||| ANMELDELSE: Jack Kerouac er død. Bukowski, Frank O'Hara, Dan Turell og Ola Bauer er døde. I lyset frå dei døde sine liv og boksider skriv Terje Thorsen mange av sine dikt. «det er for tidlig å gi seg», stod det i debutboka hans «Dikt fra ei nonne».
Så her kjem ei ny samling med bittersåre replikkar servert i ein hip og hard tone. Og i modernismekoden; utan stor bokstav eller teikn.
Med eit blikk i bakspegelens kerouactige landskap, driv poeten oss inn i fortetta stemningar med tung sigarettrøyk, snapshots av bibliotek, musikk, film, alkohol og møter med menneske i urban nervøsitet, i gatene, på reise. «jeg stikker fra byen i helgene/og glemmer nøkkelen i døra.»
Ut på vegen Ingen trudde vel at dei førre dikta var skrivne av ei nonne. Her er heller ikkje mykje autentisk sauebonde. Eit av dei karakteristiske trekka ved denne urbane beatpoesien, er rastløysa. Dette at ein vil vekk herifrå, nå! Me kjenner det igjen frå Creeley, som har fått sitt eige dikt, og sjølvsagt frå Kerouac! Ut på vegen, av garde! Thorsen sluttar boka og diktet «på veien» slik:
jeg må lenger jeg må lenger bortjeg må lenger ut jeg må vekk
For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn
Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.
Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger