Eit forsøk med gratistilbod

FRÅ 1998 TIL 2004 hadde alle fire- og femåringar i bydel gamle Oslo tilbod om fire timer gratis barnehage. Ordninga starta som eit forsøk. Målet var å få fleire barn med innvandrarbakgrunn til å byrje i barnehage, og å leggje til rette for betre integrering og språkopplæring. I juni i fjor vart tilbodet og forsøksbarnehagen (som vart oppretta for å ta imot alle nykommarane) lagt ned. Nedanfor skal vi sjå kva som skjer når eit gratistilbod opphøyre, og går over til å koste pengar. Det interessante spørsmålet er sjølvsagt om familiane i målgruppa held fram med å bruke barnehage eller om dei sluttar.

Om vi på førehand skal forsøke å spå kva som ville kome til å skje, er det to alternativ som byr seg fram: 1) Bruken vil gå drastisk ned, dels på grunn av familiane sin økonomi (ikkje- vestlege innvandrarar er mellom dei gruppene i landet som har lågast inntekt). Dels fordi motivasjonen for å sende ungane i barnehage kanskje ikkje er så høg at dette er ei utgift familiane vil prioritere, sjølv om dei er i stand til det. 2) Bruken vil halde seg fortsett høg, om enn ikkje så høg som før. Familiane har vorte vande med å sende ungane i barnehagen. Småsøsken heime har forventningar om å følgje same løp som storesyster eller storebror. Familiane har kanskje strukturert dagen ut frå barnehagen si opningstid. Mange av mødrene gjekk på norskkurs medan ungane var i forsøksbarnehagen. Om mor ønskjer å halde fram med opplæring eller er gått ut i jobb, vil familien ofte vere avhengig av barnehageplass.

Før eg gjer reie for kva for ein av «spådomane» som synst å ha mest for seg, skal vi kort sjå korleis gratisordninga har verka. Det gir eit innblikk i kva som kan gå tapt, dersom bruken av barnehage går mykje tilbake.

SÅ GODT SOM alle familiar med heimeverande fire- eller femåringar takka ja til plass i forsøksbarnehagen. Mest alle hadde innvandrarbakgrunn. 840 barn nytte godt av ordninga før ho opphørte. Mange søskenflokkar på to, tre eller fire hadde tilbrakt sine siste år før skulestart her. Det same gjaldt syskenbarn og vener som budde i nabolaget.

I samband med evalueringa av gratisordninga vart ei stor gruppe foreldre intervjua. Foreldra si viktigaste grunngjeving for å ta imot plassen var ønskje om at barna skulle lære norsk. Mest alle nemnde dette. Ungane skulle byrje på ein skule kor undervisningsspråket er norsk, og foreldra uroa seg for korleis det skulle gå. Mange hadde eldre barn. Nokre hadde klart seg bra, medan andre strevde med språket langt oppover i klassane. Foreldra sine erfaringar etter opphaldet i forsøksbarnehagen var at det letta overgangen til skulen. Ungane kunne meir norsk enn dei elles ville ha gjort. Dei lærte å omgåast andre barn og vaksne, vart vande med ei tidsrytme og med aktivitetar som likna på det dei møtte på skulen.

Lærarane si erfaring er at norskspråklege kunnskapar hos minoritetsspråklege elevar heng nøye saman med barnehageerfaring. Hovudregelen er at jo lenger ungane har gått i barnehage, jo meir norsk kan dei. At elevane meistrar undervisningsspråket, påverkar både læringsklimaet og det sosiale miljøet i klassen. Basisnivået i norsk vert høgare. At alle eller nesten alle forstår kva læraren seier, skapar ein helt annan situasjon enn når store grupper elever ikkje gjer det. Det vert enklare å formidle informasjon og å gje beskjedar. Det gjer kommunikasjonen mellom elevane lettare og aukar sjansen for å skape gruppekjensle. For den einskilde elev inneber det større tryggleik i sosiale situasjonar, til dømes i klassen. Det vert lettare å formidle behova sine, og å delta i aktivitetar og fellesskap - alt saman viktige føresetnader for å utvikle identitet. Det er særleg jentene som reagerer med passivitet når dei ikkje meistrar språket, fortel lærarane. Hos gutane kjem det ofte til uttrykk som aggresjon.

