Hijab:

Eit forbod mot alle former for religiøse symbol i barneskulen vil vere av det gode

Plutseleg opplevde vi ein hatets brigade foreina i skjønn og uheilag toeinigheit mot ein slags felles fiende.

HIJAB I SKOLEN: Spaltist Jarl Wåge vil ikke ha religiøse symboler i skolen. Foto: Michael Jung / Shutterstock / NTB Scanpix
HIJAB I SKOLEN: Spaltist Jarl Wåge vil ikke ha religiøse symboler i skolen. Foto: Michael Jung / Shutterstock / NTB ScanpixVis mer
Meninger

I Telia sit dei og gnir seg fornøgde i nevane. Ikkje i sine våtaste draumar kunne dei ha forestilt seg at ein reklame skulle forårsake slike bølgjer av reaksjonar. Ein morosam, lettliva, glad reklame. Med «fri» som overskrift. Reaksjonar på godt og vondt, riktignok.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Reklamen viser livlege, aktive ungdomar i fri utfalding. Her skal det skapast godstemning. Jaggu sa eg smør. Godkjensla blei brått borte. I reklamen er det ei jente som prøver ein hijab. Den andre tar av seg eit sjal og viser håret. Ho smiler! Den andre er alvorleg.

Det skal fundamentalistiske muslimar pinadø ikkje ha noko av: Prøver PR-folket å insinuere at ein blir lukkelegare av å ta av seg det hijabliknande hovudplagget? Det er rasisme. Det er hat-åtak på muslimar. Typisk vestleg dekadense å sette hijaben i eit uheldig ljos.

Så grove var nokre av meldingane som kom til Telia, at dei opplevde dei som trugande og har meldt dei til politiet. Telia er eit kommersielt selskap som fyrst og fremst er opptekne av å skaffe seg kundar og tene pengar, så sjølv om det har gått ei kule heitt, er all PR god PR. Dei gapskrattar nok heile vegen til banken.

Men det stoppa ikkje der. Ei av skodespelarane i reklamen, Mia Landsem, er ein raud klut, ikkje bare for enkelte hissige muslimar som meiner ho er rasist. Sinte, kvite menn skraper òg med beina i bakken og burar. Ho jobbar nemleg som «detektiv» for mellom anna å avsløre folk som deler ulovlege nakenbilde på nettet. Noko som sjølvsagt har forårsaka hat og sinne mot henne frå menn som vil sitte i fred i «kjellerleiligheten» sin og gjere kva pokker dei vil utan at geskjeftiga kvinnfolk skal legge seg opp i det.

Plutseleg opplevde vi ein hatets brigade foreina i skjønn og uheilag toeinigheit mot ein slags felles fiende.

Dette er langt frå fyrste, og heilt sikkert ikkje siste, gong at hijab skaper bruduljer. Mange huskar rabalderet rundt NRK-programmet «Faten tar valget» for eit par år sidan. Problemet då var at ei kvinne hadde på seg hijab i staden for å ta han av. Då NRK annonserte programmet som skulle følgje ei muslimsk kvinne i jakta på eit politisk parti ho kunne stemme på ved Stortingsvalet, blei det proteststorm. Ny rekord, faktisk. Minst 3600 protestar.

Hadde NRK gått frå vettet? Skulle dei ha ein programleiar med hijab? Kvifor hadde dei nekta ei kristen kvinne å bêre kors? Skulle muslimar favoriserast?

«Er det sant at dere er i ferd med å begå landssvik ved å ansette en programleder med hijab? Hvordan kan dere gjøre det mot det norske folk?» var ein av reaksjonane.

Det absurde var at ingen av dei som hissa seg opp, hadde sett programmet. Kringkastingssjefen gjekk ut og forklarte at i NRK er regelen at ingen programleiarar får ha på seg religiøse symbol. Korkje kors eller hijab. Men dette var eit program som handla om ei kvinne som hadde på seg hijab.

Og eg tenkjer: «Kva er det som feilar folk som orkar å gå bananas over slike bagatellar?»

Det finst mange slags religiøse hovudplagg, men i våre dagar er det altså hijab som provoserer mest og set dei sterkaste kjenslene i sving. Både hos muslimar og antimuslimar. I alle fall i Noreg.

Det er ein ting eg er heilt samd med Frp i: «Vi kan ikkje forby alt vi ikkje liker.» No er verken Frp eller eg heilt konsekvente på dette området. Eg har tidlegare tatt til orde for å forby dei heildekkjande plagga niqab og burka. Akkurat som dei har gjort i Frankrike.

Mange tar til motmæle og seier at dette er å ta frå kvinnene fridomen til å velje. Ja, det er det. Kanskje. Samtidig er niqab og burka dei ultimate symbola på kvinneundertrykkjing. I område der Taliban og IS har hatt kontroll, blir kvinner som viser ansiktet straffa. Til og med med døden. På den måten kan dei ta fullstendig kontroll over kvinnene.

Difor meiner eg at vi som nasjon kan forlange at dei som skal skal opphalde seg i det offentlege rom, må vise andlet. På den måten slepp dei som har flykta frå terrorvelde å bli konfronterte med desse avmaktsymbola.

No har eg tvilt meg fram til enda eit forbod. Tunga på vektskåla er reaksjonane frå gruppa med muslimske fundamentalistar som viser slikt raseri fordi ei ung kvinne smiler i det ho tar av seg hovudplagget.

Eg tør vedde på at dette er menn som er viljuge til å tvinge kvinner til å gå med hijab. Dei er rett og slett livredde for at kvinnene skal få for stor fridom så dei mistar kontrollen over dei. Hijab er eit plagg som skal skjule kvinna sitt hår. Ideen er at kvinner skal framstå som aseksuelle vesen som ikkje skal lokke fram vellyst. Vaksne kvinner må sjølvsagt bêre hijab så mykje dei vil. Dei fleste vel det nok sjølv.

Men kvifor skal barn gå med hijab? Dei er ikkje seksuelle vesen og skal ikkje vekkje seksuelle lyster hos nokon. Nokre barn vil gjerne ha på seg hijab. Andre blir truleg tvinga av strengt religiøse vaksne. Kva dei gjer i lag med familien, legg ikkje eg meg opp i.

Men eg meiner at forbod mot alle former for religiøse symbol i barneskulen vil vere av det gode. På den måten vil det i alle fall finnast ein arena der barn slepp unna religiøs tvang.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.