FEILVURDERING: «Eg ville slakta ungdomsskulelæraren min då eg gjekk der, men har ofte tenkt tilbake på kor mykje eg lærte av ho i ettertid», skriv kronikkforfattaren. Foto: Alain Jocard / AFP / NTB Scanpix
FEILVURDERING: «Eg ville slakta ungdomsskulelæraren min då eg gjekk der, men har ofte tenkt tilbake på kor mykje eg lærte av ho i ettertid», skriv kronikkforfattaren. Foto: Alain Jocard / AFP / NTB ScanpixVis mer

Eit hån mot lærarane

At Ap diltar etter Frp, og fremjar støtte for elevevaluering av lærarane er nok eit hån mot ein profesjonsgruppe som systematisk har fått mindre råderett det siste tiåret.

Lat meg byrje med å seie at eg tykkjer lærarane sitt stillingsvern er for sterkt. Eg har arbeidd mange nok år i skulen til å vite at ein treng betre mekanismar for å fange opp svake lærarar, anten dette gjeld klasseromskontroll, fagleg- eller sosial kompetanse. Det må verte lettare å kvitte seg med uskikka lærarar, nett som med lækjarar. Lat meg og påpeike at eg ikkje er mot evaluering i seg sjølv.

Eg har faktisk fleire gongar tatt initiativ til å la elevane mine evaluere meg, og har stor tru på verdien av tilbakemelding. Responsen kan gje gode peikepinnar på kven som treng ekstra merksemd, eller om nokon til dømes fell utanfor ved bruk av visse undervisningsmetodar. Dette fungerar fordi eg kjenner elevmassen, kan ta høgde for faktorar som skuletrøttleik, heimeforhold eller relasjonen min til eleven, og dermed utnytte informasjonen konstruktivt.

Det er eit langt steg frå dette til den typen elevevaluering som no er fremja. Læraryrket er ein profesjon som krevjar minst fire års utdanning med sikte på å gje pedagogisk og didaktisk kompetanse, fordi undersøkingar viser at ingen element innanfor skulen sine veggar er så viktig for borna sin lærdom som læraren sjølv. At born og ungdom skal ha føresetnader for å kunne evaluere denne kompetansen verkar for meg som bortimot absurd. Mykje av arbeidet ein lærar legg ned i ei elevgruppe kjem først fram fleire år etter. Elevane vil alltid vurdere subjektivt, og vere påverka av relasjonen til kvar enkelt lærer og faget læraren underviser i.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg kan sjølv seie at eg ville slakta ungdomsskulelæraren min då eg gjekk der, men har ofte tenkt tilbake på kor mykje eg lærte av ho i ettertid. Grunnen til dette er at lærarar har fått oppgåva med å førebu borna på ei lang framtid, ikkje berre lære dei det dei treng nett no.

Eg kunne ikkje sjå poenget med den endelause norskgrammatikken, men eit blikk på ei kvar avis sitt kommentarfelt gjer at eg prisar meg lukkeleg for at eg måtte gjennom det, og for at læraren var god nok til å lære det vekk. Eg hadde og ein elendig økonomilærar ein gong. Eg elska timane, eg spelte data og surfa nettet. Læraren var triveleg og let meg halde på, eg hadde gitt han ein soleklar seksar. No kan eg ikkje ein gong addere i Excel. Har elevane føresetnadar for å evaluere lærarar med dette langtidsperspektivet tatt i betraktning?

Det er fleire spørsmål rundt elevane sine føresetnader for å evaluere. Korleis skal ein elev kunne skilje mellom kva som er individuelt for læraren, og kva som er følgjer av læreplanar, årsplanar, skulemiljø og dei utallige andre element som påverkar undervisninga? Lærarane har gjennom Kunnskapsløftet fått langt mindre råderett over desse faktorane. Kva kriteria blir det lagt opp til at elevar legg til grunn i ei slik vurdering og korleis er informasjonen vi får ut av evalueringa tenkt handsama og konsekvensane implementerte?

Følg oss på Twitter

Oslo Kommune brukar til dømes dei nasjonale prøvene aktivt til å gradere skulane i kommunen, sjølv om Kunnskapsdepartementet eksplisitt har fastslått at resultatet frå prøvene ikkje gjev grunnlag for denne bruken.

Om læraren er det viktigaste elementet for elevar si læring verkar det openbart at vi må satse på lærarane, ikkje undergrave dei med mistillit. At statusen, kompetansen og autoriteten til lærarane kontinuerlig svekkast gjennom media, politikarar og følgjeleg foreldre er det største trugsmålet for norsk skule. Borna tek med seg desse haldningane inn i klasserommet, og alle skjønar at det ikkje fører til noko positivt.

Finnest det nokon anna profesjon som ville finne seg i dette? Neppe. Det burde heller ikkje lærarane. Både Ap og Frp burde ta eit steg attende og sjå at dei handsamar eit av dei viktigaste profesjonane for landet si framtid med noko som knapt kan kallast anna enn yrkesforakt.

Hans Eirik Systad Tyssen. Lærar og masterstudent.
Hans Eirik Systad Tyssen. Lærar og masterstudent. Vis mer