2012 HAR VORE eit sterkt år for den norske poesien, ifølgje bokmeldar, diktlærar og forfattar Helge Torvund. Foto: Erling Hægeland/Dagbladet
2012 HAR VORE eit sterkt år for den norske poesien, ifølgje bokmeldar, diktlærar og forfattar Helge Torvund. Foto: Erling Hægeland/DagbladetVis mer

Eit år for poetisk sjølvtillit

Helge Torvund ønskjer lesarane god jul med ei begeistra oppsummering av Poesiåret 2012.

(Dagbladet): Vindane røskar i veggene her eg sit i meditasjonsstolen min, ein tidleg og framleis bekmørk fjerde søndag i advent. 

Eg ser attende på eit år smekkfylt av poesi. På Dagbladets fora for dikt Diktkammeret og Skolekammeret sjølvsagt, men òg i dei publiserte bøkene si verd. 

Det er eigentleg alltid ei mare å verta pressa til å velja bare tre bøker frå året som gjekk og presentera dei saman med dei andre bokmeldarane i Dagbladet. Ja, så er det ei glede òg, for all del. Særs morosamt er det når ein, med skinande godt samvit, kan få løfta fram bøker som mest ikkje har fått merksemd i det heile, slik som med «Solfinger» av Hanne Bramness med teikningar av Laurie Clark (les leksjon om hennes mann, Thomas A. Clark). 

Det er òg slik at eg ikkje veit om eg skal le eller gråte når autokorrekturen skapar bokmålspoetane sine ord om til velklingande nynorskord og forundrar meg som skal ha ført dei i tast.

Men altså, i år var det ekstra vanskeleg for meg som poesimeldar å velja bare tre bøker. For folkens, for eit Poesiår 2012 har vore! 

Eksperimentering!
Dette året har den enorme boka «Kretsløp. Dikt 1973—2012» kome ut. 450 sider med dikt av høg kvalitet frå Arne Ruste. I tillegg til samla dikt frå desse bøkene: 

«Alene går det ikke stort bedre» (1974), «Bestefar etc» (1975), «Midt i verden» (1976), «Dronningen kommer!» (1978), «Grenseepisoder » (1981), «Vendepunkt» (m. Terje Johanssen og Kjell Erik (Triztan) Vindtorn (1982), «Steinvekt — Dikt 1973—83» (1983), «Indre krets» (1999), «Søsken for en tid » (2001), «Mest mellom himmel og jord» (2002),

finst det til slutt ein avdeling med «Tilfeldige dikt frå 2002—2012», frå s. 369 til 404 er det rett og slett ei ny diktsamling, og etter det kjem det seks gjendiktingar, av poetar frå Shetland, Makedonia, Bosnia, Newfoundland og Vancouver. Og til slutt i boka eit etterord av Espen Stueland. 

Om Arne Ruste sine samla dikt, skriv Per Petterson i Aftenposten noko som eg stemmer i:

«Fader, altså, hvorfor vet ikke folk om den boken?»

Så er det alle dei andre, eg nemner bare nokre titlar: 

«Bella Blu», «God morgen God natt», «1920 Sørumsand», «Darth Vader Eskalasjonen», «Lofoten, langsang, flytterester», «Det er ikke vår, det er global oppvarming», «ÆØÅ» og «Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld», «Vi er presens», «Vi har aldri vært her før».

For eit spenn i tittelval! Og her er mange spennande bøker som kunne fortent ein eigen omtale! 

Ikkje minst er eg imponert over to tendensar:

Ein enorm vilje til eksperimentering og evne til å gjennomføra eksperimentelle prosjekt! 

Ein utruleg standhaftig vilje til å ta opp godt utprøvde skrivemåtar og nytte dei og vitalisera dei når ein har noko viktig å seie!

Heilt i tet
I Morgenbladet i byrjinga av desember skreiv Solveig Nygaard Langvad ein artikkel med tittelen «LYRIKKENS NYE SELVTILLIT». Og det å skriva om ekspansjon og vitalisme i poesien i Noreg slik ho gjer, er nye tonar! Nye tonar i omskrivinga av norsk lyrikk har me òg høyrt frå Hadle Oftedal Andersen i Klassekampen sitt Bokmagasin i november, der han skreiv at: «Lyrikken ligg heilt i tet i dagens litteratur.»

Og det er meir, meir, meir. 

Mange diktsamlingar får ikkje all verda av merksemd, det veit me. 

Hilde Susan Jægtnes er utdanna musikar og skodespelar og har mastergrad i film- og TV-manusskriving. Men debuterer med diktsamlinga: «Det er noen som lyver» på Bokvennen. Ho framvisar stor evne til fabulerande dikting og ein merkar at ho har teke opp i seg mange spennande impulsar og inntrykk frå omverda og skapar spenstige dikt av dette.

Ho var månadens poet på Diktkammeret i september 2010.

Poetisk soge
Aasne Linnestå har gitt ut diktsamlingar og romanar. I diktsamlinga «Morsmål» sirklar ho poetisk og punktromanliknande kring eit møte mellom ei norsk kvinne og ei som kjem utanfrå. I avdelingar med namn som «terskel», «vinter», «kalveland», «gebrokken» og «opphold/tillatelse» skapar ho på 250 sider eit leikande, famlande og av og til slåande verk.

Ein poet som har festa grep og skrift og merksemd i 2012 er Janne-Camilla Lyster. I hennar samling «Jegeren» får me prosalyriske skildringar der dei merkelegaste ting kan skje på ein sjølvsagt og spretten måte. Ho overtyder med sitt poetiske univers som har veldig mykje av norsk poesi som bakteppe, men likevel følgjer hennar eigne lyster. Ho har blikk for mange perspektiv og avdelingene heiter ting som «Ansiktsbiblioteket» og «Rød trøye». 

Ren Powell skriv i «En elastisk sinnstilstand» fram eit utruleg krevjande og sjeldan poetisk soge om ei amerikansk kvinne som gjorde eit omfattande arbeid for å forbetra vilkåra for dei med psykiske vanskar i USA. 

Vri og vitalitet
Eirik Lodén, som har utført det krevjande arbeidet med å føra Powells dikt over til norsk, har ei anna rolle som kritikar i Stavanger Aftenblad. Der trekkjer han i oppslaget om Årets bøker fram diktsamlingane «Hvalfall» Av Lars Haga Ravand og «Kjøkkendikt» av Kjartan Hatløy, samt Dan Aleskander Andersen si diktsamling «Krise i Jammerdarn». 

Og merk dykk gjerne kva Lodén skriv om denne: 

«Dette er en såkalt vanskelig andrebok frå Dan Aleksander Andersen (f. 1982, deb. 2010) som, så vidt eg kan skjønne, med lekende letthet inntar enn mer eller mindre klar tet blant årets diktsamlinger — noen sterke konkurrenter til tross — hva angår originalitet, pregnans og sjarm. Gamle myter og fortellinger blir som nye, og har noe å si hver især, her og nå, under Andersens allereie dyktige dikterhender. Uhøytidelig ført i pennen i eit dialektnært språk får de største, første og siste spørsmål en overraskende vri og vitalitet.»

Nå har eg nemnt så mange at det byrjar verte dumt med dei som ikkje er nemnde. Tilgje meg. Eller bli skikkeleg sure. Det må òg vera lov.

Poesien vert òg nytta utanfor bokforma og ietterkant av Punktfestivalen leverte poetane Paal-Helge Haugen og Nils-Christian Moe Repstad tekstar til David Sylvian sin CD på Samadhi Sound, med tittelen Uncommen Deities, Uvanlege gudar. I tillegg til resitasjon av David Sylvian sjølv bidreg Sidsel Endresen med framføringa av tekst. Desse tekstane finst òg i bokform. Det er ti seksjonar i boka, kvar tek for seg ein «uvanleg gud»: «Guden for svevnløyse», «Guden for vegkryss» og «Guden for adverb».

Norsk Forfattersentrum, Morgenbladet har arrangert ein serie foredrag av poetar som Håvard Rem, Ceilie Løveid, Hanne Bramness og andre på Litteraturhuset i Oslo i år! Det skjer ikkje kvart år. 

