FELLES ØNSKE: «Den fattige familien som flyktar frå krig i Somalia, og den indiske ingeniøren som søkjer ein spanande og godt betalt jobb for Telenor, har nemleg noko til felles: Ønsket om ei betre framtid for seg og sine», skriver Rotevatn. Bildet er fra 2007 og viser afghanske flyktninger som demonstrerer utenfor Stortinget for å slippe å bli sendt tilbake til Afghanistan. Foto: Sveinung Uddu Ystad
FELLES ØNSKE: «Den fattige familien som flyktar frå krig i Somalia, og den indiske ingeniøren som søkjer ein spanande og godt betalt jobb for Telenor, har nemleg noko til felles: Ønsket om ei betre framtid for seg og sine», skriver Rotevatn. Bildet er fra 2007 og viser afghanske flyktninger som demonstrerer utenfor Stortinget for å slippe å bli sendt tilbake til Afghanistan. Foto: Sveinung Uddu YstadVis mer

Eit forsvar for lukkejegaren

Draumen om eit betre liv er et djupt menneskeleg instinkt, som vi alle ber på.

Debattinnlegg

I filosofien nyttar ein ofte det kjende tankeeksperimentet, The Veil of Ignorance, av John Rawls for å avgjere moraliteten i ulike spørsmål. Ein ser for seg at ein ikkje veit noko som helst om eigen livssituasjon, og spør seg så kva politikk ein ville ønskje seg på ulike område.

Lat oss no nytte dette tankeeksperimentet og dra igjen sløret av fåkunne i spørsmålet om innvandring. Vi veit altså ikkje kva land vi er fødde i, eller kva livssituasjon vi er i. Så stiller vi oss spørsmålet: Korleis bør innvandringspolitikken vere? Eg veit i alle fall kva min konklusjon bak sløret vil bli: Ein innvandringspolitikk der det i størst mogleg grad er mogleg å søkje lukka der ein vil.

Like fullt er ordet «lukkejegar» i dag å rekne som eit skjellsord i den offentlege debatten. Det er visst eit eller anna suspekt med menneske som reiser frå vener og familie for skape seg eit betre liv ein annan stad. Dei er visst noko vi må verne oss mot.

Det er til ei kvar tid mykje debatt i Noreg om tiggarar, asylantar, papirlause og andre som i rein desperasjon kjem til Noreg for å betre ein svært vanskeleg livssituasjon. Mange har med harmdirrande røyst teke desse gruppene i forsvar, og argumentert med at eit av dei rikaste landa i verda har ei etisk plikt til å vere solidarisk og raus med dei som treng hjelp.

Artikkelen fortsetter under annonsen

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Det er eit syn eg deler fullt ut. Det som likevel slår meg, er at mange av dei som til dømes tek romfolket sterkast i forsvar, samstundes er motstandarar av dei sivilisatoriske framstega som faktisk har gjort at fattige austeuropearar kan kome til Noreg. Dette gjeld normalt krefter på venstresida i norsk politikk, slik som SV og Raudt. Dei vil med den eine handa la romfolket bli i Noreg, og med den andre seie opp Schengen-avtalen og jobbe mot EUs prinsipp om fri flyt av menneske innanfor unionen. Ein slik politikk gir inga meining, og er i alle fall ikkje solidarisk.

Den fattige familien som flyktar frå krig i Somalia, og den indiske ingeniøren som søkjer ein spanande og godt betalt jobb for Telenor, har nemleg noko til felles: Ønsket om ei betre framtid for seg og sine. Dette er ei djupt menneskeleg instinkt, som vi alle ber på: Draumen om eit betre liv.

Denne jakta på eit betre liv er også noko som alle partar tener på, og som fører til betre ressursutnytting. Verdsbanken har rekna seg fram til at dersom rike land tillét arbeidsstyrken sin å auke med 3 prosent gjennom auka migrasjon, ville verdsøkonomien auke med 356 milliardar dollar i året. Av dette ville to tredelar gå til innbyggjarane i fattige land og arbeidarane sjølve, medan resten kjem dei rike landa til gode. Også Noreg nyt godt av arbeidsinnvandring.

Innvandring er også blant dei mest effektive formene for bistand vi kjenner til. Ifølgje den same Verdsbanken sender berre afrikanske utvandrarar heim minst 240 milliardar kroner i året. Friare migrasjon er som hovudregel er noko alle partar tener på. I tillegg fører det sjølvsagt til større fridom for den enkelte. Etter mitt syn bør det vere eit viktig mål i seg sjølv.

Teksten er eit utdrag frå debattboka «Liberalisme på norsk» av Sveinung Rotevatn, som blir lansert på Civitas frukostmøte i dag.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook