Eit hav av dikt

I «Atlanterens klokker» vert poesien sitt mest intime problem avdekka; det er kort avstand mellom det sublime og det inkjeseiande.

Terje Johanssen på sitt beste, er ein poet av stort format. Og denne boka vil stå sterkare fram når ho seinare vert redigert i ei ny utgjeving av hans utvalde dikt. For når lyset av og til vert borte bak bokstavane sitt mørker, og orda bare vert ord, då fell me ut av den bølgjande pulsen som elles går gjennom denne boka, den som «er og var og er og var».

Myndig røyst

Dei gode dikta, og dei er det mange av, inneheld ei sterk og myndig røyst, som med si originale språkføring, si vare observasjonsevne og sin openheit for såre og skiftande erfaringar kan få oss til å tenkje på Den store Songen frå Chile, med si omfamning av landskap, soge, folkeliv, mytologi og filosofi.

Johanssen er produktiv, og etter den glitrande «Uttexti» som kom i 1997, har han alt gitt ut tre diktsamlingar, der to har krigen som tema. Om dette heiter det nå: «Jeg visste ingenting om krig / og trodde den var magma og metall / Nå tror jeg den er / et smeltet barn».

Poeten har i denne boka også funne ein metode til å stille ord direkte etter kvarandreutan linjeskift eller teikn, for å oppnå sprang og vidareføring.

Grovt salt en håndfull

over TV-skjermen Krigen

varer ikke lenge her hos oss

men vi støtter den snart

kommer solen og varmer oss litt

Omfangsrik

Men nå er det vatn og hav det dreier seg om, i alle bølgjande variasjonar av temaet: Frå «Jeg kom hit i min mors mage / svømmende i tilfeldighetenes strøm» til «jeg setter ut båten i det grå morgenlyset», i eit dikt der det på poetens aforistisk treffande vis også heiter: «Ingen utsettelse nytter jeg bestemmer meg / for å leve». Stort og smått vert kvervla saman i denne omfangsrike diktsamlinga, «sneglehuset med plass for atlanterens klokker» og «Guds kompliserte system av kontroller ogrevehi».

Johanssen held fram med å skapa sterke, vakre dikt, sjølv om denne samlinga har mange likegyldige diktlinjer, og pompøse overtonar i tillegg, så er det sjølvsagt dei kraftfulle dikta, som «Begynnelser III», og alle linjene lada med menneskeleg ettertanke og innsikt, som vert ståande. Og i desse skaper Johanssen eit hav «av en dansende hofte.»