Foto. Nina Hansen
Foto. Nina HansenVis mer

Einsidig definisjon av likestilling

Påstanden om at kontantstøtte hindrar likestilling vil eg seie er kvinnefiendtleg.

Debattinnlegg

På leiarplass i Dagbladet laurdag 16. november blir det påstått at budsjettet er eit steg i feil retning kva likestilling angår. Det kan synes som venstresidas einsidige definisjon av likestilling bør evaluerast. Likestilling skal fremma like muligheiter og rettar for menn og kvinner.

Kontantstøtta, som blant anna blir kritisert, gjev ikkje kvinner og menn dette, påstår dei. Det blir eit lite paradoks for meg. Korleis kan ein hevda at valfridom hindrar likestilling? Eg trur ikkje leiaren i finanskomiteen, Hans Olav Syversen, følte at han ikkje var likestilt då han var heime med dottera si med kontantstøtte.

Påstanden om at kontantstøtte hindrar likestilling vil eg seie er kvinnefiendtleg. Den tek ikkje på alvor dei som heilt frivillig vel dette sjølv. Det undergrev det valet den enkelte har gjort - som dei meiner er best for sitt barn og sin familie. Kontantstøtta er heller ikkje ein kvinnerett, men at det er flest kvinner som vel å ta ut kontantstøtte undergrev ikkje ordninga. Eg har full tiltru til den enkelte familie at dei vel det som er best for barnet sitt. Likestilling tyder at alle skal ha like moglegheiter. Barn er forskjellige, og nokon kan være klar for barnehage når det er eitt år gammalt, mens andre ikkje er det.

Akkurat kven som er det og ikkje kan ikkje eg som politikar sei, men eg kan bidra til at den enkelte familie kan få velje det som er best for barnet - og på den måten får den enkelte barn like moglegheiter.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook