Foto: REUTERS/Mario Anzuoni / NTB Scanpix
Foto: REUTERS/Mario Anzuoni / NTB ScanpixVis mer

Ein ting som irriterte meg med Mad Max

Kvifor kan aldri folk i ørkenen (på film) drikke vatn på ein effektiv måte? HÆ

Meninger

Den 70 år gamle regissøren av «Heldiggrisen Babe» slapp i 2015 ein actionfilm som ut av det blå redefinerte kva sytti år gamle menn med snakkande grisunge-filmar på CV-en kan forventast å gjere. Eg snakkar så klart om ein film som fekk jenter som aldri hadde likt ein actionfilm i sitt liv til å hyle av fryd, og gutar som hadde sett ALLE actionfilmar dei kunne til å hyle like høgt.

MAD MAX var eit komplett, uhemma, sprudlande og vakkert meisterverk, og sjølv etter å ha irritert meg over den massive jubelen måtte eg surmulande juble litt eg og, der eg sat i kinosalen.

I korte trekk handlar den om eit postapokalyptisk ørkensamfunn med svært lite tilgang på vatn, og svært god tilgang på ammunisjon, bilar og eksplosive ting. Om noko kan den samanliknast med mitt favorittdataspel gjennom alle tider, Bulletstorm, og dette er noko eg seier meir for å få folk til å prøve Bulletstorm enn fordi eg trur at nokon treng å vite kor kul Mad Max er.

Filmen sitt samfunn har ein patriarkalsk diktator, Immortan Joe, og han opnar innimellom nokre svære kraner i sitt digre fjell-palass så vatnet kan splæsje nedover fjellsida og fylle skålene til dei skitne, tynne og stusselege folka som ikkje bur i palasset. Filmen vart bejubla for sin feministiske bodskap (og då kan du jo gjette korleis det går med det patriarkalske diktaturet til Immortan Joe), og den vart til og med vist eit par ekstra gongar på kvinnedagen, kanskje fordi den viser at kvinnelege heltar kan gjere det som mannlege heltar har gjort før (slå folk og utløyse eksplosjonar). Det er bra, for filmen er bra.

Men.

No som kvinnedagen er over, kan vi snakke om at systemet for distribusjon av vatn i Mad Max er heilt håplaust? Ikkje rart Max stikk av på slutten der. Han forstår at han har gjort ein feil, og at sløseriet med vatn i ørkenen enten kjem til å drepe dei alle på lang sikt, eller forvandle Furiosa til ein endå meir hardhendt tyrann enn Immortan Joe var.

Immortan Joe skulle sjølvsagt designa utdelinga betre (frakte vatnet SÅ høgt opp berre for å sleppe det ned? Voldsomt sløseri med energi). Men Joe har i det minste beviseleg klart å halde ein heil skokk folk i live over lang tid, det er vrient å tru at dei som opnar kranene fritt på slutten der har fått ei god utdanning av Joe, slik at dei veit korleis systemet fungerer.

Dette er viktig, for det hular ut heile filmen sitt løfte om ein feministisk (sosialistisk) utopi, og bekreftar mistankane til dei som tenkjer at sosialist-feminisme kjem til å føre til kortvarig sløseri til fordel for navarar og ulempe for til dømes dei hardt arbeidande og sårt trengande krigar-tenåringane, som jobbar beinhardt og har svært lave pensjonskostnader.

Slik selger Mad Max, under eit ferniss av sosialisme, også idéen om at sosialisme kan og vil fucke opp heile samfunnet. Det er sjølvsagt perfekt filmkunst: Alle som ser den kan få bekrefta sitt verdssyn. For venstresida er det ei historie om nokon som reddar verda, for høgresida er det ei historie om idiotar som utryddar siste rest av menneskeheta i naiv idealisme.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook