Bård Vegar Solhjell, her med Sp-leiar Trygve Salgsvold Vedum, svarer Geir Pollestad (Sp) punkt for punkt på hans utfordringer til miljøorganisasjonene. Han har også ei utfordring til Senterpartiet: Før hadde dei høgare ambisjonar enn andre. Dei siste åra har Sp gått i motsett retning. Om Sp blir partiet med dei beste klimaløysingane for distrikts-Noreg, lovar eg entusiastisk å heie på dykk, framsteg for framsteg, sier han. Foto: NTB Scanpix
Bård Vegar Solhjell, her med Sp-leiar Trygve Salgsvold Vedum, svarer Geir Pollestad (Sp) punkt for punkt på hans utfordringer til miljøorganisasjonene. Han har også ei utfordring til Senterpartiet: Før hadde dei høgare ambisjonar enn andre. Dei siste åra har Sp gått i motsett retning. Om Sp blir partiet med dei beste klimaløysingane for distrikts-Noreg, lovar eg entusiastisk å heie på dykk, framsteg for framsteg, sier han. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Miljø og humør

Eit humørlaust og gravalvorleg tilsvar

Miljøengasjerte må vere løysingsorienterte, rose framsteg og ikkje minst snakke lett forståeleg. Vi i WWF forsøker å gjere dette heile tida, og synest i grunn vi klarer det ganske godt.

Meninger

Geir Pollestad, stortingsrepresentant frå Senterpartiet, kjem med ei viktig og naudsynt utfordring til miljøorganisasjonane, miljøpolitikarar og andre miljøengasjerte samfunnsdebattantar i Dagbladet den 18. februar.

Han kritiserer oss for å skremme folk, vere humørlause og negative. I stikkords form presenterer han så resepten på å gjere klimadebatten meir folkeleg. Sjølv om det er god grunn til å bli alvorleg over at vi berre har elleve år att, før utsleppa må vere halverte, er eg i grove trekk samd i det han foreslår. Faktisk forsøker eg, og WWF, å følgje denne oppskrifta kvar einaste dag. Sjå berre her:

Oppmuntre alle som vil bidra

Eg kunne ikkje vore meir samd. Alle sin innsats trengst, sjølv den minste innsats tel. Sjølv forsøker eg alltid å fokusere på at mange små skritt i riktig retning er viktigare enn at alle skal bli perfekte. Om folk i Oslo syklar litt meir og køyrer litt mindre, er det viktigare enn å forby bilen. Om alle et litt mindre kjøtt kvar dag, spelar det ei større rolle enn om nokre få blir veganar.

• Ros dei framstega som blir gjort

Som eg skulle ha sagt det sjølv. Enkeltmenneske, bedrifter og parti som gjer framsteg, må oppleve å få ros. La oss rose alle dei som flyr litt mindre, eller dei som monterer solcellepanel på taket. Og sjå på Hurtigruten, som har kutta all eingongsplast. Private selskap som Norgesgruppen, med ambisiøse bærekraftmål. Fylkeskommunar som investerer i klimavennleg transport. For ikkje å snakke om kor mykje vi bør skryte av, og støtte, ungdom både her heime og i utlandet. Det er dei som no står i front i klimakampen!

• La folk få være med å bestemme

Samd igjen! Vi arbeider med løysingar som gjer at folk kan velje miljøvenleg. Men eg er ikkje samd i at såkalla klimaorganisasjonar er udemokratiske. Klima- og miljøarbeidet treng eit mangfald av organisasjonar og bedrifter. WWF Verdens naturfond er ein stiftelse – som Kirkens Bymisjon, CARE og tusenvis av andre. Det er ei vanleg organisasjonsform. WWF har 20.000 gjevarar og 250.000 følgjarar i sosiale media. Alle trengs i klimakampen, både bedrifter, stiftelser og politiske parti.

• Snakk så vanlige folk forstår

Dette har eg og WWF verkeleg prøvd å gjere i mange år, og eg trur i grunn vi er ganske flinke. Vi forsøker å snakke om natur heller enn biomangfald, og vi skal ikkje slenge om oss med kvoteprat utan at vi forklarar kva det handlar om. Mi erfaring er at mange forstår både alvoret i klimaendringane og løysingane som trengst – sjølv om det ikkje alltid verkar som om alle politikarar gjer det.

• Lev som dykk snakkar

Godt poeng, som vel burde gjelde for alle, ikkje berre dei klimaengasjerte. WWF er sertifisert som Miljøfyrtårn, og vi fører grundig budsjett for dei utsleppa vi står for når vi reiser. WWF sine arrangement er kjøttfrie, og vi nyttar PC-en til møter kor vi ikkje treng vere fysisk til stades. Men eg flyr til viktige møter, og tek bilen når eg skal køyre barn til trening. Eg er heller ikkje vegetarianar. Difor ber eg ikkje andre om det heller. Det du ikkje kan gjere sjølv, bør du heller ikkje be andre om. Men alle kan vi klare å gjere noko.

Det er lov å le sjølv om saken er alvorlig

Ja. Ganske enkelt.

Til sist: Kan hende er det lov å sende ei utfordring tilbake? Alle norske parti er blitt meir miljøvennlege det siste tiåret. Sjølv Frp har no erkjent at klimaproblemet finst.

Unntaket er Sp, som fleire enn meg er bekymra for. Før hadde dei høgare ambisjonar enn andre parti, ville at fornybar energi skulle erstatte olja, og dei var for miljøvennlege avgifter. Dei siste åra har Sp gått i motsett retning. Partiet har humøret og optimismen, men manglar nok litt på politikken, er eg redd.

Om Sp blir partiet med dei beste klimaløysingane for distrikts-Noreg, lovar eg entusiastisk å heie på dykk, framsteg for framsteg. Og eg skal le av glede medan eg gjer det!

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.