Før var tendensen at fleirtalet av dei minoritetsspråklege fyrsteklassingane i bydel Gamle Oslo, ikkje kunne norsk. No er situasjonen omvendt, i alle fall var den det inntil for eit år sidan. Alle som har gått i barnehage kan i det minste litt norsk, medan ei stor gruppe kan mykje, rapporterar lærarane. Utviklinga i retning av meir norskkunnskapar hos skulestartarane har gått over tid, men den markerte endringa skjedde hausten 1999. Det var året etter at tilbodet om 4 timar gratis barnehage kom i gang.


DA GRATISORDNINGA
opphøyrde i fjor sommar, fekk fireåringane frå forsøksbarnehagen (som da var fem), tilbod om å halde fram med korttidstilbodet i eit av dei same lokala som før. Forskjellen var at no kosta plassen 650 kroner - for den lågaste inntektsgruppa. Bystyret har vedteke syskenmoderasjon, men for denne gruppa (under 150 000 i årsinntekt) gjeld det berre for dei som har tre barn i barnehage, ikkje dei med to.

Resultata av kartlegginga dette fyrste året etter at gratistilbodet opphørte, tyder på at dei fleste av fireåringane som i fjor gjekk i forsøksbarnehagen, held fram i barnehagen dette siste året før skulestart. Men nokon har slutta. Årsakene er flytting, framskunda skulestart (jf. den nye ordninga), eller dårleg råd. Av «dei nye» fireåringane som før hadde ein gratis plass som sto og venta på dei, går i følgje opplysningar frå helsestasjonane, tre firedelar i barnehage. Men ikkje alle møtte til 4-års kontroll. Mykje tyder derfor på at talet er lågare.

Dei fleste av dei som går i barnehage (fire av fem) har heildagsplass. For dei med etnisk norsk bakgrunn, gjeld det alle. Dei som ikkje sender fireåringen sin i barnehage, grunngir det enten med at dei ikkje ønskjer plass, at dei ventar på tilbod, eller at dei ikkje har råd. Den siste gruppa er den største, og utgjer om lag ein tidel av alle.

SÅ LANGT ser det altså ut til at bruken av barnehage held seg høg, også om plassen kostar pengar. Gratistilbodet tok bort dei økonomiske hindringane for å sende barna i barnehage, og har truleg gjort bruken av denne institusjonen alminneleg og akseptert i grupper som til no har hatt lite erfaring med den. Det vi ikkje veit er om dette er ei mellombels utvikling, eller representerer ei varig endring.

Sjølv om det er eit mindretal som lar vere å sende barna i barnehage fordi dei ikkje har råd, er det all grunn til å uroe seg for denne gruppa. Det er ofte dei som treng tilbodet mest. Samlege har innvandrarbakgrunn. Det er også viktig å vere klar over at mange av familiane som i dag brukar barnehage, slit med dårleg råd. Ei utgift på 650 kroner til barnehageplassen kan lett ende opp som salderingspost i eit trongt hushaldsbudsjett. Bruken av korttidstilbodet som overtok for forsøksbarnehagen er prega av langt meir ustabilitet og utskifting enn før.

Det er likevel ikkje gitt at eit gratistilbod alltid, og under alle tilhøve er det beste. Det kan til dømes tenkjast at bruken av ei teneste aukar når ein må betale for ho, samanlikna med om tenesta er gratis. Men om politikarane ønskjer at familiar med innvandrarbakgrunn skal bruke barnehage, er det viktig at prisen på tilbodet er særdeles låg.

Sitatet:

«Om politikarane ønskjer at familiar

med innvandrarbakgrunn skal bruke

barnehage, er det viktig at

prisen på tilbodet er særdeles låg.»