Kan ikkje erstattast
Og så er det gjendiktingane! Eg går ikkje nærare inn på dei i dag, men vil bar ha nemnt «Alberto Caeiros Poesi» av Fernando Pessoa i Øystein Vidnes si vakre gjendikting og i ei bokform som gjev oss den store innsikta når ein held boka i handa, at papirboka, papirboka folkens, den har noko som aldri kan erstattast av andre media!

Og eg tek med nyutgjevinga av «Love» William Carlos Williams i Jan Erik Vold si viktige gjendikting av viktige dikt!

Og av alt det som har kome ut på andre språk, skal eg teie. Eller nesten teie. For eg klarer ikkje å la vera å nemne «Bok utan namn», ei innbunden ny diktsamling på 800 sider! Snakk om å halda i hendene ein skatt. Og om ein ut frå tittelen kan tru at den er skriven av ein nynorsk poet, så tek ein grundig feil. Det er svenske Göran Sonnevi som med denne mursteinsfarga boka har levert oppfølgjaren til mektige «Oceanen» som han fekk Nordisk Råds Litteraturpris for.

Og prisen på denne boka er rundt 300 kroner. Det er òg ein pris.

Poesiens hemmelege liv
Ei ganske sjeldan bok, er «Poesiens hemmelige liv» av Atle Kittang. Kittang vart vår aller første professor i allmenn litteraturvitskap, og er no professor emeritus ved Universitetet i Bergen. 

Det har vore skrive om denne boka, at Kittang ikkje legg skjul på at poesien er marginalisert i vår tid. 

Vel, eit av paradoksa me må leva med, er at det er sant, samstundes som alt det eg skriv om her, og mykje meir, skjer innanfor poesisjiktet i Noreg. 

Kittang, denne nestoren blant lyrikkens trufaste lesarar, tolkarar og formidlarar har i denne boka skrive om, og eg siterer forlaget: 

«Kva kjenneteiknar poesien som ordkunst, og korleis kan ein lese den? Poesiens hemmelege liv handlar om slike grunnspørsmål. Atle Kittang tar lesaren med på ei undersøking av poesiens eigenart, der refleksjonane er vovne inn i grundige analysar av sentrale verk i norsk, nordisk og internasjonal lyrikkhistorie. Slik syner Kittang fram inngangar til det rike tanke- og sanselivet som ligg nedfelt i det gode diktet og berre ventar på å bli utløyst.»

Eg avsluttar denne gjennomgangen med eit passande sitat frå Paal-Helge Haugen:

«Han fyllest av ein subatomær frykt, stor som kosmos, og han forstår at han ingenting forstår. Han er årmilliardar gamal og eit uendeleg nyfødt barn.» 

God jul!

Helge Torvund er forfattar, diktlærar i Diktkammeret og poesimeldar i Dagbladet.

Diktkammeret og Skolekammeret (for elevar) er ope heile jula, døgeret gjennom!

SKRIV DIKT I DAGBLADET: Diktkammeret (startet 2001) er Dagbladets diktforum for skrivende i alle aldre.
Skolekammeret (startet 2003) er forumet for elever til og med videregående skole.
• Diktlærer Helge Torvund kommenterer utvalgte dikt i Diktkammeret, mens Kristian Rishøi har samme rolle i Skolekammeret. 
• Hver måned kårer juryen — som består av Torvund, Rishøi og Maria Børja — de beste diktene. Alle disse trykkes i Dagbladet (med forbehold om lengde). Én finalist fra hvert forum blir også kåret til månedens poet.
• I tillegg tilbys Dikt.no, et skriveverksted der det er åpent for flere sjangere.
• Les også: Helge Torvunds leksjoner

DIKTKAMMERET I BOKFORM:
Mange kammerpoeter har etter hvert debutert i bokform, og det er laget tre bøker i tilknytning ti kammerne:
«Diktkammeret. Å skriva poesi» av Helge Torvund (Samlaget 2001)
«Faen ta tyngdekrafta. Vinnere fra videregående» (Gyldendal 2008)
«Å våga seg ut i ord — Diktkammeret ti år »: jubileumsutgave for Diktkammerets første ti år (Samlaget 2011)