Einskap og mangfold

Ingenting er som det ein gong var. Heller ikkje høgare utdanning.

Dei fleste har nok registrert at det som ein gong var eliteutdanning, er blitt masseutdanning. Den nimbusen universiteta ein gong hadde, er definitivt borte. Dei verdige søylehallane - i den grad dei i det heile finst her til lands - er blitt til studentfabrikkar.

No hører ikkje vi til mellom dei som beklager at utdanning på høgt nivå er blitt dei mange til del. Det ser vi som eit gode. Det vi vil rette merksemda mot, er trekk ved den utviklinga våre høgare utdanningsinstitusjonar står midt oppe i, som har vore vist lite offentlig interesse, men som kan føre til store endringar.

Universitet, vitskaplige høgskolar, statlige høgskolar og kunsthøgskolar, altså mest all offentlig høgare utdanning, er underlagt same lova. Det betyr ikkje at desse institusjonane er like, eller at det er ønskjelig at alle blir meir like. Til ein viss grad regulerer universitets- og høgskolelova arbeidsdelinga mellom institusjonane. I tillegg er utdanningsoppgåver, institusjonstradisjonar og -historie sjølvsagt rg bestemmande for kva retning den framtidige utviklinga skal ta for kvar enkelt institusjon. Det skulle garantere for eit visst mangfald.

Den utdanningspolitiske utviklinga dei siste åra har ført til at den todelinga vi hittil har hatt mellom universitet og vitskaplige høgskolar på den eine sida og statlige høgskolar på den andre, ikkje lenger er så klar og tydelig som før. Grensene mellom institusjonstypane er dessutan blitt meir diffuse ved at tre statlige høgskolar (Stavanger, Agder og Bodø) med støtte i lov om universiteter og høgskoler '2.6 har søkt om å få tildele doktorgrad innafor spesielle fagområde der dei er faglig sterke, og Stavanger har alt fått innvilga søknaden sin. Samstundes er privathøgskolelova under revisjon. I denne lova blir det opna for at private høgskolar skal kunne bli institusjonsgodkjente som universitet eller vitskaplig høgskole. Med det som springbrett vil det trulig ikkje ta lang tid før Høgskolen i Stavanger ber om å få ta i bruk institusjonsnemninga universitet. Andre høgskolar vil over tid følgje etter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samtidig foregår det forhandlingar mellom Høgskolen i Tromsø og Universitetet i Tromsø om tettare samarbeid, som muligens kan ende i samanslåing. Både ved «oppgradering» av høgskole til universitet og ved eventuelle samanslåingar av høgskole og universitet vil tre- og fireårige profesjonsutdanningar som hittil har vore høgskoleutdanningar, bli omdefinerte til universitetsutdanningar. Det gjeld t.d. lærarutdanning, ingeniørutdanning, sjukepleiarutdanning og andre helsefagutdanningar. Da vil det vere betimelig å spørje kvifor den slags utdanningar skal vere høgskoleutdanning ein stad og universitetsutdanning ein annan stad.

Den tilsynelatande stabile situasjonen med fire universitet, seks vitskaplige høgskolar og 26 statlige høgskolar er altså ikkje så stabil lenger. At Norges landbrukshøgskole frå tid til anna, og iallfall på engelsk, kallar seg sjølv landbruksuniversitet, endrar ikkje på røyndommen, men om ein eller to eller tre statlige høgskolar blir «oppgraderte» til universitet, representerer det ei substansiell og heilt reell endring for all høgare utdanning i Norge.

Det er den store høgskolereforma som har gjort denne utviklinga mulig. Som utdanningsminister gjennomførte Gudmund Hernes århundrets fusjon i høgare utdanning ved at opp under 100 høgskolar blei fusjonerte, slik at talet på institusjonar blei redusert til 26. Lilletun har følgt dette opp og nytta ut det høvet denne fusjonen og den felles lova har gjeve til å bygge ned skilnadene mellom institusjonstypane.

