På kronikkplass 11. mai fortel Even Tømte at han ikkje har lese krim i påsken, men Hanne Nabintu Herland si siste bok, «Respekt». Ifølgje eigen blogg kjem han sjølv frå undergrunnen. Der nede er det så dårleg lys at han ikkje ser skilnaden på debattbøker og science fiction.
Påsken har då gått til å finne enkeltsetningar og lause sitat som kan nyttast til å henge ut forfattaren som eit avleggs menneske med middelalderske synsmåtar. Dette er den gamle teknikken frå den sekulærprogressive venstresida, der dei er så vante til å trykke andre ned at dei sjølvsagt ikkje fattar kva som skjer når nokon frå den andre sida fortel si historie. Og som attpåtil opplever salssuksess.
Folket set pris på fargerike og uredde kvinner. Til dømes når Herland kjem med slike utsegner om feminismen i intervju med Klassekampen: «Det har nå gått så langt at kvinnen nærmest er forurettet over at det er hun som må føde barna. Også barselpermisjonen skal nå presses på mannen i atter et forsøk på å feminisere ham.»
Er det ikkje moro at dekonstruksjonisten Jacques Derrida møter motstand på norsk jord? Er ikkje Even Tømte glad for idémessig mangfald også i dagslys?
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger