Eit inkluderande arbeidsliv

Arbeidsløysa blant innvandrarane er tre gonger høgare enn for befolkninga elles. Difor startar regjeringa i dag opp forsøk med kvotering av innvandrarar til jobbar i staten.

I all debatt om kvotering dukkar ordet «stakkarsleggjering» opp. Mazyar Keshvari (Frp) meiner forsøksordninga med moderat kvotering av innvandrarar er nettopp stakkarsleggjering av innvandrarar. At Frp saman med Høgre ikkje er samd med regjeringa, er inga stor overrasking. Vi gjer likevel det vi meiner er riktig og toler debatt om det.

Situasjonen på arbeidsmarknaden er betre enn nokon gong. Arbeidsløysa er svært låg. Somme bransjar er sjølvsagt meir «i vinden» enn andre, men situasjonen er betra for yrkesaktive innanfor dei fleste bransjar. Det er kanskje lett for somme å tenkje at den som ikkje klarer å få jobb no, er det noko gale med.

Situasjonen er dessverre ikkje like god for alle. Arbeidsløysa for personar med innvandrarbakgrunn er framleis høgare enn for andre. Til dømes gjekk den registrerte arbeidsløysa blant innvandrarar ned frå 7,7 prosent i 3. kvartal 2006 til 5,6 prosent i 3. kvartal 2007. I resten av arbeidsstyrken gjekk arbeidsløysa ned frå 2,3 prosent til 1,7 prosent. I tillegg til dette gapet, så slit også mange innvandrarar med å få ei stilling som svarer til deira utdanning, erfaring og kvalifikasjonar. Sjølv om situasjonen på arbeidsmarknaden har vorte noko betre for dei med innvandrarbakgrunn, er det ikkje nokon tendens til utjamning mellom innvandrarar og befolkninga sett under eitt. I dag må ikkje-vestlege innvandrarar kjempe hardare for å få dei jobbane dei vil ha.

Ein delt arbeidsmarknad der personar med innvandrarbakgrunn har dårlegare vilkår enn resten, kan ikkje aksepterast. Det kan vere strukturar i organisasjonen og tilvande haldningar hos arbeidsgivarar som vert til barrierar som det ikkje alltid er like lett å få auge på. Dette er effektive hinder for i første omgang å komme inn på arbeidsmarknaden og sidan komme vidare i karrieren. Slike hinder må fjernast. Difor handlar kvotering om å gi like moglegheiter.

Arbeid har stor innverknad på den einskilde sine levekår og økonomiske situasjon. Å gi alle eit arbeid er difor det viktigaste vi kan gjere for å redusere sosiale forskjellar. Difor er det bakvendt å seie at kvotering skaper konflikt og rasisme. Vi treng eit inkluderande arbeidsliv, der alle som kan jobbe, har ein jobb. Dei som blir ståande utanfor kan lett føle at det norske samfunnet ikkje har bruk for dei. I Noreg har vi bruk for alle. Skal vi lukkast med integrering er det særs viktig at alle får moglegheiter til ein jobb.

Både offentleg og privat sektor slit med å få tak i folk med den rette kompetansen. Noreg må også konkurrere internasjonalt om arbeidskraft. Om vi ikkje klarar å bruke dei ressursane vi har, risikerer vi å miste dyktige folk til utlandet. Det er viktig å hugse på at personar med innvandrarbakgrunn kan bidra med nye tenkjemåtar, kunnskapar i andre språk og kulturelle kodeksar og andre erfaringar, og dei kan ha andre nettverk. Alt dette kan igjen medverke til at arbeidsplassen yter betre og/eller gir betre service og tenester til ei mangfaldig befolkning. Det norske samfunnet har ikkje råd til at nokon vert ståande utanfor.

Nokon ser raudt av ordet kvotering. Slik har det alltid vore.

For å oppnå likestilling mellom kjønna i arbeidslivet har vi lang og god erfaring med bruk av kvotering. No tek staten ansvar for å rette opp ein skeivskap i arbeidsmarknaden mellom innvandrarar og andre grupper. Forsøksprosjektet med moderat kvotering er det første i sitt slag, og er eit nytt verkemiddel for å nå målet om å sikre alle ein jobb.

ARBEID: I dag må ikkje-vestlege innvandrarar kjempe hardare for å få dei jobbana dei vil ha, skriv Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Foto: John Terje Pedersen
ARBEID: I dag må ikkje-vestlege innvandrarar kjempe hardare for å få dei jobbana dei vil ha, skriv Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Foto: John Terje Pedersen Vis mer
Eit inkluderande arbeidsliv