Ein vev av levd liv

Dikt med arkitektoniske rom

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Dette er ei diktsamling med eit gjennomført einskapleg preg, ein tydeleg og gjennomkomponert heilskap utan at dette tyder at dikta ikkje kan stå for seg sjølv. Element som går igjen er tankar og referansar til arkitektur, gjerne frå historien, eit nå-plan der diktas stemme lever i ein by (Göteborg, Oslo) saman med ei kvinne som teiknar og heng teikningane opp på veggen, og minner frå ein oppvekst.

Energi

Dikta er skrivne fram med ein springande energi og godt driv, dei fleste dikta er relativt lange, og dei grafisk sett opp med ujamn marg på både sider, litt à la Saarikoski, medan nokre er heilt korte eller små prosalyriske stykker. Poeten har ein fin evne til å få dei ulike elementa til gli saman og over i kvarandre for på denne måten å skape fruktbare overføringar av språk, og overtyde oss om at alt i dette diktuniverset heng saman. Slik sett står heile boka i eit forhold til sitatet av Michel de Montaigne som er nytta framfor ein av bolkane: «Vi är alla lappverk, av en väv så formlös och skiftande att varje bit, varje ögonblick spelar sitt eget spel.» Eit lappverk er det, men altså ikkje i nedsetjande tyding, og form finst det, men ting glir over i kvarandre samstundes som dei lever som fragment. Språkleg finst det i tillegg til bokmål, innslag av svensk og gebrokne setningar uttalt av innvandrarar. også den morgenen kom vi til kungsportavenyentrikkene hadde så vidt begynt å gå igjendet hadde sluttet å regne och det är så stilla på sådana här ställen innan folk kommer tillbakagatekjøkkenet i avenyen hadde åpnet igjen og en spinkel fyr med en mørk bart kom bort til oss og sa taxi älskare? jeg smilte men ristet på hodet og sa på min gebrokne svensk atjag älskar henne för mycket för att ta en taxi

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer