Ein stor poet

Han fekk Nordisk Råds litteraturpris for «Drømmebroer»(1998), og «Fralandsvind» viser at det var fortjent.

«Det regner. / Og fordi det regner / har det aldrig gjort andet end at regne.» Ein skulle tru at Nordbrandt hadde vore på Jæren ein månads tid! Nordbrandt si siste diktsamling er noko mindre samla om ein tematikk enn «Drømmebroer», men 33 av desse 43 dikta er så gode at eg får små støyt når eg les dei om igjen. Det finst ei blanding av grammatikalsk sirkling kring eit uutseieleg sentrum, eit alvor som denne tautologien er utført med, og ein absurd og grotesk humor som spring ut frå draumemotiva som me kjenner att frå «Drømmebroer» og frå «Ruzname».

Og han held fram med å peika, slik draumar også ofte gjer, på sterke og tilbakevendande augneblenkar, augneblenkar som har ei slik ladning at det får tilværet til å dirra og krakelera. Av angst, av skam, av fryd, av lengt. Den store songaren i nordisk poesi kan også gå tett opptil det enkle språket nå, og stira på ord og gjenstandar: «Kran heder bare kran. / Ingen forklaring på, hvorfor den løfter en rødmalet båd i luften.»

Nordbrandt er ein stor poet som lagar dikt som gjer at lesarlivet mitt vert ein betre stad å vera. Når eg ser attende på den lange rekkja med diktsamlingar han har levert, får eg lyst å gå attende og lesa fleire av dei om igjen. Følgjande nye dikt vil eg garantert også koma tilbake til om nokre år:

Det grimmeste der findeser sandheden.Hvem vil ikke gerne døsom majregn over syrenereller vild gulerod i en grøftekant?Fanatikere ved ikkeat de ved dette.Jeg flyver gennem januarnatteni lav højde over det snedækkede EuropaKatedral efter katedralkaster sit lys du over sneen:Aldrig har jeg setaldrig så klart.