Eit angrep på norske verdiar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

REGJERINGAS FORSLAG

om å innsnevre ytringsfridomen her til lands er eit alvorleg angrep på ein kjær norsk verdi. Ingen grunnlovsparagraf har ei så ærverdig historie som den gamle § 100. Få tenkjer på det i dag, men mellom 1814 og 1830 var Noreg det einaste landet i Europa med konstitusjonell ytringsfridom. Aldri verken før eller seinare har vel vesle Noreg vore eit slikt lysande fyrtårn for Vesten og vestlege verdiar, som i desse harde åra, prega av reaksjonære framstøytar.

Om uttrykket «norske verdiar» skulle gi meining, måtte ein av dei vere ytringsfridom i form av prentefridom. Sjølv strengt tolka i 1814, oppheva § 100 førehandssensuren. No vil regjeringa og fleirtalet av stortingskomiteen som støttar forslaget, opne for førehandssensur av ikkje trykte ytringar, om det ligg føre «tungtveiende Hensyn».

EINEVELDIGE MONARKAR

ville ha nikka gjenkjennande til dette. På 1800-talet eksisterte det knapt noko anna offentleg medium enn trykt skrift, men i dag er internett eit viktig politisk medium. Minst like alvorleg er det at regjeringa vil fjerne det spesielle vernet om politiske ytringar. Frimodige ytringar om «Statsstyrelsen» heitte det i den gamle § 100. Det var framfor alt det som gav effektivt brystvern mot den fiendtlege trommeelden på ytringsfridomen i den første heroiske fasen. Det var her dei patriotiske skribentane søkte og fann ly i straffesakene som var reiste mot dei. Det var her det tydelegast kom til uttrykk at nordmennene kunne ytre seg friare om farlege emne enn danskar og svenskar. For kva var farlegare og meir opprørande for den gode smaken enn å kritisere Kongen? I dag kan vi tenkje oss andre «farlege» emne.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.