Eit botnlaust landskap i dikt og måleri

Måleri og dikt det går stiar innover i.

BOK: «Det finst ord for alt, men ikkje for dette.» står det i eit av dikta i denne praktfulle boka. Og det høver vel godt når det gjeld kritikarmottakinga for denne type bøker. Dei fell ofte mellom alle stolar og meldarar, og sjølv om mange vil vera begeistra for det totalte produktet, så finst det ingen som kjenner seg kalla til å skriva om hybridbøker som både har måleri og poesi som innhald. Likevel finst det mange fine slike bøker.

Nyskrivne dikt

Dei kan ha dikt som er plukka ut av tidlegare produksjon, som Sigmund Mjelve og Frantz Widerberg si bok, eller det kan vera med nyskrivne dikt, som her. «Landskapets tekst» er ei bok der både måleria og dikt er nye, og boka har vorte uvanleg einskapleg og heilskapleg. Landskapets enkle grammatikk:eld og vatn, jord og himmel.Landskapets enkle syntaks:nord og sør, aust og vest.Dette språket vi forstårmed sine fire kasus:regn og vind, lys og mørke. Det er ei rein glede å bla i eit slikt gjennomført produkt, «Du les dette landskapet meter for meter,/stein for stein, om og om igjen langs strendene,/over berga og på stien innover mot toppen».

Friskhet

Måleria til Kjær, med si spennande blanding av tradisjonelt realistisk naturmåleri og moderne røff og rennande utføring, skapar ei utekjensle og ein friskhet som avlurar landskapet atmosfæren på ein måte som gjer at ein kjenner både gleda og gufset frå det fuktige norske. Nokre av dei nattlege bileta med vegar og fjerne lys, eig eit sug som sit lenge i. Mysteriet er ikkje vinden eller disse viddenesom vinden jagar over. Heller ikkje farganei horisonten eller fargen på din eigen skugge,lukt av tidleg vår, smak av snø som smeltar,lydane av årstid. Nei, ingen ting av dette.Mysteriet er du som tenker denne tankenog kan velje å bli eller reise. Oddmund Hagen skriv dikt som held fram det solide arbeidet han alt lenge har vist oss. Alltid med ei vinkling som gir tekstane ei eksistensiell tyngd og eit insisterande alvor. Sjølv om dikta heile tida står til bileta, er dei sjølvstendige og fylte av hans sentrale tema: barndom, relasjonen mellom far og son, og sjølvsagt: landskapet, steinane, båten, myra og vegen som går bort eller heim. Dette er ei bok ein kan venda attende til igjen og igjen, som eit landskap ein aldri kjenner til botn.