopkanonen, som kom for ei god veke sidan. Gruppa bak verket, den mystiske Hemmelig Sekt, kjem passande nok frå ein hemmeleg del av rapp-Noreg. Du har sikkert høyrt om plassen, men du har aldri eigentleg vore der: Sørlandet.

Sjølv om det meste av den norske rappen som vert spelt på radio, kjem frå Oslo og Bergen og områda rundt dei byane, har også andre delar av landet fått sleppe til no og då. Det finst norske rappslagerar på nornordske dialektar, trønder, til og med litt ymse frå heile Vestlandet. Men Sørlandet? Du har sikkert høyrt Son of Light frå Mandal med sin fine engelskspråklege flyt, og du har kanskje høyrt Darkside of the Force frå Kristiansand på engelsk og spansk. Men om du ikkje er over middels interessert i norsk rapp, har du sannsynlegvis aldri høyrt nokon rappe på sørlandsk.

Det er litt pussig, for der er nok talent i sør. Dei har mange utøvarar innan alle hip-hopens disiplinar, og innan musikken har trioen Vågsbygd Handy frå Kristiansand utmerka seg. Gruppa har lenge gjort si heilt eiga dystre og aggressive greie, og i 2010 gav dei ut det meisterlege albumet «Undervannsmusikk» i ein maritim og mytologisk graffiti-grime-stil. Her åtte år seinare får me Hemmelig Sekt, som består av dei to rapparane frå Vågsbygd, Tor og Pete, og sjølvaste Lyset, altså Son of Light som rappar på norsk. Sjølv om dette er ei ny gruppe, høyrest plata ut som ein oppfølgar til «Undervannsmusikk». Tor definerer det òg slik i låten som nettopp heiter «Hemmelig Sekt»: «Undervannsmusikk på en dyp ting / Undervannsmusikk på en ny ting».

I dagens norske hip-hop er «Skyggen av skyggen» noko så sjeldant som eit langt konseptalbum. Det varer nesten ein time, og alle dei femten låtane handlar om det same: eigentleg ingenting, berre brifing med flow og referansar. Så kvifor skal me høyre på det? Fordi denne brifinga er så overlegen og musikalsk, og målar bilete me vil sjå på. Dei har skapt eit på same tid grenselaust og skarpt definert univers. Grenselaust fordi alt kan skje, det foregår i alle tidsepokar på same tid, frå antikken til internettets tid, fortalt av tre stemmer i ein draumaktig tilstand inspirert av surrealisme. Skarpt definert fordi alt i dette universet handlar om det mystiske, metafysikk, hemmelege brorskap, manga, terrorisme, graffiti, science fiction og mytologiar, og dei bruker mange av dei same orda igjen og igjen. Dei har måla femten bilete med likt motiv, eller femten variasjonar over same tema, om du vil.

Slik bygger rapparane rom me har lyst til å vere i. Og det er folksame rom; i tillegg til meir eller mindre obskure referansar og sitat, likar dei òg å berre nemne personar og figurar ved namn. Det er forfattarar, teikneseriefigurar, diktatorar, terroristar, mytologiske gudar, norske politikarar, alle som passar inn i universet, og gjerne har namn som er givande å rime på. Eg noterte alle namna eg fanga etter eit par gjennomlyttingar, og har lista dei opp alfabetisk (sjå faktaboks). Der er heilt sikkert fleire – det høge tempoet og den kaotiske stilen kan av og til gjere det vanskeleg å fange alle orda – men lista gir eit godt inntrykk av Hemmelig Sekt sitt univers.

Det dystopiske og klaustrofobiske i dette universet har kanskje sin næraste norske slektning i gode gamle B.O.L.T. Warhead. Men ein vesentleg forskjell er at Hemmelig Sekt også har humor, både i tekstane og i omgangen med lydar og flow. Av og til glimtar dei òg til med noko som kan minne om ei svært subtil form for sjølvironi: «Dystopisk verden, for ei suppe / setter oss ned og spiser flesk og duppe». Men den låge doseringa av ironi, gjer at ein aldri sluttar å tru på alvoret. Dessutan held dei maska, og ler aldri av sine eigne vitsar.

Eit slikt lokomotiv av lydar og informasjon som Hemmelig Sekt er, treng motstand og dynamikk for å verte god musikk. Der Pete og Tor buldrar brølande og andpustent av garde i femte gir, kjem Lyset inn som ein effektfull kontrast med meir luft i linjene, og eit kjøligare overblikk. Viktig for dynamikken er også gruppa sin teft for melodiøse og fine, ja ofte heilt lattervekkande vakre refreng. Og endeleg er den elegante arrangeringa av dei harde og fengande beatsa avgjerande; høyr til dømes det sublime samspelet mellom trommeprogrammering og flow på «Hemmelig Sekt».

Navet i Hemmelig Sekt er likevel tekstane, og den reisa dei sender oss på. Alle leverer glitrande vers på stripe. Ein av mange favorittar, er Tor sitt vers på «Triangel». Her vert det igjen måla glasklare augeblink i ei nokså diffus historie: Tor er ein kaptein med stil som ein samurai, han har ninjastjerner og laserpistol, men han føler seg forfølgd; Babylon står på døra. Inn i mellom kjem det drypp som kastar oss tilbake til noko meir gjenkjenneleg, og som kanskje er kommentarar til samtida: «Bare sauer føler seg levende / snakker om livet som om de lever det». Og som avslutning seier han: «Vi slipper folket vårt ut / terror er folket sin Gud».

I mellom all aggresjonen og fortvilinga, kjem det òg vilt rablande og poetiske linjer som «Min karma er stor, varmere enn blod / går fra hjertet og ut der armene gror». Ikkje spør meg kva det betyr, det er fint nok som det er.

Som mange andre store kunstnarar, målar Hemmelig Sekt det same biletet igjen og igjen, fordi det skaper dei romma dei likar å vere i. Dei treng ikkje eingong å vite kvifor dei likar å vere akkurat der, så lenge me andre – nokså uforståande – også likar å vere der med dei.