Ein realistisk fattigdomspolitikk

Ei realistisk målsetting om å redusere fattigdommen stiller regjeringa framfor store utfordringar. Dei må definere kven som er målgruppa, tilpasse virkemidla og sørgje for at effektane av satsinga blir dokumentert.

IGJEN TEK ei regjering mål av seg til å avskaffe fattigdommen i Noreg. Med ein god strategi og eit nasjonalt krafttak kan dei raudgrøne oppnå ein drastisk reduksjon i fattigdomen. Om ei borgarløn kunne avskaffe fattigdomen, er ikkje det mellom dei virkemidla som regjeringa vil ta i bruk. Borgarløn er også urealistisk då ei slik ordning vil være i strid med sentrale verdiar i det norske samfunnet. Med ei meir realistisk målsetting om å redusere fattigdommen, står dei likevel framfor store utfordringar. Dei må definere kven som er målgruppa, tilpasse virkemidla i høve til denne og sørgje for at effektane av satsinga blir skikkeleg dokumentert. Den første utfordringa er å fastsetje ei fattigdomsgrense. Utan å definere kven som er fattige, er det uråd å vurdere om regjeringa lukkast i å redusere fattigdommen. I dag synest valet å vere mellom to alternativ. Bondevik nytta ei låg grense (50% av median), noko som gir om lag 100 000 fattige i Noreg. Ved å bruke same mål som EU (60%) er fire gonger så mange definert som fattige. Valet av definisjon får store følgjer for kven målgruppa er, og for kva politikk som er best egna til å redusere fattigdommen. Blant dei nest fattigaste (60%) er store grupper minstepensjonistar og andre trygda. Ved bruk av Bondeviks definisjon blir politikarane derimot konfrontert med eit særnorsk problem. Låg arbeidsløyse og gode trygdeordningar har gjort dei fattige til ei marginal gruppe med stort innslag av levekårs- og helseproblem. Om den nye regjeringa fører vidare Bondeviks politikk med låge ytingar kombinert med auka bruk av tradisjonelle tiltak, veit vi i dag at resultatet blir fleire uføretrygda heller enn at fleire kjem i arbeid. Om det vil hjelpe mange ut or fattigdom, er det truleg ikkje eit virkemiddel som regjeringa ønskjer å nytte.

DEN ANDRE UTFORDRINGA er difor å finne virkemiddel som både er tilpassa målgruppa, og som regjeringa har kontroll med. Ved bruk av EU-definisjonen kan ei regjering med fleirtal bak seg i Stortinget raskt løfte fleirtalet av dei fattige over grensa. Hovudvirkemidlet er auka stønadar gjennom det statskontrollerte trygdesystemet. Ved sidan av prislappen byr denne løysinga på andre problem. Vi har allereie sett oppslag om at dei som sit i kassa på Rimi får lågare inntekt enn målgruppene for ein slik politikk. Slike spørsmål om rettferd og incentiv til arbeid trugar både politikkens legitimitet og satsinga på arbeid som vegen ut or fattigdom. Om regjeringa nyttar same definisjon som Bondevik, kan ein dra vekslar på erfaringar frå forgjengaren sin fattigdomssatsing. Sjølv om dei fattigaste er ei samansett gruppe, har dei to fellestrekk. Dei er utan arbeid, og lever i hovudsak av offentlege stønadsordningar. Politikarane har difor to virkemiddel til rådevelde, auka stønadar som løfter folk over fattigdomsgrensa og/eller tiltak for å få fleire i arbeid. Arbeidslinja favoriserer tiltak framfor stønad. I tenkinga som ligg til grunn vil høgare stønadar minske motivasjonen til å søkje arbeid. Bondevik handla deretter. Råda til kommunane peika mot lågare ytingar. Dagens nasjonale norm for sosialhjelp ligg såleis langt under dette lågaste fattigdomsmålet. Dei raudgrøne vil auke dei kommunale sosialhjelpssatsane. Problemet er her at ein har liten kontroll med virkemidlet. Så lenge staten berre vil gi rettleiande normer for sosialhjelp vil det vise seg vanskeleg å auke utbetalingane. Signala om auka bruk av rammefinansiering til kommunane gjer ikkje situasjonen lettare for regjeringa.