I ein situasjon der den prinsipielle forskjellen mellom universitet og høgskolar blir stadig mindre, blir det viktig å ta vare på mangfaldet i høgare utdanning og dei særprega og verdiane som ulike utdanningar er berarar av. Det scenariet vi for all del må unngå, er eit utdanningssystem der akademisk drift og bare det blir honorert. I høgskolane er det eit mangfald av utdanningar. Somme er meir universitetslike, andre er svært ulike universiteta. Til dømes har profesjonsutdanningane i høgskolesystemet sterke innslag av praktisk yrkestrening og bør derfor få karrierestigar som belønner andre kvalitetar enn dei tradisjonelt akademiske. Når enkelte høgskolar etter kvart får rett til å tildele doktorgrad, og med det muligens universitetsstatus, utan at det finst andre karrierevegar, vil dei andre høgskolane naturligvis prioritere å bygge seg opp på fagfelt der dei ser at det er mulig å oppnå doktorgradsnivå, og tilsvarande prioritere ned fag der det ikkje er mulig. Dersom dei einaste gulrøtene i systemet er doktorgrad og universitetsstatus, vil det forsterke den akademiske drifta enda meir. Dette vil i neste omgang - og trulig nokså fort - gå ut over det mangfaldet og den variasjonen norsk høgare utdanning til no har romma, og som vi ser det som viktig å behalde, jf. dei klagesongane vi alt no hører, frå sjukehus, frå skolar, om at sjukepleiarutdanninga og lærarutdanninga er blitt for akademisk og teoretisk, og for lite praktisk og profesjonsretta. No har Noregsnettrådet rådd til at det blir to karrierevegar heilt opp til faglig toppstilling, ein ut frå tradisjonelle vitskaplige kriterium og ein ut frå framifrå undervisning og utvikling av undervisningsmetodar o.l. Det meiner vi er ei riktig utvikling.

På nasjonalt nivå har altså universitet og høgskolar fått felles lov, felles stillingsstruktur og opprykkssystem og i nokså stor grad felles gradsstruktur. Vi som arbeider i høgare utdanning, har da også røynt at vi kan oppnå meir for sektoren om vi opptrer samla. I denne situasjonen ønskjer Universitetsrådet og Høgskolerådet å samarbeide innafor eitt råd for universitet og høgskoler, i staden for å halde fram som to separate råd. Det følgjer som ein naturlig konsekvens av godt samarbeid gjennom fleire år og også som resultat av den utviklinga vi har gjort greie for ovafor. Alt dette tilseier at dei ulike institusjonane bør kunne avstemme interessene sine innafor eitt råd som viser respekt for mangfald og variasjon, og som kanskje kan bidra til å halde dette mangfaldet oppe og vonlig styrke det.

Det som skjer i høgare utdanning her til lands, reflekterer ei internasjonal utvikling. Vi er ikkje åleine i verda på dette området heller. Snarare er utviklinga i Norge kommen kortare enn i mange andre land. Det som karakteriserer det europeiske bildet, er nettopp omdefinering og «oppgradering» av institusjonar i høgare utdanning. I motsetning til på 60- og 70-talet da ein i fleire europeiske land etablerte ei rekkje nye universitet, bygger ein ikkje nytt på 90-talet; ein bare omgrupperer og omdefinerer. Og ein gjør det på forskjellige måtar. I England svært radikalt ved gjennom eit pennestrøk å omdefinere alle tidligare «polytechnics» til «universities», i Sverige, Finland og enkelte land i Mellom- og Sør-Europa ved å oppgradere bestemte typar høgskolar, t.d. kunsthøgskolar, eller bestemte enkelthøgskolar, til universitet.

Når det gjeld universitetsomgrepet og universitetsnamnet, kan ein velje mellom fleire alternativ. «Masseomdåp» som i England er eitt alternativ, «oppgradering» etter bestemte kriterium som i Sverige eit anna. Etter vårt syn er ingen av desse løysingane tilrådelige; av dei to er likevel «oppgradering» det mest problematiske alternativet, fordi ei slik løysing trulig vil verke sterkt einsrettande på institusjonane. Eit tredje alternativ er den løysinga Høgskolerådet og Noregsnettrådet kvar for seg etter kvart har komme fram til. Dei går inn for at institusjonane i sektoren bør få høve til på fritt grunnlag å velje den nemninga som dei finn best dekkande for verksemda og den faglige profilen sin. Denne løysinga synest vere den einaste som gjev rom for å halde oppe og vidareutvikle det mangfaldet som vi treng i høgare utdanning, og som er viktigare no enn nokon gong.