Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Ein skam for næringslivet

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

KJØNNSKVOTERING: Talla over kvinner i allmennaksjestyrar er klare. Alle ASA-selskap skal ha 40 % kvinner i styrene. No har dei gjennomført generalforsamlingar og vald nye styrer. Spørsmålet er; har dei innfridd lovas krav om 40 %? Det er no 21 % kvinner i allmennaksjestyrane. 400 kvinner mangler. Det er med andre ord ein lang veg å gå. Det ser ut til at enkelte selskap er villig til å begå lovbrot for ikkje å ha 40 % kvinner i styrane. Kvifor er det slik?Det er eit paradoks at ikkje norske selskap klarer å oppfylle eit krav som har vore vanleg elles i samfunnet, og som er ein konsekvens av ein tverrpolitisk, svært sentral verdi i Noreg. Å fylle styreromma med kvinner er eit leiar- og eigaransvar. Det bør skade renommeet til selskapet om ikkje kravet om fleire kvinner vert innfridd. Eg vel å tru at dei fleste store selskap har eit samfunnsengasjement. Graden av likestilling er og ein målestokk på dette. Difor er eg tilhengar av lister som rangerer bedrifter etter kor stor kvinneandel dei har i styret. Etter mi meining seier det mykje om eit selskap viss det ikkje klarer kravet. For alle føresetnader er til stades for å nå målet. Skyldes 21 %-andelen at valkomiteane gjer eit slett arbeid når dei ikkje klarer å finne kvinner som har dei kvalifikasjonar som skal til for å sitte i eit styre? Mange hevder at dei ikkje finn kvinnene. Andre meiner at kvinnene ikkje er kompetente nok. Nokre valkomitear klarer faktisk det kunststykke å innstille berre menn til styrer. Næringslivet har eit for snevert syn på kva som er riktig kompetanse. Mitt inntrykk er at mange valkomitear vurderer toppleiarerfaring som den viktigaste, dermed utelukkast mange kvinner. Noreg er faktisk eit føregangsland med vårt krav om 4 %! Andre land vurdere no å innføre liknande regelverk, eit eksempel på dette er Sverige. Ein kommisjon leverte nyleg ein rapport til den britiske regjeringa om kvinner i næringslivet. Kvinner utgjer 11 % av styrerepresentantane i de 100 største selskapa notert på London-børsen. Kommisjonen åtvarar om at med dagens tempo vil det ta 40 år før det er like mange kvinner som menn i britiske styrerom. Difor ynskjer Storbritannia å læra av Noreg. Då må det jo også vera interessant for vårt næringsliv å følgja opp.Lova som trådde i kraft ved nyttår har to års implementeringstid. Innan 2008 skal alle ASA-selskap ha oppfylt krava om 40 % kvinneandel i styrane. Kva gjer næringslivet no?