OM SOSIALHJELP skal bli eit effektivt virkemiddel for å redusere fattigdommen, må ein difor gjere denne til ei statlig ordning. Historisk har Ap gått inn for det i opposisjon, men aldri i posisjon. Truleg vil regjeringa difor vidareføre ein hundreårig tradisjon med å bygge ned sosialhjelpa «utanfrå» ved å løfte prioriterte grupper inn i statlige ordningar. Her går regjeringa lenger enn forgjengaren. Til saman vil truleg forslaga om ny velferdskontrakt, ungdomsgaranti og tiltaksgarantien for langtidsledige langt på veg innføre ei statleg sosialhjelp for dei som er arbeidslause. Om dei nye ordningane gir stønadar som ligg over fattigdomsgrensa, kan ei slik reform i seg sjølv kanskje halvere talet på fattige. Om dei raudgrøne vil prioritere arbeid framfor stønadslinja, har dei mykje å vinne på å lære av dei feila som forgjengaren gjorde. Hovudsatsinga til Bondevik var å få fleire som lever av sosialhjelp over i arbeid ved bruk av tiltak i regi av Aetat. Det er sannsynligvis tre hovudårsaker til at dette ikkje lukkast. Fleirtalet av dei som har levd lenge på sosialhjelp, har store barrierar til arbeid og vert i liten grad vurdert som tiltaksklare hos Aetat. Også mellom dei som kjem på tiltak, gjer manglande individuell tilpassing av tiltaka målet om rask overgang til arbeid urealistisk for dei fleste. For det tredje fokuserte ein mykje på offentlege tiltaksplassar, medan ein ikkje tok ut det potensialet som ligg i samarbeid med det private næringslivet. I statsbudsjettet utvidar regjeringa forgjengaren sin satsing på slike tiltak. Skal regjeringa lukkast må dei sikre meir breispektra tilbod, der også dei som er langt frå ordinært arbeid blir omfatta av dei nye ordningane. Om det ikkje skjer, kan arbeidsministerens lovnad om å «være nådeløs» (Dagbladet 9.11.) mot dei som ikkje samarbeider resultere i ein repressiv eksklusjonspolitikk heller enn effektive tiltak mot fattigdom.

NÅR SATSINGA SKAL vurderast er det som skjer med målgruppene for nye tiltak like viktig som endringar i prosentdelen som er fattige. Den tredje utfordringa er difor å framskaffe dokumentasjon om fleire kjem over fattigdomsgrensa, anten det skjer ved at dei kjem i arbeid eller ved at dei får auka stønadar. Bondevik unngjekk denne vurderinga ved for svak vektlegging av effektevalueringar knytt til fattigdomsplanen. Difor må regjeringa sørgje for at alle tiltak i satsinga blir følgde av solid forsking som måler effekt og som gir grunnlag for å bygge vidare på god praksis. Dette er også avgjerande for truverdigheta om regjeringa vil målbære ein kunnskapsbasert politikk. Regjeringa må frigjere seg frå den rådande motsetnaden mellom arbeids- og stønadslinja. Fleire kan kome i arbeid om tiltaka blir betre og næringslivet blir involvert i større grad enn i dag. Samstundes må ein få i stand meiningsfulle tilbod også for dei med store barrierar til arbeid. Med ein rett til individuelt tilpassa tiltak, kan ein også stille krav om deltaking. Det siste gir regjeringa legitimiteten som trengs for å heve stønaden over fattigdomsgrensa. På denne måten kan dagens låge fattigdom reduserast ytterlegare. Det vil også gjere Noreg leiande i møtet med den moderne fattigdommen, slik vi allereie er det i kampen mot det industrielle samfunnets sosiale problem.