Ein plan mot 2009

Ein politikar bør hate å tape eit val. Slik ein fotballspelar må hate å bli slått ut av VM. Det er pyton. Når det har skjedd, må vi likevel kome oss vidare. Kvar dag med depping eller krangling om fortida er ein dag misbrukt på å snu skuta. Vi må legge ein plan for korleis vi betre kan gjere den jobben veljarane ber oss om mot 2009.

Kvifor gjekk det som det gjekk? Har SVs grunnsyn og idear tapt? Nei. Eg våger å påstå det heilt utan vidare. Tvert om, eg meiner mange av SV grunnleggande idear har styrka seg i Noreg dei siste åra. Aldri har miljøengasjementet vore sterkare. SV har ropt om klimaproblem og tiltak i tider då det var null interesse for det. No vil alle prioritere miljø. I 2001 vann høgresida sin bodskap om privatisering av offentlege tenester og skattelette gjennom. Dei vann valet. Sidan den gong har oppslutninga om konkurranseutsetjing og privatisering gått kraftig ned, og skattelette har knapt vore eit tema dei siste åra. Fellesskapet er styrka, men ikkje SV. I ti år har vi sagt at menneske er vår viktigaste formue, og at vi difor må investere i kunnskap frå barnehage til etterutdanning. No er dette allemannseige.

Men kanskje gjer Regjeringa ein dårleg jobb? Eller SV gjer ein dårleg jobb i regjeringa?

Det kan verke som mange er nøgd med regjeringa. Ved fylkestingsvalet i 2007 gjekk regjeringspartia tilbake med 2.9% samanlikna med Stortingsvalet i 2005. Det er det beste mellomvalet for noka regjering dei siste 20 åra. Den førre regjeringa tapte 9.6% på dei to første åra. I følgje ei av valdagsmålingane seier då også opp mot 2 av 3 veljarar at dei er nøgd med regjeringa.

SV tok heile tilbakegangen regjeringspartia hadde. To undersøkingar frå ulike tidspunkt i 2006 viser likevel at SVs veljarar er dei som er mest nøgd med regjeringa – meir enn AP og SP sine veljarar. Og ei undersøking blant våre eigne medlemmer i 2007 viser særs sterk tilslutnad til regjeringsprosjektet der. 82% meiner SV gjer ein god jobb i regjering.

Kvifor gjer SV eit dårleg val då? Dels skuldast det nok ei venstredreiing og styrking av AP, som gjer at mange veljarar vi har hatt til låns vende tilbake dit. 1 av 5 SV-veljarar frå 2003 gjekk til AP. Men dette kan langt frå forklåre heile resultatet.

Den grunnleggande årsaka verkar det å vere brei semje om. Vi samarbeidar med Ap i regjering, slik vi også gjer det i Trondheim, Tromsø og ei rad andre byar. Vi har vore ei drivkraft bak desse samarbeidsprosjekta. Vi har tatt initiativet, ført dei fram, fått stort gjennomslag for SV-saker og teke med oss AP og Noreg mot venstre. AP (og SP) får imidlertid æra av veljarane, medan vi vart stemt ut.

Dette skaper eit problem. Når du er eit politisk parti er det to ting du berre må drive med. Du må vinne veljarar, fordi det er det som gjer grunnlaget for eksistens og innverknad. Og du må få mest mogeleg gjennomslag for politikken din, fordi det er difor det er vits i å stemme på deg. Med andre ord; SV kan ikkje enten søker makt eller vinne val. Vi må klare begge deler. Korleis gjer vi det?

Eg trur vi først og fremst har skulda for valresultatet sjølv. Det er alltid surt å innrømme eigne feil. Men det positive med det er at ein då kan forbetre seg sjølv. Her er seks punkt for å få fram vår politikk betre, gjenreise tillitt og komme attende i 2009.

1) Det blir inga venstredreiing i Noreg utan SV. Det er SV som gjer den raudgrøne regjeringa mest grøn og mest rød, og det er vi som sikrar at høgresida kan kritisere regjeringa for å stå for langt til venstre. Vi har ikkje fått fram dette godt nok. For mange er nøgd med resultatet, men ikkje overbevist om at det skuldast SV. SV må difor vise fram ein klår SV-profil, eit forståeleg og truverdig SV-ansikt, om vi skal vinne valet i 2009. Du må kunne krevje å enkelt forstå skilnaden på SV og andre om du skal stemme på oss, og forstå kvifor ei stemme til SV gjer ein skilnad.

2) I tre saker har mange menneske hatt særleg stor tiltru til SV. Det gjeld miljøspørsmål, skulepolitikk og kamp mot fattigdom.

I 2009 må SV ha høgt truverde på det vi har fått til i regjeringa. Vi må gå gjennom resultata på desse områda, og samle oss om klåre mål for kva vi skal ha til i resten av perioden. Vi må også presentere vegen vidare i 2009. Kva er neste steg mot eit samfunn utan klimautslepp? Korleis kan vi systematisk bygge opp den kunnskapen som Noreg som nasjons skal leve på i framtida? Kva skal til for å redusere skilnadane?

3) Vi må være eit lag. Det er vi ikkje no. Einar Førde skal ein gong ha sagt at han aldri nytta partipisken medan han var parlamentarisk leiar i AP – men at det var godt å ha han ståande i skåpet. I SV veit vi knapt kva ein pisk er, og i alle fall ikkje kva han skal brukast til. Men vi veit kva eit god lag er. Vi veit kva samhald og fellesskap er. På vårt beste har vi vore eit særs godt lag. Difor må vi, langt betre enn dei siste to åra, få til å være ha felles mål og felles strategi. Ikkje med meir disiplin, men med meir samhald.

4) Vi får til mykje. Betre kommuneøkonomi. Fleire skuletimar. Barnehageutbygging. CO{-2}-rensing på Mongstad. Mykje meir enn dette. Det har dei siste vekene vore ein debatt om vi skal feire sigrane våre eller vise fram nederlaga. Vi kan begynne med å fortelje om kva vi har fått til og be folk samanlikne med resultatet om SV var i opposisjon. Meir trengst ikkje. Så kan vi slutte med å dyrke sjølvpining og lange offentlege diskusjonar om kor smertefullt det eine eller det andre er for SV. Kven bryr seg om korleis det kjennast for SV? Det viktige er korleis det kjennast for ungar, eldre, pasientar og fattige i Noreg og verda.

5) I Stortingsvalet 2009 vil alle utanom dei frelste spørje etter ein ny grunn til å stemme SV. Dette gjer dei nådelause veljarane kvar gong. Dei vil ha ein ny grunn til å stemme SV ved kvart val, og ikkje grunnen frå i fjor. Det vi gjennomfører i regjeringa i denne perioden vil vere viktig ved neste val. Det er likevel programmet for neste periode valkampen 2009 skal dreie seg om. SV kan berre vinne eit val på visjonar og framlegg for framtida (og ein solid jobb i fortida). Vi må halde debatten om vegen vidare levande.

6) SV har færre medlemmer enn dei fleste andre partia i Noreg. Vi har høg kvalitet på medlemmene, men vert grundig slått på kvantitet. Ein partiorganisasjon som ikkje er sterk nok merkast kanskje mest i motgang. Vi må difor prioritere arbeidet med å få fleire med oss, og å få meir aktivitet i dei neste to åra. Vi må også sikre god opplæring og oppfølging av folka våre over heile landet.

Dette liknar på ein plan. Klarer vi å samle oss om og å følje planen?