Jarl Wåge. Foto: Privat
Jarl Wåge. Foto: PrivatVis mer

Ein spade for ein spade

Eg mobbar og er farleg sløv og dum.

Meninger

Eg likar å kalle ein spade for ein spade. Det er viktig for meg å vere klar og tydeleg når eg uttaler meg. Og det gjer eg stadig; uttaler meg. I kronikkar og artiklar i ulike aviser.

No er det slik at det som kjem ut av tastaturet mitt, ofte er kritisk til den blåblå regjeringa sin politikk. Enda oftare er det Frp som blir skyteskive. Haldninga deira til flyktningar, retorikken, brunskvettinga frå enkelte medlem i partiet. Det er nok å ta av. Ein ting er like forutsigbart som at veret på Vestlandet er uforutsigbart: Kvar einaste gong eg kallar Frp for ein spade, skyljer det ein tsunami av raseri over meg. I kommentarfelta.

Eg mobbar Frp, må vite. Ja, det er det det heiter no for tida. Frp blir aldri kritisert. Dei blir mobba! Eigentleg er det ei forbigåing av dimensjonar at Frp ikkje for lengst har blitt tildelt ein Oscar for alle offerrollene sine. (Oi. Mobbar eg no?) Og dei stakkars mobbeoffera veit å ta kraftig igjen når dei kommenterer. Eg er mellom anna farleg, sløv og dum. Det er tydeleg at eg ikkje er norsklærar. Nynorsk er SÅ USEXY. Skriv norsk!

Eg er ein fare for elevane mine. Det er ubegripeleg at ein slik som meg får lov å undervise oppveksande slekter. Dessutan er eg sjefsmobbar og ufatteleg naiv. Dette er berre litt av det som visstnok karakteriserer meg på det personlege plan.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Når det kjem til mine politiske bravadar, er eg meir mangefassetert og vinglete enn Høgre sin kampanje mot Jonas Gahr Støre prøver å påstå at han er. Eg er venstreekstremist. Så det så! Og kommunist. Og nasjonalsosialist. Og landssvikar. Eg heiar på terroristar, må vite, er antisemitt og muslimelskar. You name it. I`ve got it. Alt dette berre fordi eg kallar ein spade for ein spade.

Ein annan ting som kjenneteiknar kommentariatet, er at dei er rørande opptekne av kvinner sin fridom og likestilling. Det vil seie; muslimske kvinner sin fridom og likestilling. Dei vil sloss for desse kvinnene sin rett til ikkje å bere niqab eller hijab. Dei er imot barbariske tradisjonar som kjønnslemlesting, barnebruder og tvangsekteskap.

Der er eg heilt samd og meir enn viljug til å gjere felles front med kommentariatet. Men greia er at fridomen og likestillinga som er så viktig, berre skal porsjonerast ut til muslimske kvinner. Norske kvinner er visst «altfor like menn», som han sa det så treffande Frp-aren som oppmoda oss til å skaffe oss asiatiske koner fordi dei er passeleg medgjerlege og kjenner sin plass (på kjøkenet).

Det har ofte slått meg at eg slepp billeg unna i kommentarfelta. Fordi eg er mann. Hadde eg vore norsk kvinne med sterke meiningar, og i tillegg feminist, Gud hjelpe meg som eg hadde fått gjennomgått. Då hadde eg vore «støgg som eit fittetryne og fortent å bli straffepult». Og nåde meg om eg som kvinne hadde kasta meg inn i flyktningdebatten på feil side. «Muslimhore med desperat lyst på muslimpikk,» hadde runga gjennom kommentarfelta.

Det er berre ein plass desse «fittekjerringane» bør opphalde seg: På grensa, der flyktningane kjem til Noreg, så dei kan bli massevaldtekne og så gjennompulte av überkåte muslimjævlar at det ikkje klarer å stønne «spade». Enkelte kjønnsatletar tilbyr seg å komme heim til dei (for dei veit kvar dei bur!) og straffeknulle dei med en skikkelg nasjonal stake så dei ein gong for alle skjønner at Noreg er for nordmenn.

Ja, altså, om dei ikkje alt har blitt kutta i strimlar og mata til dei helvetes ulvane som fritt får streife om i grensetraktene. Du må forresten ikkje prøve deg på å vere frigjort, likestilt og markant muslimsk kvinne i det offentlege liv. Då er det nøyaktig dei same mekanismane som trer i kraft. «Dei må berre ikkje våge seg å komme til VÅRT land og yppe seg når vi veit at det einaste dei vil, er å snikinnføre sharialover.» Desse kvinnene blir i tillegg utsette for hat, hets og trugsmål om snarleg død frå fundamentalistiske muslimar. They`re damned if they do and they`re damned if they don`t.

Ein kollega av meg påstår at meiningane i kommentarafelta kokar ned til to ting; hat mot kvinner og hat mot muslimar. Sjølv om ein lett kan piske opp litt jøde-, homo- og romfolkhat der òg, er det dei to fyrste kategoriane som oftast får gjennomgå. Nokon spør om ikkje dette bombardementet av negative tilbakemeldingar går innpå meg. Svaret er «nei». Ein kan ikkje tillate seg at folk som hyler og skrik, skjeller og smeller, får ta frå ein nattesvevnen.

I staden tar eg ein Maria og «gøymer alle desse orda i hjartet mitt». Så hentar eg dei fram att til høgtlesing i venners lag. Det blir fort komikveld av slikt. Sjølvsagt hadde det vore betre om dei som skrik opp om at eg mobbar, kunne forklare kva som er mobbing i det eg skriv.

Det hadde heilt klart vore fint om kommentariatet hadde gått inn i tekstane mine og argumentert imot det eg seier slik at vi kunne få til ein dialog. Det hadde vore kjekt å få vite kva som gjer meg til landssvikar eller kva som gjer norsken min så elendig. Det skjer veldig sjeldan. Kvifor veit eg ikkje. Kanskje fordi eg ikkje «skriv på norsk»? Uansett, slik det fungerer no, blir eg påklistra massevis av merkelappar. Dei børstar eg av meg som irriterande støv, og så held eg fram med å kalle ein spade for ein spade.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook